Terje Haugseng ønskjer ikkje å kommentera saka ytterlegare overfor Jærbladet. Men han stadfestar at han vil starta pub på Nærbø.

Namnet på nykomlingen er H-Pubben AS, syner brevet der Hå kommune informerer Haugseng om at den nye puben har fått innvilga serveringsløyve.

Styreformann og dagleg leiar for den planlagde puben er Terje Haugseng.

– Kundegruppa er yngre menneske rundt 23 år, og det vil bli søkt om uteservering på eit seinare tidspunkt, om behov, opplyser Terje Haugseng i søknaden til Hå kommune.

Planen er at H-Pubben skal halda ope kvar dag, frå 08.00 til 01.30, og at puben skal vera ein treffstad.