Mandag klokka 15:45 kom det inn melding til politiet frå ei adresse på Lye. Der hadde det vore innbrot i ei bu, og ein trådlaus høgtalar verdt 12.000 kroner hadde forsvunne. Innbrotet hadde blitt fanga opp av eit overvåkingskamera.
Politiførstebetjent Morten Slettebø ved Jæren politistasjon fortel at personen på overvåkingsfilmen blei gjenkjent.
– Ein patrulje var ute og ransaka hos han, og tjuvegodset kom til rette, seier Slettebø.
Litt tidlegare på dagen, i 13-tida, hadde det forsvunne ein elektrisk sykkel frå kjøpesenteret M44 på Bryne. Politiet fekk melding om dette tysdag morgon. Også i dette tilfellet viste det seg å vera opptak frå overvåkingskamera med ein lett identifiserbar tjuv.
– Han erkjente å ha tatt sykkelen, seier Slettebø.
Sykkelen har likevel ikkje komme til rette.
– Han oppga å ha kasta han ein plass i nærleiken, men førebels er ikkje sykkelen funnen, seier Slettebø.
Tysdag formiddag kom det inn melding om at det hadde vore innbrot i eit hus under oppussing på Undheim.
– Eit vindu var knust, men då politiet var der, kunne ikkje eigarane sjå at noko var tatt, fortel Slettebø.
Eigarane har anmeldt saka.
Natt til onsdag spelte Norge sitt herrelandslag i fotball sin første VM-kamp på 28 år. Det enda med siger over Irak foran feststemte norske supporterar, ikkje berre i Boston, der kampen var, men òg på Bryne, der mange jærbuar hadde samla seg i sentrum for å sjå kampen på storskjerm.
For dei som på førehand uroa seg for at feiringa skulle utarta til bråk, har Slettebø beroligande ord.
– Det gjekk helste godt, seier han.
Det skal ha vore stilt i sentrum.
– Ein kunne ikkje ein gong høyra jubelrop, seier Slettebø.