I 14-tida tysdag stansa ein politipatrulje ein bil på Bryne. Bak rattet sat ein mann i 30-åra. Politiet mistenkte at han køyrde i ruspåverka tilstand og køyrde han derfor til legevakten for å ta nødvendige prøvar.
Mannen har status som sikta for ruspåverka bilkøyring.
– Me mistenker at han har brukt ulovlege rusmiddel, sett seg bak rattet og køyrt, seier Thomas Thue ved Jæren politistasjon.
Politiet har førebels ikkje beslaglagt mannen sitt førarkort.
– Me ventar på endelege resultat av prøvane, seier Thue.
Onsdag i 13-tida stansa dei ein bil i Solavegen i Klepp. Også i dette tilfellet mistenkte dei rus.
Føraren, ein mann i 40-åra, er meldt for ruspåverka køyring.
– Heller ikkje han har fått beslaglagt førarkortet. Me ventar på resultat frå blodprøven, seier Thue.
Torsdag kveld ved 19-tida skjedde det same igjen. Ein mannleg bilførar i 40-åra blei stoppa på Bryne, mistenkt for ruskøyring. Han blei teken med til legevakta for å avleggja utvida blodprøve, og er meld for å ha køyrt i ruspåverka tilstand. Også denne mannen fekk behalda førarakortet inntil vidare, i påvente av resultata av blodprøvane.