– Det blir kjekt å gå til ein ny jobb, men det blir også vemodig å avslutta eit kapittel. Orstad er ein god skule, seier Tor Åge Risnes, ny rektor ved Øksnevad vgs.
– Det blir kjekt å gå til ein ny jobb, men det blir også vemodig å avslutta eit kapittel. Orstad er ein god skule, seier Tor Åge Risnes, ny rektor ved Øksnevad vgs. Foto: Privat

Tor Åge Risnes har hatt eit allsidig yrkesliv i skulen. Dei siste fem og eit halvt åra har han vore rektor ved Orstad skule i Klepp. Før han begynte der, var han rektor ved Engelsvoll skule, også den i Klepp, i 11 år.

Lyst ut to gonger

Han har også arbeidd ved Universitetet i Stavanger i ti år. Her arbeidde han både administrativt og fagleg ved lærarutdanninga.

Risnes har aldri tidlegare arbeidd i vidaregåande skule.

– Men eg tykkjer det verkar spanande, seier den påtroppande Øksnevad-rektoren.

Den vidaregåande skulen i Klepp lyste den ledige rektorstillinga ut to gonger, sidan det ved første utlysing berre kom tre søkjarar. Då stillinga blei lyst ut for andre gong, var det 12 som søkte rektorstillinga.

– Du søkte ikkje første gong, men kom på banen ved 2. gongs utlysing. Kva er grunnen til at du ikkje søkte første gongen?

– Første gongen kom eg over stillingsannonsen like før søknadsfristen gjekk ut. Då eg såg annonsen for andre gong, tenkte eg at dette er noko eg vil prøva. Øksnevad er ei brei skule i forhold til fagretningar. Skulen dekkjer elevar med ulike interesser og behov, noko som eg tykkjer er spanande, svarer Risnes.

– Heile tida i utvikling

Risnes seier at han har hatt gode år på skulen på Orstad.

– Det har vore ei veldig fin tid. Det blir kjekt å gå til ein ny jobb, men det blir også vemodig å avslutta eit kapittel. Orstad er ein god skule, og det er ting eg vil sakna. Men eg tenkjer at eg også vil jobba meg inn i eit godt miljø på Øksnevad, seier rektoren.

Han kjem til å sakna gode, kjekke og fagleg dyktige kollegaer, og ei flott elevgruppe der dei eldste er gode førebilete for dei yngre.

– Kva forventningar har du til rektorjobben på Øksnevad?

– Eg forventar eit arbeid som skal vera spanande, utfordrande og bidra til gode prosessar. Det blir spanande å sjå korleis dei ulike avdelingar jobbar. Eg ser også fram til å vera med å vidareutvikla det me held på med i dag. Det handlar om å byggja på det som er godt, samstundes som me tek omsyn til at samfunnet heile tida er i utvikling, seier Risnes.

Han er gift, bur på Ganddal og er far til tre vaksne barn.

– No har eg også begynt på livets dessert; – barnebarna. Nummer to er på veg, fortel 51-åringen.

Det er ikkje endeleg avklart kva tid han startar i den nye stillinga. Men det blir innan 1. januar 2024.

Tre rektorar i løpet av tre år

Tor Åge Risnes blir den tredje rektoren på Øksnevad sidan 2020.

I juni 2020 blei Eiliv Fougner Janssen ny rektor etter Rune Haaland, som hadde vore rektor sidan 2007.

Stillinga blei ledig igjen etter mindre enn eitt år, sidan Fougner Janssen fekk nytt arbeid som fylkesopplæringssjef.

Januar 2022 begynte Linda Gilde som ny rektor ved skulen på Øksnevad. Gilje fekk nytt arbeid som seksjonssjef i opplæringsavdelinga i Rogaland fylkeskommune, og stillinga hennar er lyst ut to gonger i 2023.

Tord Gudmestad har vore konstituert rektor ved Øksnevad vgs.

Størst i areal

Øksnevad vgs. er ein av dei mindre vidaregåande skulane i forhold til elevtal, men den desidert største målt i areal.

Skulen starta i 1940 og har i dag studietilbod innan naturbruk og anleggsfag.

Den vidaregåande skulen på Øksnevad har også ei eiga avdeling for tilrettelagt opplæring.