Salte starta den uvanlege norsktimen med song og gitarspel om ungdomstida på Ganddal.
I klasse 9A er dei omtrent like mange nynorskbrukarar som bokmålsbrukarar, og her snakkar alle ein variant av jærsk.
På storskjermen viste Salte eit bilde av den mest kjende brukonstruksjonen i distriktet, plassert i eit jordbrukslandskap slik grenseområdet mellom Sør- og Nord-Jæren såg ein gong ut på 1800-talet.
Etter litt hjelp rekte ein elev opp handa og identifiserte Skjævelandsbrua. I ein legendarisk låt har Silo & Saft definert brua som skiljet mellom rett og gale, men så harde dommar feller ikkje språkvitaren Trond Salte.
Før skarre-r
Han har vore lærar i den vidaregåande skulen, men skal dei neste to åra ha kontor på Garborgsenteret, på biblioteket på Bryne, som leiar for prosjektet «Meir mål i Rogaland».
Dagen før sjølve nynorskdagen – 12. mai – besøker han ungdomsskulen i Verdalen i Klepp. Her har han fått ein skuletime til å fortelja om statusen for jærdialekta og kva som kjenneteiknar henne, før og nå.
Det går ikkje lang tid før nynorskmannen Arne Garborg dukkar opp på skjermen. Utsjånaden hans er kjent gjennom foto, tekstane er udødelege, men det finst ingen lydopptak av forfattaren som snakkar jærsk.
Salte fortel at sjølv ikkje dei breiaste av dagens dialektbrukarar, pratar likt målet til Garborg. Han snakka om jento, ikkje jenta, ryggjen i staden for ryggen, og ikkje minst rulla han på r-ane.
Eit sitat frå Garborg vart henta fram, om korleis han meinte dei snakka på Sandnes: «Jærbumaal uppfina med Gatefint fraa Stavanger»
Moderne jærsk
Analysen fungerer som ei grei oppsummering av korleis brynedialekta er i dag, meiner Salte, med skarre-r av eitt av kjennemerka.
I masteroppgåva studerte han brynedialekta, og jamførte dagens ungdommar med korleis ungdommane på Bryne prata på slutten av 1970-talet. Endringane dei siste femti åra var små, sett i forhold til endringane som skjedde i målet til Garborg.
I klasse 9A seier så godt som alle, å springa. Dei nyttar svake hokjønnsord – ei gada – og uttaler substantivet med blaute konsonantar. Adjektiv blir ofte følgde av ein e – som i ein sterke mann.
Eit fåtal i klassen seier kodn i staden for horn, eller adle i staden for alle. Dette er kjenneteikn Salte trur er på veg ut av jærdialekta.
Overraskande svar
Dialektmangfaldet i Norge held fram i fjernsynet, forretningslivet og i Stortinget, der representantane taler slik dei gjer til vanleg. Det finst ikkje eit normert norsk talemål, slik det gjer med skriftspråk.
Men slik Salte opplevde på skulen i Ganddal, har folk ofte forventningar til kva som er rett uttale. Klassekameratane reagerte når han sa han var frå Austrått, på ein brei, jærsk måte.
Han spurte elevane om dei har erfart at dei måtte legga om for å gjera seg forstått, eller om dei har høyrt foreldra eller besteforeldra reagera på at dei snakkar for «pent».
– Dei synest eg er blitt ekstremt jærsk, svarte Tiril Aga, som har foreldre utan eit snev av jærdialekt.
Spør etter gode ord!
Målet på måndag var å overtyda elevane på Bore ungdomsskule om at språk er interessant, inspirera dei til å halda på dialekta, og kanskje, som ein bonus, vurdera å gje nynorsken ein sjanse.
Oppmodinga om nynorsk var subtil; han nøydde seg med å presentera éi setning, skriven på to måtar:
- Bokmål: Jeg og to venner skal hjem/heim klokka/klokken sju/syv for å bake en/ei søt kake.
- Nynorsk: Eg og to venar skal heim klokka sju for å baka/bake ei søt kake.
Elevane vart spurte om korleis dei ville ha uttalt setninga, dei fleste kunne konkludera at nynorsken ligg nærmast.
Ei anna oppmoding frå Salte var meir eksplisitt. Han rådde elevane til å snakka med eldre språkbrukarar.
– Spør etter gode jærske dialektord. Dei døyr, viss me ikkje bruker dei.