timeglas: Ordfører Andreas Vollsund overrakte Timeglaset til Jærkokken, Heine Grov. Foto: Trude Håland
Ordfører Andreas Vollsund overrakte Timeglaset til Jærkokken, Heine Grov. Kommunedirektøren vil at utdelinga skal skje sjeldnare. Foto: Trude Håland

Heidersprisen er blitt delt ut til Pøbel, Erling Braut Haaland, Tuva Hansen og andre som har sett Time og Jæren på kartet nasjonalt og internasjonalt, meir eller mindre kvart år sidan Kaizers Orchestra vart første mottakar i 2011.

Utval for levekår har føreslått å lempa på vilkåret om kven som kan få prisen, ved at det ikkje lenger skal vera eit vilkår at prestasjonen blir lagt merke til i utlandet.

Men det skal ikkje nødvendigvis bli «lettare» å få prisen – kommunedirektøren føreslår nemleg at han berre skal delast ut ved spesielle høve, og ikkje med ein fast frekvens.

Ifølge forslaget skal det vera opp til formannskapet å avgjera om heidersprisen skal delast ut. Vinnaren, som i fjor var Knut Nesse i Akva Group, får eit dekorativt diplom og eit kunstverk laga av ein lokal kunstnar.

Kulturprisen Timeglaset, som har vore delt ut årleg sidan 1985, er føreslått delt ut kvart andre år.

– Det må vera eit mål at prisane skal henga høgt, ha stor verdi for mottakarane og at ein skal kunna vurdera fleire aktuelle kandidatar opp i mot kvarandre. For å oppnå dette er det kommunedirektøren si vurdering at prisane bør ha noko sjeldnare utdelingshyppigheit, heiter det i saksframlegget.

Vil bygga ned byggeskikkprisen

Eit forslag om å redusera den årlege frekvensen for tildeling av byggeskikkprisen vart røysta ned i 2021. Løysinga vart heller ikkje å dela ut pris i år der det ikkje var verdige kandidatar, slik vurderinga var i 2019 og 2025.

Kommunedirektøren føreslår nå at prisen berre skal delast ut kvart fjerde år, og at prispengane blir tatt vekk.

Ifølge dei gjeldande statuttane får vinnaren ein bronseplakett til å setta på anlegget og 20.000 kroner.

Ingen av dei andre prisvinnarane får prispengar.

– Kommunedirektøren si vurdering er at førmålet om å motivere til auka innsats og bevisstgjering for god byggeskikk i Time kommune, ikkje primært blir oppnådd med prispengane, men med merksemda og påskjønninga ein byggeskikkpris i seg sjølv gir.

Prisane er blitt delte ut på ein årleg kulturkveld i Storstova sidan midten av 1980-talet.
Prisane er blitt delte ut på ein årleg kulturkveld i Storstova sidan midten av 1980-talet. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Blir i Storstova

Kommunedirektøren har varsla i vinter at det er nødvendig å sjå på kostnadene til nyttårsmottakinga i Storstova, der prisane er blitt delte ut sidan midten av 1980-talet.

Arrangementet med ordføraren kunne vore halden i kommunestyresalen for ein rimelegare penge. Signalet det ville sendt – at kommunen ikkje nyttar sitt eige regionale kulturhus til eit slikt arrangement – hadde vore uheldig.

I staden vil kommunedirektøren gjera andre kostnadsregulerande tiltak for å få arrangementet innanfor budsjettet på 70.000 kroner.

Å avskaffa stipenda vil han ikkje føreslå. Desse er meint å stimulera til vidareutvikling innanfor idrett og kultur.

I Klepp og Hå stimulerer dei litt mindre – 20.000 heller enn 25.000 kroner – og forslaget er at Time skal gjera det same.

Forslaga skal innom utvala for levekår og lokal utvikling før kommunestyret gjer endeleg vedtak.