I 13-tida mandag ettermiddag avslutta Utrykningspolitiet ein fartskontroll i Gudmestadvegen utanfor Nærbø.

På strekket der dei stod, er fartsgrensa 80 kilometer i timen.

Dei fleste som passerte haldt seg til dette, men eit par sjåførar var litt for harde på gassen.

– To personar vedtok forenkla førelegg for å ha køyrd for fort, opplyser politioverbetjent Morten Slettebø ved Jæren politistasjon.

Den raskaste av desse to suste forbi fartskontrollen i 100 kilometer i timen.

Fartsoverskridinga svarar til ei bot på 7.450 kroner.