I VEKST: Stokkalandsmarka er hovudsatsingsområdet for utbygging i Hå kommune og har vakse mykje dei siste åra.
I VEKST: Stokkalandsmarka er hovudsatsingsområdet for utbygging i Hå kommune og har vakse mykje dei siste åra. Foto: Arkivfoto

Tidlegare har det vore fleire interesserte enn tomter i Stokkalandsmarka. Nå har dei økonomiske krisetidene i regionen nådd den ferskaste tettstaden i Hå.

16 byggjeklare tomter vart lagde ut for sal i haust. Veka før jul er bare to av dei selde.

- Det er usikkert i marknaden nå. Det gjeld nok å ha litt is i magen, seier Trygve Reinertsen, ansvarleg for tomtesalet i Hå kommune.

Då kommunen lyste ut dette området, kom det inn sju søknader.

- To kjøpte tomt, men ein av desse klarte ikkje selja den eksisterande bustaden sin og selte tomta tilbake til kommunen. Etter det har det kome ein interessert til som kjøper tomt nå, seier Reinertsen.

Meir rift tidlegare

Ifølgje Reinertsen har salet gått jamt og trutt fram til nå i haust.

- Den siste delen me selde, Stokkalandsmarka nord, var det ein god del meir rift om. Då hadde me fleire søkjarar enn tilgjengelege tomter, seier han.

Sjølv om det går trått med salet nå, er ikkje Trygve Reinertsen bekymra.

- Stokkalandsmarka er eit langsiktig satsingsområde. Me ser dette i eit lengre perspektiv, seier han.

Kommunen har hatt samtalar med folk i byggjenæringa om korleis dei ser på situasjonen.

- Det er tørke for dei fleste nå. Men folk skal jo bu ein plass, og på sikt vil det forhåpentlegvis gå seg til igjen. Det går i bølgjedalar og akkurat nå står det stilt, seier Reinertsen.

Dei 16 tomtene som ligg for sal nå er byggjetrinn ein. Byggjetrinn to er også 16 tomter. Alle dei 32 tomtene er byggjeklare og opparbeidde. Det er kommunen som står for salet.

2500 bustader

Hå kommune har eit politiske vedtak på at det alltid skal vera byggjeklare tomter i Stokkalandsmarka. Området har dei siste åra vakse til ein ny tettstad og tomtene som ligg for sal nå er starten på det som etter planen skal bli til 2500 nye bustader. Her skal det også vere ny skule, barnehagar, veganlegg og sentrumsføremål.

Området blir delt inn i byggjetrinn. 26. mars i år godkjente kommunestyret planane for fyrste steget, som er 300 nye bustader. Det hasta for politikarane å koma i gang sidan det då ikkje var fleire ledige tomter igjen i Stokkelandsmarka.

Fyrste spadestikk for det nye utbyggingsområdet vart tatt av dåverande ordførar Mons Skrettingland allereie dagen etter.

Nå viser det seg at det ikkje hasta like mykje som politikarane då trudde og håpa.

- Kan sitja ei stund på tomtene

Ordførar Jonas Skrettingland (KrF) vil ikkje bruka ordet bekymra.

- Men me er spente på korleis utviklinga vil vera og reknar med at Stokkalandsmarka følgjer utviklinga elles i samfunnet og at bustadmarknaden vil ta seg opp igjen, seier Skrettingland.

Han opplyser vidare at Hå kommune har råd til å sitja på desse tomtene ei stund.

- Rentenivået er lågt nå, men det er klart det er spanande med både bustadsal og korleis skatteinngangen blir nå, seier han.

Auka prisen

Då prisen på dei nye tomtene i Stokkalandsmarka skulle setjast i år, foreslo rådmannen 1.290.000 kroner. Det tykte politikarane var for mykje og reduserte til ein million kroner, noko som også var ei auke samanlikna med tidlegare prisar.

I år 2000 vart det stor ståhei då Hå kommune la ut ti tomter i Stokkalandsmarka til bare 2000 kroner. Det vart med dette eine salsstuntet, men lenge gjekk tomtene i Stokkalandsmarka for å vera svært billege.

I 2008 vedtok formannskapet nemleg at einebustadtomtene her skulle ha ein låg pris for å gjera eit lite populært område meir attraktivt. Då kosta ei tomt på 700 kvadratmeter 500.000 kroner.

I 2012 skrudde kommunen opp prisen til 700.000 kroner. I år vart prisen altså igjen justert.

– For høg tomtepris

På torsdag skal politikarane bestemma kva Hå kommune skal bruka pengar på dei komande åra. Blant innspela til kommunestyret ligg ein kommentar frå innbyggjarrådet.

Dei har merka seg at tomtesalet i Stokkalandsmarka går trått.

– Me trur at prisen speler ei vesentleg rolle her og foreslår derfor at denne skal vera 750.000 og ikkje ein million, står det i innspelet som hamnar på kommunestyrepolitikarane sitt bord torsdag.

KrF, Høgre, Ap, Frp og Senterpartiet har blitt einige om kva dei vil prioritera framover. Reduksjon i tomtepris i Stokkalandsmarka står ikkje på lista.