I desse rekkehusa på Reemarka på Bryne er handverkarar travle med å gjera seg ferdige.
I desse rekkehusa på Reemarka på Bryne er handverkarar travle med å gjera seg ferdige. Foto: Ingeborg Eliassen

Sola skin over Bryne, og det susar svakt frå trafikken på fv. 44.

Langs ei husrekke i Bekkemyrvegen står handverkarbilane tett: Røyrleggar, byggmeister, blekkslagar og andre. Alle dei uferdige bu-einingane har opne dører mens fagfolka jobbar seg frå hus til hus.

Når folk flyttar inn i dei no ferdige, nesten ferdige og prosjekterte store rekkehusa og einebustadene på Reemarka, ligg det an til endå meir liv.

Andre stader i Bryne tar fleire leilighetskompleks form.

– Me ønsker vekst, det er berre positivt, seier ordførar Andreas Vollsund i Time.

I fjor kunne han feira at timebu nummer 20.000 blei født, nokre månader før Hå passerte den same milepælen.

I Klepp skjedde dette i 2021, og ved utgangen av 2024 hadde kommunen 21.186 innbyggarar.

Denne gateadressa er det mange som vil få når feltet på Reemarka står ferdig.
Denne gateadressa er det mange som vil få når feltet på Reemarka står ferdig. Foto: Foto: Ingeborg Eliassen

Hurra for vekst

Klepp vaks med 286 personar i fjor, mest av dei tre kommunane, viser nye tal frå Statistisk sentralbyrå.

Men det var Time som hadde størst netto tilflytting, med 184 personar, samanlikna med 155 til Klepp og 148 til Hå.

– Dette er gledeleg, seier ordførar Vollsund.

– Me ønsker vekst, eg skal ikkje nekta for det. Me har ledig kapasitet i både skular og barnehagar.

I Hå er melodien den same.

– Me vil ha vekst. Me må ha mykje folk til å gjera alt som må gjerast, seier nærings- og hamnesjef Sven Harbo.

Har sett bremsene på

Lengre nord er politikarane derimot einige om at vekst ikkje berre er positivt. Arealstrategien i Klepp slår fast at kommunestyret legg opp til 0,7 prosent folketalsvekst – altså lågare vekst, ned frå dagens 1,4 prosent.

«Dette vil gi ei årleg bustadbygging på 83–106 bustader. Til samanlikning har det dei siste 5 åra blitt bygt 138 bustader i snitt. Desse tala viser at det i planperioden 2022–2033 ikkje er behov for nye bustadareal totalt sett», heiter det i arealstrategien, som er frå 2021.

– Dette handlar om å ta vare på landbruksjord, seier Målfrid Hannisdal Teigen, kommunalsjef i Klepp.

– Me har hatt høgt press over tid, og jordvern vert stadig viktigare. Enno har me utbyggingsareal, men ikkje så mykje som før. Og der me bygger, blir det meir fortetting – tettare og høgare, seier ho.

Klepp har vedteke å bremsa folkeveksten for å verna landbruksjord, seier kommunalsjef Målfrid Hannisdal Teigen.
Klepp har vedteke å bremsa folkeveksten for å verna landbruksjord, seier kommunalsjef Målfrid Hannisdal Teigen. Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

Derfor er det kanskje ikkje tilfeldig at Time for tida har mykje meir bustadbygging på gang, enn Klepp har.

I Time blei 123 nye bu-einingar tatt i bruk eller gitt ferdigattest i fjor, viser ny statistikk frå Kartverket Rogaland.

Det same gjaldt 118 bustader i Klepp – fleire enn arealstrategien legg opp til. I Hå fekk 41 bueiningar ferdigattest.

Reemarka på Bryne har nye bustader til sals i prisklassen 6-7 millionar.
Reemarka på Bryne har nye bustader til sals i prisklassen 6-7 millionar. Foto: Foto: Ingeborg Eliassen

Endå større skilnad var det i planane for bygging av bustader:

Time ga rammeløyve – det vil seia godkjenning av eit byggeprosjekt, men ikkje rett til å starta bygging – til 93 nye einingar i fjor. Klepp ga rammeløyve for 58 og Hå for berre tre.

Time kommune ga òg grønt lys til å starta bygging av 154 bustader i fjor, mot Klepp sine 42 og Hå sine 35.

Nummer tre i fylket

Jan Arvid Nese frå Brynegarden AS og ordførar Andreas Vollsund etter første spadestikk for byggetrinn 1 på Brynegarden i mars 2023. Første byggetrinn har 87 bu-einingar, 60 av dei leiligheter fordelt på tre bustadblokker med seks etasjer.
Jan Arvid Nese frå Brynegarden AS og ordførar Andreas Vollsund etter første spadestikk for byggetrinn 1 på Brynegarden i mars 2023. Første byggetrinn har 87 bu-einingar, 60 av dei leiligheter fordelt på tre bustadblokker med seks etasjer. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Time-ordføraren er svært tilfreds med dette.

– Det plasserer oss som nummer tre i fylket på igangsettingsløyve, etter Stavanger og Sandnes, og gir meg tru på solid vekst i 2025 og i alle fall i 2026, seier ordførar Andreas Vollsund.

Det går litt i rykk og napp med utbygging av bustader i den enkelte kommune.

Når Time ga så mange fleire igangsettingsløyve enn dei andre i fjor, var det mellom anna fordi tre-fire leilighetskompleks i Bryne som har stått stille i mange år, nå kunne byggast, forklarar ordføraren.

Time sin arealplan vernar òg matjord, ifølge Vollsund.

– Me går ikkje ut over den. Men me har ganske stort vekstpotensial enno: Lye har plass til mange bustader, og der kan me bygga endå meir på fjell, som er bra. Og Kvernaland, der heile felt 1 av rekkehus og einebustader er selde ut, og felt 2 skal i gang, seier Vollsund.

Hå manglar bustader i sentrum

Hå hadde færrast tilflyttingar av jærkommunane i fjor. 778 personar flytta til kommunen. Fordi mange òg flytta ut, enda kommunen med ei netto tilflytting på 148 personar.

Nærings- og hamnesjef Sven Harbo skulle gjerne sett fleire innkomande flyttelass.

– Men viss den store arbeidsmarknaden er på Forus, betyr det halvannan time i bil kvar dag. Folk vil dette i stadig mindre grad, trur han.

Stokkelandsmarka er der Hå kommune skal veksa. Rundt 30 tomter er opparbeidde og klare, og potensialet er hundrevis, ifølge næringssjef Sven Harbo. Her frå ei av tomtene i fjor haust: Ordførar Andreas Bjorland (til venstre), Sven Harbo, Alf-Ove Sør-Reime og Rune Aniksdal.
Stokkelandsmarka er der Hå kommune skal veksa. Rundt 30 tomter er opparbeidde og klare, og potensialet er hundrevis, ifølge næringssjef Sven Harbo. Her frå ei av tomtene i fjor haust: Ordførar Andreas Bjorland (til venstre), Sven Harbo, Alf-Ove Sør-Reime og Rune Aniksdal. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Kommunen har dessutan langt mindre nybygging av bustader enn dei to kommunane lengre nord, som tala frå Kartverket viser.

– Me har nok bustadtomter i kommunen, men ikkje på Nærbø og Varhaug, seier Sven Harbo.

– Der, og rundt Vigrestad, er det kort veg til matjord som ikkje skal byggast ned.

– Kom til Stokkalandsmarka

For folk som vil bygga, er dei fleste tilgjengelege tomtene i Stokkalandsmarka utanfor Vigrestad – for tida rundt 30 som er opparbeidde, ifølge næringssjefen.

Han slår eit slag for å satsa der.

– Stokkalandsmarka er der Hå kommune skal veksa. Det er utmark med plass til hundrevis av bustader, og det skal bli stadig betre å bu der, seier næringssjefen i Hå.

Stokkalandsmarka har skuleskyss og barnehage, og mange arbeidsplassar i industriområdet like ved, fortset han.

– Butikk har dei ikkje enno, men det trur eg dei vil ha om tre til fem år. Og Vigrestad skal få ny skule, så nær Stokkalandsmarka som mogleg. Det vil òg hjelpa på, seier Harbo.