Burgas i Bulgaria 8. mai i år. Det nærmar seg målgangen i fyrste etappe av Giro d’Italia, eller Italia rundt, som dei sa i gamle dagar i sportsrevyen. Eit tett bøling av ryttarar trykker på mot mållinja. Dei er iherdige, mest som jagande hundar. Avstanden mellom dei og mållinja vert stadig mindre.
Som sedvanleg har dei italienske arrangørane lagt dei tre fyrste etappane til eit annan land enn Italia. Om dei lettar litt på auga kan ryttarane skimta målseglet der framme. Dei knivar om posisjonane. Og så skjer det: Med eitt går store delar av feltet i bakken. Det er ni ryttarar i front som kjem seg fri få massevelten.
Ein av dei er ein jærbu – Tord Gudmestad.
Nesten i rosa
Han tråkkar til, avstanden til dei falne aukar. Han går føre lagkameraten, dansken Tobias Lund Andresen. Tord Gudmestad har berre ein jobb å gjere, levere dansken i best mogleg posisjon, slik at han kan ikle seg den rosa leiartrøya.
Jærbuen gjer gass. Dei nærmar seg 70 kilometer i timen då opptrekket går. Posisjonen, gitt at det meste av feltet er vekke, er nærast perfekt. Jærbuen bøyar av til sida, og dansken går. Det ser ut som om det franske laget Decathlon CMA CGM, kor dei to har sitt daglege vyrke, skal ta dette heim. Men på dei siste metrane kjem franskmannen Paul Magnier frå Soudial Quick Step og tek sigeren.
147 kilometer, med ein snittfart på 43,8 kilometer i timen er over. Og det franske laget til Tord Gudmestad må nøye seg med ein andreplass. Så nær ein plass på pallen. Men likevel går dei to romkameratane til sengs den kvelden, vel vitande om at det berre var nesten.
Frå høns til proffliv
Det er den harde kvardagen til ein proffsyklist. Ein kvardag i toppsjiktet av internasjonal sykkelsport. Her midt i denne ville bølingen i over 70 kilometer i timen, finn me altså ein jærbu. Ein som vaks opp mellom vindegg og kaklande høns på Njølstad, eller Nylst som det heiter lokalt.
No er den nest største idrettsutøvaren på Jæren, etter ein viss fotballspelar.
I år var andre året på rad han sykla Giroen. Etappeløpet er ranka som det neste viktigaste i verda etter Tour de France. Fleire av etappane er ikkje for sprintarar og opptrekkarar. Det er for dei tynne og lette klatrarane, dei som stig opp i Alpane, lette som fjellgeiter.
På dei etappane er Tord Gudmestad, som no meir og mindre reindyrkar rolla som superopptrekkar for Decathlon CMA CGM, sjeldan å sjå i fjernsynskamera sitt auge. Men for å i det heile tatt kome der, til oppstiginga til dei italienske høgfjella, må ein gjennom periodar med knallhard trening.
1000 timar trening
Når han er heime er kodeordet: 10 på Spinn.
– 10 på Spinn, er utanfor Spinn i Hillevåg, her samlast syklistar frå distriktet når dei skal ut på trening. Me drar oftast sørover på Jæren eller innover Bersagel-Høle, og nokre gonger gjennom Gloppedalsura, fortel Tord Gudmestad.
– Langturane varar stort sett frå 2–6 timar. Det er alt frå to til ti som deltek på dei, både juniorar og tidlegare syklistar kan vere med.
Tord Gudmestad reknar omtrent 1000 treningstimar i året, i tillegg kjem altså blodslitet, som Giroen.
Øktene på vegane i Rogaland, er likevel avgrensa. Profflivet han lever inneber omtrent 200 reisedøgn i året. Løpssesongen går grovt sett frå januar til oktober.
– Siste løp er i oktober. Så er det to veker kor eg tar det roleg, og tar igjen det tapte, humrar han.
Eit anna Granca
Dei to vekene i oktober-november er det einaste vindauget han har i året kor han kan kople av alt og vere ein litt normal 25-åring. Når han dreg til Gran Canaria i slutten av november, er det ikkje for å slå ut håret, men for å innleie ein ny sesong.
– Her samlast du med laget du er på, eller det nye laget om noko har endra seg. I januar er det anten treningsleir eller dei første løpa for året i Australia.
Den europeiske delen startar så med etapperitta Tirreno-Adriatico eller Paris-Nice, det er den såkalla verdsturneen verkeleg festar grepet om sesongane. Etter etapperitta følger dei såkalla vårklassikarane. Enkeltritt med utfordrande løyper, som Flandern Rundt eller Paris-Roubaix.
Ein gong var dette som var draumen for unge Tord Gudmestad. Å verte ein namngjeten klassikarryttar, som hala seg gjennom vinden og over brusteinen inn til mål og siger.
– Det er ikkje givande å sykle 100 kilometer i vinden å vere beskyttar for leiarane. I dag tiltaler berre desse løpa meg om eg får vere med til slutt. Det er òg tidsavgrensingar her. Er du 5 minutt bak, så ryk du ut.
Han fekk testa seg heilt inn då han var ryttar for UNO-X, før han vart snappa opp av det franske elitelaget.
– Prosessen begynte med at eg sende ut nokre følarar via agenten. Det hjelpte nok òg eg vant eit løp medan samtalane var i gang, seier han.
Jamvel om han ikkje satsar på klassikarane nett no, er det framleis eit mål:
– Eg må ta nokre steg fysisk for å vere klar til dei. Fram til eg er der er prioriterer eg ritt med spurtar, seier han.
Angrep mot fyrste fjell
Livet i Decathlon CMA CGM er naturleg nok annleis enn det han var van med i tida for det norske laget. Det franske laget har større ressursar, utviklar syklar og nyvinningar sjølv, og deltar i alle dei store etapperitta.
Det franske laget er rangert som nummer fire i verda. Litt som laga i fotball, som går rett inn i gruppespelet i Champions League.
Gudmestad hadde altså sin debut i Giroen i fjor. Var han nervøs?
– Ikkje så spesielt. Eg var mest fokusert på etappen, så eg tok ikkje så mykje inn over meg.
Nervane kom fyrst då han skulle begynne å sykle fjelletappar. I bakhovudet sveiv tidskravet. Kjem ein inn under det, så er ein ute av konkurransen. Då mistar laget ei viktig brikke for dei flate etappane.
– Eg var redd og nervøs, fyrste gongen eg skulle i fjella, seier han.
Som nemnt er sprintarane litt ute av syne og sinn, når klatrarane gjer opp seg imellom. Føre fjernsynsskjermen kan ein få eit inntrykk av at dei bakre er ute på ein slags roleg søndagstur. Sanninga er ei anna:
– Det viktigaste er at du ikkje vert syklande åleine. Då er det særs vanskeleg å kome på tida. I regelen har me bra samarbeid mellom dei ulike laga.
Ein annan nøkkel er å angripe det fyrste fjellet:
– Det som regel full gass opp den fyrste bakken, som er ei god hovudregel. Så handlar det om å jobbe saman nedover og på flatene. I nedover bakkane handlar det om å ta gode svingar, medan det på flatene går i full fart. Me er ofte ei gruppe på 20–30 mann som syklar i lag.
8000 kaloriar
Han gjer meir innsikt. Dei som hamnar bak, åleine, og ikkje klarar tidene er oftast folk som er sjuke eller er skada etter fall.
Når han kjem i mål, anten etter å ha sikra seg på tida, eller trekt opp ein spurt. Er det inn i bussen og vidare til neste etappe. Dei et på vegen etter løpet, før dei hamnar på hotellet for natta. Lukkelegvis begynner dei fleste ritta litt utpå dagen, så dei får søvn før neste dags slit ventar.
– Laget har eigen kokk. Men i min idrett handlar det om å få i seg nok mat. Eg et mellom 7000 og 8000 kaloriar om dagen. Det skal vere mat med minst mogleg feitt. Det går mykje i pasta, ris og poteter. Eg eg ofte til eg er stappmett. Nokre gonger kjennest det mest som eg et for mykje.
Under løpa går det mykje i næring på flasker og ulike gelar, som dei et undervegs.
Då Jærbladet treff Tord Gudmestad i heimen, har sambuaren begynt å laga dagens lasagnemiddag. Måndag 27. juli sette han seg på flyet til Frankrike for å sykle to etapperitt. Eit på «heimebane» i Frankrike og eit Polen.
«Putla å mure»
No som det enno er kvardag, står han opp kvart over åtte. Et havregraut, drikk ein kopp kaffi, før han legg ut på dei lokale landevegane. Vigrestad konditori er ein ynda stad å «plyndra» under øktene.
Etter langturane slappar han av litt, før han trener litt styrke og putlar litt rundt dørene. Halv elleve er han i regelen i seng.
Slik lever altså ein dedikert toppidrettsutøvar frå Nærbø.
Men oppvaksen på gard, som han er driv han litt praktisk arbeid rundt huset òg. Han syner fram ein mur han har laga, og verktøybua i garasjen. Handlag har han.
Kontrakten med det franske laget går ut til hausten, men førebels er det ikkje spikra kva framtida bringar.
– Det har vore ein god sesong, og eg har hjelpt til med å vinna tre løp på høgaste nivå i år. (Den såkalla UCI WorldTour). Alle dei tre løpa var eg sisteopptrekkar for Tobias Lund Andresen.
Draumen: Sisteopptrekkar i Tour de France
Samstundes har han òg lagt seg i selen, og fått dreis på fransken.
– Eg snakkar ganske godt fransk no, og forstår endå meir, seier han, utan å ha hatt fransk på skulen.
Det er rolla som opptrekkar som truleg vert jobben hans framåt, òg.
– Jamvel om laga hentar yngre og yngre ryttarar, så trur eg at eg kan halde det gåande til eg er 35, meiner han.
Og draumen er klar:
– Det må vere å vere sisteopptrekkar i Tour de France. Det er det aller største etapperittet.
Tord Gudmestad sitt slit handlar no altså om å levere for dei andre. For sykkel er òg lagidrett, kor alle har si rolle. Slik han ordlegg seg no, og slik han har levert gjennom sesongen, så er det tydeleg at 25-åringen frå Njølstad har lagt noko av det unge overmotet på sida, og vorte ein meir moden ryttar.
Og me som publikum får vonleg sjå han i Tour de France neste sommar, som ein del av bølingen som jagar inn mot mål på Champs-Élysées.