Trine Vika Tengesdal har fått ny jobb, men held seg i Klepp kommune.
Trine Vika Tengesdal har fått ny jobb, men held seg i Klepp kommune. Foto: Privat

– Eg har hatt 18 flotte år i Orre, med herlege ungar, kjempegode kollegaer og foreldre, men no var det på tide å flytta på seg, seier Trine Vika Tengesdal.

Medan Trine var leiar, vaks barnehagen frå éi til fire og vidare til sju avdelingar.

I dag er det 101 barn i Orre barnehage.

– Det har vore enormt lærerikt, spennande og krevjande. Me har vakse i lag – barnehagen, me som jobbar der og bygda.

Sjølv om ho er heilt fersk i jobben, skryt ho av Sørhellet, som i dag har 75 barn fordelt på fire avdelingar.

– Eg veit at det òg er ein god barnehage.

Sørhellet har høg andel pedagogar. Halvparten av dei tilsette er barnehagelærarar.

Trine skal ikkje berre styra barnehagen. Ho blir òg leiar for Klepp kommune sitt fagteam for førskulebarn.

Fagteamet koordinerer og utfører det spesialpedagogiske arbeidet for alle barnehagane i Klepp.

Teamet består mellom anna av spesialpedagogar og fagarbeidarar.

Desse jobbar i dei ulike barnehagane for å gje spesialpedagogisk hjelp og sikra særskild tilrettelegging for barna.

Fagteamet består i dag av rundt 20 årsverk.

– Kva vert mest utfordrande og spennande med den nye jobben?

– Det er å bli kjend med nye barn, foreldre og kollegaer. Målet er å halde fram med det gode arbeidet desse organisasjonane gjer, seier ho.

– Og det viktigaste?

– Den viktigaste jobben me gjer i barnehagen, er å gje barna ein trygg barndom, slik at dei trivst og utviklar seg saman med dei tilsette.

Trine Vika Tengesdal overtar stillinga etter Ragnhild Herigstad Aase, som blir ny barnehagesjef i Hå.

I Orre barnehage er Veronica Varhaug midlertidig tilsett som styrar ut 2026.