Éi av dei tre fløyene er nå teikna i to etasjar, eit grep som skal gje betre utnytting av tilgjengelege tomteareal på Kvernaland.
Den endra planløysinga er éi av forklaringane på at utvidinga er blitt nesten 19 millionar kroner dyrare enn i økonomiplanen som vart vedtatt for knappe tre månader sidan.
Ei anna forklaring er at prisestimatet i økonomiplanen var basert på arkitektkonkurransen for Kvernaland omsorgssenter frå 2011. Gruppa som har jobba med utvidinga, har gjort fleire endringar som aukar bruttoarealet i prosjektet med 419 kvadratmeter.
Dei ekstra kvadratmetrane vart ikkje tatt inn i grunnlaget for økonomiplanen, som derfor fekk ei for låg kostnadsramme.
– Eg og mine tar læring og skal ta det med vidare i andre saker, sa kommunedirektør Trygve Apeland i formannskapet på onsdag.
Den nye bruttoprisen er 157 millionar kroner. Nettoutgifta med fråtrekk for meirverdiavgift og tilskot frå Husbanken, blir 109 millionar.
Kommunedirektøren sa at kritikken frå politikarane, mellom anna frå Karen Hognestad Liland (Ap), var rettkomen.
– Det er ikkje greitt å koma så tett på ein vedtatt økonomiplan med denne endringa.
Teikna ferdig
Fleirtalspartia i Time har i fleire år tenkt høgt om moglegheita til å invitera entreprenørane som vil bygga for kommunen, til å føreslå kreative løysingar til korleis kommunen kan få mest ut av pengane.
I formannskapet beklaga Anders Undheim (KrF) at prosjektet med å utvida Kvernaland omsorgssenter er kome så langt at det ikkje gjev meining å etterlysa innspel.
Det har vore engasjert arkitekt og rådgjevarar innafor brann, varme, ventilasjon, sanitær, elektro og automasjon. Vedlegg 5 til 7 i saka, er detaljerte planar for golvbehandling, himlingar og vegger.
– Eg synest det er litt dumt, fordi eg trur at det finst entreprenørar som sit med gode løysingar som ikkje for koma med dei, fordi dei er bundne av teikningar som viser korleis bygget skal sjå ut, både innvendig og utvendig, sa Undheim.
I førre kommunestyremøte vedtok Time eit nytt reglement for bygge- og anleggsprosjekt, der formannskapet får ansvaret for å bestemma konkurranseforma i større prosjekt (over 57,8 mill. eks. mva.).
Alt i éin jafs
Utan diskusjon røysta formannskapet for å bygga 27 ombustader i éin omgang. Saka skal endeleg vedtakast av kommunestyret.
Eitt andre alternativ var å gjera ferdig bygget på to etasjar og berre å bygga klimaaskalet på bygget med éin etasje.
Eit tredje alternativ var å redusera utbygginga med 220 kvadratmeter, og gå ned frå 27 til 24 bustader.
Kommunedirektøren vurderer at det totalt sett vil gje ein høgare kostnad å velja eit av dei andre alternativa
I eit vedlegg greier han ut om utfordringane med mellombelse løysingar og ein låg dekningsgrad:
«For lite institusjonsplassar og omsorgsbustadar vil kunne gje høgare driftskostnadar i Helse og velferd på mellom 5 og 10 mill. årleg. Det er mangel på institusjonsplassar og omsorgsbustadar med døgnbemanning, som har vore utfordrande dei to siste åra i Helse og velferd. Det gjer vanskar med å gje innbyggarar rett teneste til rett tid, og krev midlertidige løysingar som er kostnadskrevjande.»
Tilsette må skrapa
Alternativet politikarane gjekk for, inneheld opsjonar som kan redusera investeringskostnaden med 3,8 millionar kroner:
Ved å kutta ei stove i gangen, i to av fløyene, blir det færre moglegheiter for tilbod i mindre grupper. Stovene er meint å kunna brukast når bebuarane har besøk av fleire. Omsorgsbustadene er ikkje store – berre eitt sengerom med bad.
Ved å kutta eit tilbygg til garderobar blir det mindre plass til dei tilsette og til å handsama reine og skitne klede.
Ein tredje opsjon er ikkje å bygga carport. I dag må tilsette bruka tid på å skrapa bilen og melder om problem med å lada om vinteren.
Utomhusarbeida på prosjektet er prisa til sju millionar kroner. Anders Undheim spurte om det gjekk an å venta med sansehagen, og heller legga plen i første omgang, men sette ikkje fram forslag om det.
Aukande behov
Ifølge Bustadplan 2024–2040 skal Time kommune ha institusjonsplassar og omsorgsbustadar med heildøgns bemanning til 18 prosent av innbyggarane over 80 år.
Der ligg Time kommune i dag, men det blir krevjande år fram til utvidingaav Kvernaland omsorgssenter står ferdig, fortalde kommunalsjef helse og velferd.
Scott viste til at dekningsgraden i Stavanger kommune har ein langt høgare dekningsgrad, mellom 23 og 24 prosent.
– Me ser at med 18 prosent, så har me ei utfordring med å få til tilpassa bustader og driva på ein effektiv måte.
Allereie år etter at utvidinga av Kvernaland omsorgssenter er planlagt opna, vil dekningsgraden igjen vera utfordra.
Berre starten
Vidare refererte kommunalsjefen frå ei nasjonal kartlegging frå 2022, om forholdet mellom institusjonsplassar og personar over 80 år.
I kartlegginga var dekningsgraden på institusjon 16,3 prosent. I Time kommune i 2025 er det same talet nede på 12,9 prosent
Talet er fallande fram til kommunen får fleire sjukeheimsplassar.
– Det er særs viktig å få omsorgsbustader på plass, slik at det kan vera ei alternativ buform, sa Scott til formannskapet.
I 2025 blir ei ombygging av Sivdamheimen ferdig. Der skal totalt 16 millionar kroner brukast på å bygga fire ekstra rom, etter at fysio- og ergoterapi er flytta til Timehallen.
Mykje har vore sagt om behovet for ny symjehall i Time, med ei prosjektramme på 315 millionar, men bak lurer eit minst like stort løft:
- Ny sjukeheim, med ei førebels kostnadsramme på 402 millionar kroner.
I økonomiplanen seier kommunedirektøren at sjukeheimen må planleggast for å stå ferdig i 2029.