– Nå har me kome i mål og fått leigd ut alle lokala. Då føler me at me har gjort vårt, og me trur det kan vera greitt at andre slepp til.
Styreleiar Arild Lunde er éin av eigarane i Torjå AS, eigedomsselskapet som bygde leilegheiter og næringslokale på sentrumseigedommen der Tjemslandsbygget brann til grunnen i 2006.
Det nye bygget stod ferdig i 2012.
Alle næringsseksjonane har ikkje vore i bruk samstundes tidlegare, bortsett frå ein periode då medeigaren Harald Knutsen dreiv 3D-printerverksemd i første etasje
I juli i år begynte kontrakten å løpa for Ville ting AS, som sikra seg det siste ledige lokalet. Dei opnar leikerom i Storgata i haust.
Tomme lokale
Då Torjå-bygget var nytt, skulle Mathallen vera éin av attraksjonane, saman med den nye butikken til tradisjonsrike Tjemsland.
Mathallen opna i august 2014, men måtte stenga dørene allereie i november. Først nå, med Sparebanken Norge, frisøren Maze og Ville ting som leigetakarar, er heile lokalet leigd ut att.
Tjemsland kutta etter kvart ut kioskdrifta og konsentrerte seg om steintøy, koffertar og softis, men i 2019 var det slutt.
To år er seinare, i koronaåret 2021, var Rits kafé og vinstove på plass i hjørnelokalet. Tidlegare i år sa dagleg leiar Jostein Magnussen at drifta går såpass godt at han vurderer å ta ut løn.
Herre i eige hus
Det siste av næringslokala på Torjå, med utsikt ned mot Mølledammen, stod ledig lengst.
Singh Restaurant AS overtok rålokalet tidleg i 2019 og opna Indian Tandoori på seinsommaren.
Dette er ein av tre næringsseksjonar som Torjå AS la ut for sal i juli, med ei prisantyding på nesten fem millionar kroner.
Dagleg leiar Izral Singh stadfestar at dei har kjøpt lokalet på 197 kvadratmeter, gjennom Valberggata Eiendom AS, som faren Karamjit Singh eig.
– Me har drive India Tandoori på Bryne sidan 2019, og kjøpet viser at me ønsker å satsa langsiktig, skapa stabilitet for tilsette og vidareutvikla restauranttilbodet til gjestane våre.
Vanskelege tider
Izral Singh seier at kjøpet er ei investering i framtida og at begge partar er fornøgde med avtalen.
Leigekontrakten mellom utleigar og Singh Restaurant AS strekte seg fram til 2029, ifølge salsannonsen, med opsjon på fem år til.
Rekneskapen for 2024 viste eit lite underskot på drifta. I 2025 vart driftsresultatet minus 276.000 kroner.
– Me har satsa ganske mykje, fordi Bryne er ikkje så stort. Me har jo ein konkurrent, og me skal ha konkurransedyktige prisar. Tala ser ikkje så bra ut, og me skal jobba for at dei blir betre i år.
Fleire konkurrentar har forsøkt seg i Bryne Torgsenter, nå er det Lilla India som konkurrerer med Indian Tandoori. Då forgjengaren til Lilla India gjekk konkurs, sa Singh at marknaden ikkje er stor nok til to restaurantar.
Singh seier generelt at det er ganske vanskelege tider for restaurantbransjen, og han trur at det er ein fordel å eiga. Dei årlege leigeutgiftene har, ifølge salsannonsen, lege på 322.000 kroner.
Ber om 22 millionar
Seksjonen der Rits og Ville ting er leigetakarar, er på 253 kvadratmeter og har ei prisantyding på åtte millionar kroner.
Den siste seksjonen er på 379 kvadratmeter og har ei prisantyding på nesten ni millionar kroner. Langsiktige kontraktar med Sparebanken Norge og frisøren Maze gjev årlege husleigeinntekter på 656.000 kroner.
– Det har vore god interesse for seksjonane som ligg ute, seier styreleiar Arild Lunde.
– Interessa er god. Det kan gå fort. Det gjekk jo fort med den første, så får me sjå korleis det går med dei andre, supplerer Ronny Skjøtskift, meklar i Aktiv Jæren.
Viss Torjå AS sel alle seksjonane til prisantydinga, vil det gje inntekter på nesten 22 millionar kroner. Men på grunn av langsiktig gjeld og udekte tap vil fortenesta for eigarane vera langt mindre.
Vanskeleg å tena pengar
Driftsinntektene til Torjå AS var cirka 100.000 høgare enn driftsutgiftene i 2025, men årsresultatet var negativt med 420.000, på grunn av finanskostnader.
2025 var ikkje første gong Torjå AS gjekk i minus. Over tid har selskapet samla opp udekte tap på 10,2 millionar kroner.
Selskapet starta å betala ned den langsiktige gjelda til Jæren Sparebank 1. januar 2022. Ved inngangen til 2026 stod det att å betala 7,8 millionar kroner.
Eigarane har tidlegare skote inn 3,3 millionar kroner i eigenkapital. Medrekn overkurs/innlån har dei skote inn 9,3 millionar, opplyser Arild Lunde.
Styret skriv i ein note at dei har lagt opp til nøktern drift i 2026 som skal skapa ein berekraftig økonomi:
«Selskapet har utleie av nesten alle sine arealer til solide langsiktige leietakere, med akseptable leiepriser, som gir selskapet en god og forutsigbar likviditetstilførsel.»
Saman om blokkprosjekt
Dei fleste eigarane i Torjå AS er òg saman om å eiga Jærbo AS, som utviklar eigedom i Hetlandsgata på Bryne.
Det gjeld Arild Lunde, Harald Knutsen, Jan Winum Ruud, Hans Ree og Walther Gifstad. (Unntaket er Jørstad-familien.)
Jærbo AS har rammeløyve til å bygga fire etasjar med 17 leilegheiter og eitt forretningslokale. Løyvet gjeld i tre år frå 30. januar 2024.
Sist Jærbladet skreiv om blokkprosjektet, i mai i år, vurderte styret å selja eigedommen og/eller selskapet.
– Interessa har ikkje vore som forventa. Det ligg ute ennå, og det er nokre interessentar som ser på det, seier Lunde.