Odd Magne Amdahl
Odd Magne Amdahl, organisasjonssjef i Time kommune, er litt usikker på om rettssaka mellom kommunen og ein tilsettt har verka positivt inn på arbeidsmiljøet. – Dette handlar ikkje om ei konflikt, men for kommunen var det viktig å få ei juridisk avklaring, seier Amdahl. Foto: Brit Romsbotn

Kvinna får utbetalt 10.000 kroner som eit velferdstap, og sakskostnadane sine på nærare 90.000 kroner dekka av arbeidsgjevaren, Time kommune. Den klare dommen i Sør-Rogaland tingrett til trass, Time kommune vurderer anke, opplyser organisasjonssjef Odd Magne Amdahl.

– Ingen konflikt med den tilsette

– Dommen blir no vurdert av KS (kommunesektorens organisasjon). Time kommune kjem til å retta seg etter anbefalinga frå KS. Samstundes understrekar eg at det absolutt ikkje finst nokon konflikt mellom den tilsette og kommunen. Dette handlar om at me ville ha avklart eit punkt i ferielova som me ikkje var heilt sikre på, seier Odd Magne Amdahl til Jærbladet.

Den konkrete saka handlar om ei kvinne som arbeider 80 prosent stilling i turnus i kommunen. I august i fjor bad ho om å få nytta den ekstra ferieveka samanhengande i jula, frå 23. til 28. desember. Svaret var nei. Leiaren hennar synte til at ho var sett opp vakt 2. juledag, og at Time kommune ikkje hadde moglegheit til å innfri ønskje hennar om fri denne dagen.

Den tilsette fekk i staden tilbod om å ta ut ferien den 23. og 24. desember og den 27. og 28. desember. Den 26. desember sa kommunen at ho skulle koma på jobb, slik turnusen hennar tilsa.

Time kommune har cirka 2000 tilsette, der kring 400 arbeider i turnus. Organisasjonssjefen kjenner ikkje til at konflikt rundt raude dagar har vore ei problemstilling for andre som arbeider turnus i Time kommune.

– Ein for laget

Amdahl seier at han trur mange kommunar i området har praktisert ferielova på same måte som Time kommune la opp til i den konkrete saka.

– Den tilsette stod på sitt, og me stod på vårt. Så du kan gjerne seia at me «tok ein for laget», seier organisasjonssjefen.

Allereie året før var den same problemstillinga aktuell. Kvinna kontakta då fagforeininga si, som spurde Arbeidstilsynet til råds.

I Arbeidstilsynets skriftlege utsegn, som blei delt med Time kommune, heitte det: «Varsler arbeidstaker uttak av ekstraferien samlet, hvor røde dager man etter planen skulle jobbet, inngår i perioden gis også disse dagene fri, men telles likevel ikke som feriedager og ferien blir tilsvarende forlenget».

– Kva var grunnen til at Time kommune ikkje høyrde på Arbeidstilsynet, som alt i 2023 hadde svar klar på at den tilsette hadde full rett til å ta ut ferien sin på raude dagar, sjølv om ho var oppsett i turnus?

– KS som er vår arbeidsgjevarforeining, støtta oss. Då saka blei sett på spissen valde me å få ei avklaring i rettssystemet. Arbeidstilsynet er ingen domstol, og me har fått testa ut noko me var usikre på, svarer Amdahl.

– Meir utrygt for dei under 60

– Time kommune har som motto «Trygg og framtidsretta». Kor trygt trur du det opplevast for ein tilsette å møta arbeidsgjevaren i retten?

– Eg har sagt tydeleg ifrå til henne om at dette blei gjort for å få ei avklaring. Me ber absolutt ikkje nag til henne.

– Har saka bidrege til eit tryggare arbeidsmiljø i Time kommune?

– Det kan eg ikkje svare på. Men dommen, dersom han blir ståande, kan bidra til å skapa eit meir utrygt arbeidsmiljø for dei under 60 år som går i turnus. Dette sidan dei over 60 år kan krevja fri på raude dagar, sjølv om dei er oppført turnus. Time kommune vil at alle skal ha det bra på jobb, og me har også ei ordning der folk i turnus kan spara opp raude dagar. Dei kan arbeida mange dagar i jula, og få fri i påsken, seier Amdahl.

– Er dette ei sak som verkar positivt inn på arbeidsmiljøet?

– Det er eg litt usikker på. Men det er tilsette i kommunen som trur at dette handlar om ei konflikt mellom Time kommune og kvinna som saksøkte oss. Det handlar ikkje om ei konflikt, men for kommunen var det viktig å få ei juridisk avklaring. Me vil vita sikkert korleis ting skal gjerast i framtida, svarer Amdahl.

– Av og til må ting testast ut

– Blir det enklare for Time kommune å rekruttera sjukepleiarar etter denne rettssaka?

– Eg trur ikkje at ho får så stor påverknad. Me prøver heile tida at alle tilsette får så god ferieavvikling som mogleg. Frå kommunen si side er det absolutt ingen sure miner. Me har eit rettssystem, og av og til må ting testast ut, påpeiker organisasjonssjefen.

– Kva gjer Time kommune dersom andre over 60 år som er pålagt å arbeida raude dagar i den sjette ferieveka si, kjem og krev 10.000 kroner i erstatning for velferdstap, slik dommen i denne saka inneber?

– Det veit eg ikkje. Men etter det eg kjenner til, finst det ikkje andre saker av same type i kommunen, svarer Amdahl.

– Time kommune har trong økonomi og har sett i verk omfattande tiltaka for å redusera utgiftene. Er det i denne situasjonen rett å bruka ressursar på rettssak mot ein tilsett?

– Det beste hadde vore om rettssaka var unngått. Men av og til må ting avgjerast i rettsvesenet. Det var fornuftig å få ei avklaring sidan det var så usikkert. Eg har arbeidd i Time kommune i 19 år, og det er første gong at partane har hatt så ulikt syn i same sak, svarer Odd Magne Amdahl.

Fire vekers ankefrist

Sør-Rogaland tingrett slo fast at kvinna har rett på erstatning. Ho har ikkje hatt noko økonomisk tap, men fekk eit velferdstap sidan ho måtte avbryta juleferien og gå på arbeidden 26. desember.

Advokat Sindre Meling, prosessfullmektig for kommunen, veit ikkje kor lang tid det vil ta før Time kommune får eit råd frå KS om å anka dommen eller ikkje.

Dommen blei avsagt 20. februar. Frist for å anka dommen er fire veker.