I mars gjekk han ut i pappaperm, og han var heime med minstejenta til uti august.
– Eg har sjeldan vore så klar for å koma meg på jobb, seier Tor Åge Slettedal (31) med eit smil.
For all del, det var gjevande å få vera heime og bli kjend med dottera over så lang tid. Men Kvernaland-mannen er ei rastlaus sjel, og han er glad i jobben sin som murar og flisleggjar. Og så har han gledd seg til å koma skikkeleg i gang med satsinga på si eiga bedrift: Slettedal Mur og Flis AS.
– Eg kjenner absolutt at eg får ein heilt annan motivasjon når eg jobbar for mitt eige firma. Det gjer meg ingen ting å jobba ut over kveldane, og å gje det vesle ekstra for at det skal bli perfekt, slår han fast.
– Dyrt å koma i gang
13 år har gått sidan han tok fagbrevet som murar. Etter det har han praktisert faget, hos ulike arbeidsgjevarar.
Den forrige arbeidsgjevaren hans blei kjøpt opp av eit større firma, og då syntest Slettedal at det blei for stort. Han hadde ikkje lyst å bli med vidare.
Det blei puffet til at han no har starta for seg sjølv.
– Me er tre tidlegare kollegaer som har starta eige firma, kvar for oss. Men me samarbeider ein god del. Det trur eg me har god nytte av, alle, fortel Slettedal.
Han begynte med å leiga seg sjølv ut til eitt av desse firmaa på dagtid. Og så begynte han med sine eigne prosjekt for Slettedal Mur & Flis på kveldstid.
– Det er dyrt å koma i gang. Som heilt nytt firma får du ikkje kreditt. Så skal eg flisleggja eit bad, må eg sjølv leggja ut 40.000-50.000 kroner for flisene, lenge før eg kan fakturera kunden for det. Dermed har det handla om å byggja opp nok kapital til at det sviv no heilt i starten, fortel Slettedal.
Målet i første omgang er å få det til å sviva som arbeidsplass for han sjølv. Men han ser også føre seg å ha eit par-tre tilsette, viss han får inn nokre gode folk.
– Har ikkje eigd ein PC på sikkert ti år
Det er travelt å starta opp. På dagtid må han få den praktiske jobben gjort. Kona jobbar også, så han må bidra til levering og henting i barnehagen av døtrene på fire og eitt. Men han er takknemleg for at kona tek ein større del av støyten på heimebane.
– På kveldane blir eg sitjande og rekna på tilbod og gjera anna kontorarbeid. Eg har ikkje eigd ein PC på sikkert ti år, så det er noko heilt nytt for meg, seier han med eit smil.
Heldigvis ser det ut til å vera rikeleg med jobb der ute.
– Det er vanvitig travelt, rett og slett. Eg trur eg har sagt nei til tre-fire jobbar berre denne veka, seier den ferske bedriftseigaren.
Horisonten er likevel ikkje så lang.
– Dei fleste vil helst ha ting gjort med ein gong. Eg fekk nett ein kunde til å gå med på at jobben skal gjerast i november. Det kjendest lenge ut, seier han med eit smil.
Likar utfordringar og fargar
Fagleg er Tor Åge ein som likar seg best når det er utfordrande oppgåver.
– Eg har blitt mykje brukt på slikt putlearbeid som andre ikkje har så lyst på. Det er då eg trivst best. Eg begynner fort å kjeda meg viss eg berre skal setja opp eit bad med 60x60-fliser. Men for all del, når ein driv for seg sjølv, er det godt med ein del slike jobbar der ting går fort og greitt, også, fortel han.
– Og så prøver eg å selja inn fargar til kundane. Det er så mykje grått og beige der ute – og slik har det vore altfor lenge. Det er veldig gildt å jobba med fargar, slår han fast.