Bilane vart «sette i brann» – men brannbilen kom aldri.
Bilane vart «sette i brann» – men brannbilen kom aldri. Foto: Snorre Standish Norheim

Måndag 1. september var det bom stopp for bilistane på fylkesveg 44 forbi Kleppe sentrum. Frå klokka 20 og nesten fram til midnatt var den 515 meter lange tunnelen under Kleppevarden stengt for øving.

Rogaland fylkeskommune hadde samla Rogaland brann og redning, politiet, helsetenesta og Vegtrafikksentralen for å trena på noko av det vanskelegaste naudetatane kan koma ut for: tunnelbrann.

Under ein prat før øvinga var tunnelforvaltaren i fylket, Anne Hjørnevik Svensson, bekymra for om trekken på Kleppe kunne gjera det vanskeleg å arrangera ei realistisk øving.

– Viss det blæs i rett retning, og me skal ha ei øving her med røyk, så kan det bli eit problem om røyken ikkje vil halda seg i tunnelen lenge nok. Også sidan tunnelen er såpass kort, forklarte ho.

Akkurat den bekymringa – som allereie røpt i overskrifta – slo ikkje til.

– Trafikken her er stor til å vera ein mindre tunnel. Sidan han er over 500 meter, tilfredsstiller han krava i tunneltryggleiksforskrifta som eg jobbar etter, fortel Anna Hjørnevik Svensson, tunnelforvaltar i Rogaland fylkeskommune.
– Trafikken her er stor til å vera ein mindre tunnel. Sidan han er over 500 meter, tilfredsstiller han krava i tunneltryggleiksforskrifta som eg jobbar etter, fortel Anna Hjørnevik Svensson, tunnelforvaltar i Rogaland fylkeskommune. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

17.000 bilar i døgnet

Det er særleg to ting som gjorde at den store øvinga vart lagt til Kleppetunnelen.

For det første er han éin av 25 fylkeskommunale tunnelar på over 500 meter i Rogaland, og som derfor må møta krava i tunnelsikkerhetsforskrift for fylkesveg som Hjørnevik Svensson jobbar etter.

Men ikkje minst er det talet på bilar, fortalde ho.

Ho viste til ei orientering Jarle Malmin frå Rogaland brann og redning heldt for ei gruppe observatørar frå Statens vegvesen, Nye Vegar, Sivilforsvaret og fleire fylkeskommunar, som deltok på eit tredagars grunnkurs i tunneltryggleik på i Sandnes.

I eit gjennomsnittsdøgn passerte 16.842 bilar i 2024, omtrent like mange i kvar retning, ifølge Trafikkdataportalen til Statens vegvesen.

– Når det er større trafikkmengder er det også større sannsyn for at det skjer noko. Det er òg derfor at me vel å øva her. Som brannmannen nettopp sa, har det ikkje vore brann i tunnelen her, men det har vore fleire trafikkuhell og påkøyrslar, sa Hjørnevik Svensson.

Jarle Malmin, som fungerte som kommentator for ei gruppe observatørar, fortalde at det ikkje har vore branntilløp i Kleppetunnelen tidlegare. Brannvesenet rykker stort sett ut til påkøyrslar bakfrå her.
Jarle Malmin, som fungerte som kommentator for ei gruppe observatørar, fortalde at det ikkje har vore branntilløp i Kleppetunnelen tidlegare. Brannvesenet rykker stort sett ut til påkøyrslar bakfrå her. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim
Oppmøte var på grusplassen ved inngangen til Kleppeloen. Medrekna observatørane frå grunnkurset var det rundt seksti personar til stades under øvinga.
Oppmøte var på grusplassen ved inngangen til Kleppeloen. Medrekna observatørane frå grunnkurset var det rundt seksti personar til stades under øvinga. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim
Med mindre ambulansen er i nærleiken, er det legevaktbilen på Kleppetunet som er nærmast. Der jobbar Inger Urstad, lege Rannveig Nærland, Grethe Bjøberg Stokland, Anne Gro Wiig Braut, Astrid Harbo og Leiv Arild Haugland. Bilen kan ha fleire oppdrag om dagen. Under måndagens øving gjekk bilen tom for straum.
Med mindre ambulansen er i nærleiken, er det legevaktbilen på Kleppetunet som er nærmast. Der jobbar Inger Urstad, lege Rannveig Nærland, Grethe Bjøberg Stokland, Anne Gro Wiig Braut, Astrid Harbo og Leiv Arild Haugland. Bilen kan ha fleire oppdrag om dagen. Under måndagens øving gjekk bilen tom for straum. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Første gong i Kleppetunnelen

Leiaren for det heile, Rune Bore, fortalde før øvinga at Rogaland brann og redning har øva på tunnelbrann andre stader i dekningsområde tidlegare.

Måndag var, så vidt han kjende til, første gong at brannstasjonane på Bryne og Kleppe øvde saman i Kleppetunnelen.

– Faremomentet er brannspreiing og at det blir forureina forhold og ekstremt dårleg sikt. Men nå er ikkje dette den verste tunnelen, i og med at han er kort og du ser gjennom han.

For å gjera øvinga meir realistisk hadde arrangørane slått av viftene. Kleppetunnelen er moderne og ved ei reell hending hadde dei effektivt blåse ut røyken, poengterte Bore.

Bak han var ein traktor i ferd med å henta eitt av dei tre køyretøya som skulle plasserast på to forskjellige stader i tunnelen:

  • Nær tunnelmunningen på Klepp-sida hadde ein bilist fått hjartestans og køyrt inn i veggen.
  • Ulukka var årsak til ein kjedekollisjon nærmare Bryne, der ein bil køyrde inn i ein annan og tok fyr.
To ulukkesstader.
To ulukkesstader. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Tre ting å hugsa

For å unngå fleire farlege situasjonar – som ein kjedekollisjon – hadde øvingsleiaren tre råd publikum skal ta med seg:

– Viss det skjer ei farleg hending i ein tunnel, er det for det første viktig å setta på naudblink. For det andre er det viktig å stoppa, helst i ei havarilomme. Så gjeld det å ringa naudetatane. I dei fleste moderne tunnelane er det naudtelefonar, slik det er her.

Det var for å få fram akkurat desse tre tinga at Rogaland fylkeskommune hadde invitert avisa med på øvinga.

Få veit kva som skal gjeras om ein naudssituasjon oppstår i tunnel, poengterte Eilin Tvedt-Gundersen i kommunikasjonsavdelinga.

– Det er viktig at naudetatane øver, men like viktig er det å spreia kunnskap. Tunneltryggleik handlar ikkje berre om tekniske system, men òg om deg som sjåfør, og kva du gjer når det gjeld.

Rune Bore har tre råd å koma med: 1) Set på naudblinken.  2) Stans – helst i ei havarilomme. 3) Bruk naudtelefonen – ring naudetatene.
Rune Bore har tre råd å koma med: 1) Set på naudblinken. 2) Stans – helst i ei havarilomme. 3) Bruk naudtelefonen – ring naudetatene. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Fanga opp éi ulukke

Etter éin time med førebuingar begynte det å spraka i sambandet; den todelte øvinga var i gang.

Brannmannen Jarle Malmin leidde ei gruppe med observatørar langt inn i tunnelen for å sjå korleis brannvesenet – og etter kvart helsepersonellet – ville løysa kjedekollisjonen i Bryne-enden.

På veg til kollisjonsstaden passerte dei ein passasjer som stod i naudtelefonen og ringde inn ei tunnelulukke.

Ein av dei som sat på med mannen som fekk hjartestans, hadde kome seg ut seg ut og ringt naudetatane.

I løpet av kort tid vart det meldt frå om endå ei ulukke – om to bilar som krasja og hadde fleire skadde personar om bord.

Den nødvendige informasjonen frå innringarane nådde ikkje fram til dei som skulle ha han.
Den nødvendige informasjonen frå innringarane nådde ikkje fram til dei som skulle ha han. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Fleire gonger sette ein medhjelpar fyr på eit fat med drivstoff for å simulera ein brann som døydde ut av seg sjølv. Ein utstyrstilhengar bles kontinuerleg ut store kvit mengder røyk.

Observatørane vart ståande lenge og kikka i begge retningar. Malmin lytta til sambandet – ingenting vart sagt om det som hende i Bryne-enden.

Då viftene kom på, og røyken letta, blenkte blålysa lengre nord og vitna om frenetisk aktivitet.

Tjueto minutt etter at observatørane passerte mannen i naudtelefonen, vart alle tatt med tilbake til tunnelmunningen. Øvinga var over – utan at naudetatane fekk med seg at det var to ulukker i tunnelen.

Jarle Malming og Anne Hjørnevik Svensson venta forgjeves på at noko skulle skje.
Jarle Malming og Anne Hjørnevik Svensson venta forgjeves på at noko skulle skje. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim
«Multiple hendingar er krevjande», sa ein observatør. «Slapt, med tanke på kva som skjedde i den enden. Det er mykje som kan ha gått gale», sa ein annan.
«Multiple hendingar er krevjande», sa ein observatør. «Slapt, med tanke på kva som skjedde i den enden. Det er mykje som kan ha gått gale», sa ein annan. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Nytt forsøk

Utanfor tunnelen stod grupper av observatørar og deltakarar og diskuterte kva som hadde skjedd.

– Me veit faktisk ikkje – det er skjedd eitt eller anna med kommunikasjonen. Me får berre sjå kva som skjer med neste gjennomgang. Det blir evaluert, for å seia det sånn, sa Hjørnevik Svensson til avisa.

Ved neste gjennomgang vart observatørgruppa til Jarle Malmin ståande i Klepp-enden. Her trengde både personen som fekk hjartestans og passasjerane hans hjelp av helsepersonell.

Den første brannbilen starta med framsetet, og fann så fram spesialutstyr for å få opna passasjerdøra bak. Etter ei stund fekk den andre brannbilen lirka seg forbi og køyrde innover mot den andre ulukkesstaden.

Denne gongen var det helsepersonellet observatørane vart ståande og sjå på, utan å forstå årsaka til at dei ikkje bevega seg innover til kjedekollisjonen. Det gjekk lang tid før dei, til fots, kom fram og kunne hjelpa dei skadde personane i Bryne-enden.

Den skadde personen vart lagt i stabilt sideleie direkte på den kalde betongen.
Den skadde personen vart lagt i stabilt sideleie direkte på den kalde betongen. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim
Observatøren fotograferte den farlege situasjonen.
Observatøren fotograferte den farlege situasjonen. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim
Naudetatane konsentrerte seg rundt ein alvorleg skadd mann. Samstundes var det fleire innover i tunnelen som ikkje fekk hjelp. Observatørane stussa over at røykdykkarane gjorde hjartekompresjonar med 18 kilo tunge tankar på ryggen. Helsepersonellet pusta fritt utan.
Naudetatane konsentrerte seg rundt ein alvorleg skadd mann. Samstundes var det fleire innover i tunnelen som ikkje fekk hjelp. Observatørane stussa over at røykdykkarane gjorde hjartekompresjonar med 18 kilo tunge tankar på ryggen. Helsepersonellet pusta fritt utan. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

– Litt kaos

Omtrent éin time etter skjema leidde tidlegare brannsjef Henry Ove Berg debrifinga i kantina på Jæren Folkehøgskule.

Han var eldst og hadde mest erfaring – frå brannvesenet, Forsvaret, hjelpekorps og politiet. Han sa at naudetatane har øvingar for å bli betre og trekte fram at fleire allereie hadde begynt å snakka om kva kan dei gjera betre saman.

– Før eg gjev ordet vidare; de påpeikar noko som blir gjort feil kvar gong: k o m m u n i k a s j o n ...

Berg tykte at kommunikasjonen, på samvirkekanalen han hadde lytta til, fungerte mykje betre på den andre gjennomkøyringa.

Han oppmoda dei som var blitt bedne om det, om å skriva til tunnelforvaltaren Anna, slik at ho kunne samla alt i ein evalueringsrapport.

– Det var litt kaos. Men det er òg derfor me øver, sa Hjørnevik Svensson då ho seinare fekk ordet.

– På alle øvingar eg har vore på, i alle år, har det vore læringspunkt. Dei punkta er slik at somme føler at noko gjekk bra, mens noko ikkje gjekk fullt så bra. Når me har ein gjennomgang, er det veldig viktig at me løftar kvarandre i fellesskap, sa Henry Ove Berg mens tilhøyrarane gomla kalde pizzabollar.
– På alle øvingar eg har vore på, i alle år, har det vore læringspunkt. Dei punkta er slik at somme føler at noko gjekk bra, mens noko ikkje gjekk fullt så bra. Når me har ein gjennomgang, er det veldig viktig at me løftar kvarandre i fellesskap, sa Henry Ove Berg mens tilhøyrarane gomla kalde pizzabollar. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Viktig å evaluera

Evalueringa heldt fram i plenum, med innspel frå brann og helse – mens politiet måtte dra vidare på eit reelt oppdrag.

Under plenumssamtalen kom det fram at noko av feilkommunikasjonen truleg hang saman med meldingar om reelle hendingar, som 110-sentralen og politiet måtte prioritera under øvinga.

Razmus Viggen, den nåverande brann- og redningssjefen, bad medarbeidarane om å sjå vekk frå øvingstekniske feil.

– Me må prøva å sjå etter det som var positivt. Vanlegvis har me i naudetatane erfaring med at sambandet fungerer veldig bra. Eg er overtydd om at kommunikasjonen hadde vore ganske mykje ryddigare dersom hadde dette vore ei reell hending.

Han hadde høyrt mange som at dei skulle ønskt dei kunne øvd éin gong til, for då hadde det sete godt.

– Det er eg også overtydd om. Eg trur den tredje gongen hadde blitt veldig bra. Men den viktigaste læringa er det me gjer nå, når me evaluerer, avslutta brann- og redningssjefen.

Brann- og redningssjefen, Razmus Viggen, såg mykje positivt under øvinga.
Brann- og redningssjefen, Razmus Viggen, såg mykje positivt under øvinga. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim