– Fred er eit sterkt ord. Eit veldig, veldig sterkt ord, viss du tenkjer etter. Det er noko som er i oss, kvar og ein. Noko som me arbeidar for, som me djupt ønskjer oss og som gjev oss styrke, seier Torstein Tunheim.
95-åringen synest det er vanskeleg å finna ord for kor mykje fredsdagen 8. mai 1945 har betydd for han og framleis betyr – no 80 år etter at dei tyske nazistane kapitulerte, og okkupasjonen av Norge tok slutt.
I fem år, sidan 9. april 1940, hadde okkupasjonsmakta teke fridomen frå Norge. Utover ettermiddagen og kvelden 7. mai 1945 blei det kjent at dei tyske styrkane hadde kapitulert. Men det var først dagen etter, tysdag 8. mai, at all tvil var borte: Dei tyske styrkane her i landet hadde også gitt seg.
Fekk beskjed av bestemor
– Eg hugsar dagen godt. Det var mi gode bestemor som gav oss beskjed tidleg på morgonen. Ho hadde fått høyra det av ein nabo, fortel Torstein Tunheim.
Han var 15 år då, og gjekk på skulen annakvar dag – i den grad dei fekk kome seg dit i det heile tatt mot slutten av krigen, då skulestova på Tunheim var fylt med evakuerte pasientar frå Stavanger.
8. mai 1945 skulle han på skulen, men han fekk tidleg beskjed av læraren – naboen Torleif Aarrestad – om at dei skulle få fri, og at han ikkje trengde å gå nett den spesielle dagen.
– Det første både me og mange andre gjorde, var å finna fram flagga. Det var små flagg over alt den dagen, fortel Tunheim.
Okkupasjonsmakta hadde under krigen lagt ned forbod mot bruk av norsk flagg, utanom på flaggstong ved spesielle høve. All bruk av småflagg og det norske flagget som merke blei forbode – og blei dermed eit viktig symbol for motstandskampen. Mange som hadde flaggstong, protesterte i krigsåra med ikkje ein gong å flagga på 17. mai.
– 8. mai sette bestefar flagg på kjerrene. Hestar var verdifulle, og det var ikkje ofte eg som 15-åring fekk lov til å halda i taumane og køyra sjølv. Men den dagen fekk eg lov. Ned hovudvegen og bort til naboen – i ei kjerre med to flagg på. Det var ei eineståande kjensle av dobbel fridom: Fridomen med dei synlege flagga og fridomen med å få styra sjølv, fortel Tunheim.
– Ei enorm glede og letting
Frigjeringa kom ikkje som ei stor overrasking. Gjennom mange månader hadde det kome meldingar om at tyske styrkar var på retrett.
– Det var noko som me gjekk og venta på, og det var ei enorm glede og letting då freden endeleg kom. Det var ikkje noko hat mot dei som hadde okkupert oss, berre rein glede, seier Torstein Tunheim.
– Men det opplevdest nok ulikt. For oss som var ungdommar, var frigjeringsdagen berre rein glede. Men eg minnest stemninga blant dei vaksne karane som møttest nede ved vegen, der det var ein fast stad for å plukka opp avisene. Dei var også glade, men under låg det eit alvor. Dei hadde allereie begynt å tenkja på det som skulle skje vidare. På oppgjeret etter krigen, på gjenoppbygginga, legg han til.
For unge Torstein var bestemora veldig viktig i tida under og etter krigen.
– Det var ho som batt familien saman og som gav oss tru på at dette skulle me klara. For henne må frigjeringsdagen ha vore ekstra spesiell. Son hennar, onkelen min, var flytta til Amerika, og var med i dei amerikanske styrkane som gjekk i land i Frankrike under D-dagen sommaren før. Til liks med andre som hadde sine ute, visste ho lite. Ville dei nokon gong koma heim att. Eg minnest godt gleda den dagen litt seinare, då onkel Arne kom til gards, i uniform, fortel han.
Har forma han som menneske
Torstein Tunheim er sikker på at krigsåra og frigjeringa har vore med på å forma han som menneske.
– Tanken om at det er viktig med fellesskap, blei nok forma i meg på den tida. Og ønsket om rettferd. Om eg ikkje alltid har fått det til i praksis, så har eg alltid prøvd å få til rettferd, seier mannen som i 2014 blei heidra med Kongens fortenestmedalje for den langvarige innsatsen sin i kultur- og organisasjonslivet og som bonde.
Det frilynte bygdeungdomslaget på Tunheim blei inngangsporten hans til organisasjonslivet
– Aktiviteten i bygdeungdomslaget hadde lege nede under krigen, men etterpå begynte me for fullt att. Også der fekk me kjenna på freden og fridomen me hadde fått. Berre det å kunna starta opp att, var ein fridom i seg sjølv. Og når me møttest, song me alle dei nasjonale songane som var forbodne under krigen. «Gud signe Noregs land», «Ja vi elsker», «Fagert er landet» – det var så mange, og det var så godt å syngja dei saman, fortel han med stjerner i augo.
Så går han og hentar songboka, og viser fram siste verset av nasjonalsongen «Ja vi elsker», som er ført i pennen av diktaren Bjørnstjerne Bjørnson:
Ja, vi elsker dette landet som det stiger frem,
furet, værbitt over vannet, med de tusen hjem.
Og som fedres kamp har hevet det av nød til seir,
også vi, når det blir krevet, for dets fred slår leir.
Også vi når det blir krevet, for dets fred, dets fred slår leir.
– Eg føler ikkje heilt at eg klarer å uttrykkja kor viktig det er med fred, og kor sterkt det ordet er. Kanskje den store diktaren får det betre til? Det er eit vers som betyr mykje for meg, seier Torstein Tunheim.
– Fekk vera oppe så lenge me ville
Mot slutten av samtalen kjem også kona, Aaslaug Tunheim, heim til leilegheita på Bryne som dei flytta til for fem år sidan.
Aaslaug er fem år yngre enn Torstein, men hugsar også godt fredsdagen, då ho var ti år.
– Det var litt sånn halvkaldt, slik det ofte er på den tida av året. Og så hugsar eg godt at me fekk lov til å vera oppe så lenge me ville den kvelden, fortel ho med eit smil.
Familien budde i Hillevåg i Stavanger då krigen braut ut. Far hennar var styrar på arbeidsgarden der.
– Nazistane skaut ikkje, men me i familien såg at dei sikta på far med pistol. Det gjorde sterkt inntrykk, fortel ho.
Det blei sett inn ein nazistisk styrar på arbeidsgarden, og faren såg seg då nøydd til å flytta med familien heim til garden han kom frå på Årrestad. Så det var der Aaslaug var på frigjeringsdagen i 1945.
Ho minnest at dei tok turen over til ein nabo, som hadde reist flaggstonga att, for felles flaggheising og feiring av freden.
– Freden blei erstatta av eit terrorvelde
Leiaren i Time historielag, Tarald Oma (84), er også med på samtalen.
– Eg var liten, berre fire år, men hugsar også godt fredsdagen. Dette med alle flagga som blei henta fram, hugsar eg. Og gleda. Og så hugsar eg at heile familien gjekk ned til hovudvegen, og at det kom køyrande ei avdeling med engelske soldatar i jeepar, fortel Oma.
– Som Torstein var inne på: Fred er eit sterkt ord. Fred er fundamentet både for den enkelte sitt liv og for samfunnet. Og det var freden tyskarane tok frå oss under krigen. Freden, fridomen, ytringsfridomen og demokratiet blei erstatta av eit terrorvelde. Så det er ikkje rart at gleda var stor då me endeleg fekk alt dette tilbake, seier Oma.
Han fortel at dei som budde på gard og produserte maten sin sjølve, hadde det greiare enn veldig mange andre.
– Me hadde i det minste mat på bordet kvar dag, og me prøvde også så godt me kunne å hjelpa andre i slekta som hadde det vanskelegare. Men bøndene fekk ikkje rå over alt avlinga sjølve. Nazistane kom og følgde med i detalj kor mange sekkar korn avlinga blei på, og kravde at ein viss del av avlinga blei leverte til dei. Og folk og utstyr blei kommanderte ut på tvangsarbeid for okkupasjonsmakta. Også det var å ta frå folk ein del av fridomen, seier Oma.
I lokalstyret skjedde det ei stor endring i 1942, då dei lokale ordførarane blei avsette og erstatta med nazivennlege ordførarar. Same året gjorde okkupasjonsmakta ein stor framstøyt for å nazifisera skulen, men mange lærarar sa nei og blei arresterte.
Enkelte var openlyse nazisympatisørar, og enkelte sympatiserte nok også i det skjulte. Openberr motstand mot nazismen kom med ein risiko.
– Folk var forsiktige med kva dei sa. Ein kunne aldri vita, så det var viktig å passa seg, seier Oma.
Trekkjer linjer mot verda i dag
Etter at den første gleda over den gjenvunne fridomen hadde lagt seg, var det også openbert at det måtte koma eit oppgjer.
– Nokon vil seia, kanskje med rette, at reaksjonane mot dei som hoppa over til fienden var for sterke. Men det er også viktig å tenkja på kva folk hadde opplevd dei fem åra med okkupasjon. Landet og demokratiet og ytringsfridomen blei teke, og blei erstatta av eit terrorregime av verste sort. Ut frå det perspektivet er det råd å forstå behovet for sterke reaksjonar, seier Oma.
Han trekkjer også linjer inn mot verda i dag.
– Det forunderlege er at nazistane i Tyskland kom til makta gjennom demokratiske val i verdas mest utvikla land, både økonomiske og politisk, og på kort tid klarte å avvikla demokratiet. No ser me igjen at ein politisk vald leiar i eitt av verdas mest utvikla land på alle vis, USA, mellom anna går til angrep på ytringsfridomen til universiteta og gjev uttrykk for at han vil leggja under seg andre land. Det er all grunn til å sjå på historia og kva me kan læra av henne, seier Oma.
– Ein viktig merkestein
Historikaren Øystein Hetland (fødd 1981) frå Bryne har brukt mykje av studie- og arbeidslivet sitt til å jobba med 2. verdskrigen.
– Kva får nokon som er fødd 36 år etter at krigen var slutt til å bli så interessert i nett dette temaet?
– Eg er ikkje den einaste, det er ei nasjonal interesse rundt dette også blant folk som er fødde lenge etter krigen. Ein hovudgrunn er nok at 2. verdskrigen enno er eit viktig referansepunkt her i landet, seier Hetland.
– Historisk sett har me vore heldige i Norge. Eitt stort unntak var okkupasjonen frå 1940 til 1945. Plutseleg var det nordmenn som blei utsett for og med på ting som ein berre har høyrt om frå andre land. Krigen er ei evig påminning om at me ikkje kan ta noko for gitt. Han er også ein viktig merkestein som me måler ting opp mot, for eksempel Covid – med dei største inngrepa i folk sine liv sidan 2. verdskrigen. Eller 22. juli – det verste angrepet på norsk jord sidan krigen, legg Hetland til.
I 2020 disputerte Hetland til doktorgraden på ei avhandling om norsk politi under krigen, og han har arbeidd som forskar på Holocaust-senteret i Oslo. No er han førsteamanuensis i historie ved UiT Noregs arktiske universitet i Tromsø.
– Har blitt meir aktuelt
Etter Russland sin fullskala invasjon i Ukraina for tre år sidan, er den norske krigshistoria og erfaringane derfrå blitt meir aktuell att, meiner historikaren.
– Krigen er i nabolaget vårt, igjen, slår Hetland fast.
– På 1990-talet, då eg var ungdom, opplevdest krigen som litt parodisk: Dei gamle gubbane med medaljar som snakka om beredskap og at me aldri kunne ta noko for gitt, medan det for oss unge berre kjendest som ei svunnen tid. Noko som hadde vore aktuelt for lenge sidan, seier Hetland.
– Den latteren har stilna no. Det har vore eit sjokk for min generasjon at krig igjen er aktuelt i nærområdet vårt, legg Hetland til.
Også uroa rundt det som skjer i USA om dagen, har gjort krigshistoria meir aktuell, ifølgje Hetland.
– Det er ei frykt for tap av demokrati og rettsstat i USA – det same som me her i landet tapte under krigen. I så måte kan det vera viktig å dra lærdom både av dei vanskelege vala som folk blei sette overfor, og korleis folk på ulikt vis mobiliserte til motstand, seier han.
Gjennom arbeidet sitt har Hetland sett mange, mange bilde frå frigjeringsdagen i 1945, og dei har gjort inntrykk på han.
– Bilda har gjeve meg ei djupare forståing av for ei enorm glede og letting det var for folk då freden endeleg kom. At ein går frå ein situasjon der ein alltid må sjå seg over skuldra, til ein situasjon der ein kan gå og snakka fritt. Å kunna få utløp for alt det ein hadde halde inne i mange år. Det må ha vore ei heilt spesiell kjensle av fridom, og på bilda går det an å sjå i ansikta på folk, seier Hetland.