Ifølge den føreslåtte barnehagebruksplanen kan det verta aktuelt å riva Bjorhaug barnehage og bygga ein ny og større barnehage i staden.
Ifølge den føreslåtte barnehagebruksplanen kan det verta aktuelt å riva Bjorhaug barnehage og bygga ein ny og større barnehage i staden. Foto: Nils-Ove Steinbru Støbakk, Hå kommune

Dei gode nyheitene er at det er nok barnehageplassar i Hå. Dei dårlege er at fordelinga er ujamn. Medan det framleis er ledig kapasitet sørover i kommunen, er det meir enn fullt heilt i nord.

Det er i dag 531 barnehageplassar tilgjengelege på Nærbø, men behovet er større: 545 plassar.

Etterspurnaden er venta å halda seg på same nivå til langt ut på 2030-talet.

Dessutan er det behov for å setta av meir plass til dei tilsette. Det kan gå ut over leikearealet. Då vert det endå færre barnehageplassar tilgjengeleg.

Det kjem fram i den nye barnehagebruksplanen som kommunestyret får på bordet 12. desember.

Fleire vil ha plass i barnehagen

Grunnen til at behovet for barnehageplassar ikkje går ned, trass i at folketalet ikkje veks like fort som før, er todelt.

Den eine grunnen har å gjera med den aukande tilflyttinga av flyktningar dei siste åra.

Den andre grunnen er at fleire enn før søker om barnehage for dei yngste barna. Det er ikkje sånn at det er så mange fleire barn enn før, men at fleire av dei (eller, helst foreldra deira) vil ha barnehageplass.

Dette er ein trend som er venta å halda seg. Talet på mottakarar av kommunal kontantstøtte går jamleg ned. Samtidig har maksprisen i barnehage gått ned frå 3.000 kroner til 2.000 kroner.

Det gjer det utfordrande å finna barnehageplass på Nærbø til alle som søker.

Riving og nybygg

Barnehagebruksplanen listar fleire moglege tiltak.

Eit av dei er å bygga ny og større barnehage, samtidig som ein avviklar eldre og mindre funksjonelle barnehagar.

Fleire av barnehagane i kommunen ber nemleg preg av at dei vart bygde for å oppfylla kravet om full barnehagedekning. Kvaliteten, både på sjølve bygga og på uteområda er varierande. Det er i fleire tilfelle modulbygg, meint som mellombels løysingar i påvente av at etterspurnaden skulle gå ned. Den nedgangen har aldri komme.

Førebels finst det ingen plan for korleis desse modulbygga skal erstattast.

I den føreslåtte barnehagebruksplanen er det eit vedtatt mål at kvaliteten mellom barnehagane skal vera likeverdig, og at det skal vera meir plass til leik og opphald per barn.

Å riva for å bygga nytt, kan løysa dette, auka talet på barnehageplassar, og sørga for at dei tilsette får betre arbeidstilhøve, til dømes med eigne personalrom.

Barnehagebruksplanen trekk konkret fram Bjorhaug barnehage. Her er det i dag plass til 55 barn fordelt på tre avdelingar. Dagens barnehagebygg er laga av modular og har avgrensa levetid.

Bygget kan rivast for å gje plass til ein større, permanent barnehage på same tomt.

Det finst òg ei tomt rett ved Bø skule som er regulert til barnehage. Denne kan gje plass til ein barnehage med seks avdelingar og plass til totalt 130 barn.

Eit anna grep er den planlagde oppgraderinga av Breidablikk barnehage. Planen er 20 nye barnehageplassar, i tillegg til grupperom og arbeidsrom for dei tilsette, men av dei 20 nye plassane er berre ni tiltenkt dei yngste. Det er uansett ikkje nok til å dekka inn heile behovet på Nærbø.

Kommunedirektøren varslar òg at ho vil vera positiv dersom ein av dei private barnehagane på Nærbø ønsker å utvida drifta si.

Ser ein Hå kommune under eitt, er det framleis meir enn nok barnehageplassar i kommunen. I dag er det overkapasitet på Varhaug og i Stokkalandsmarka utanfor Vigrestad.

– Ville ikkje sendt ungane mine til Varhaug

I formannskapet slo ordførar Andreas Bjorland (KrF) fast at det er utfordringar med dekninga nord i kommunen.

– Og så er det ikkje så lett å få dei som bur på Nærbø å senda ungane sine til Varhaug. Det trur eg ikkje eg ville gjort med mine ungar, heller, innrømma han.

Bjorland meinte kommunen framover i hovudsak bør legga opp til at det skal vera nok barnehageplassar i kvar bygd.

– Eg trur dei fleste i Hå ønsker å bruka si eiga bygd, så langt dei klarar. Det oppfattar eg òg at barnehagebruksplanen legg opp til, sa han.

Ordføraren håpa oppgraderinga av Breidablikk barnehage kan betra noko av kapasiteten på Nærbø.

Det er tre private barnehagar i Hå: Tryggheimsvegen barnehage og Espira Skjeraberget barnehage på Nærbø og Tjemslandsmarka barnehage på Varhaug. Ifølge ordførar Bjorland vurderar to av desse å utvida.

– Det tenker eg me er positive til, sa han.

Ap: – Barnehagar bør vera kommunale

For fem år sidan forsvann det 47 barnehageplassar frå Nærbø då fleirtalet i kommunestyret gjekk inn for å legga ned Urhei barnehage.

Njål Sikveland (Ap) minna om dette i formannskapet tysdag.

– Me i Arbeidarpartiet var ikkje heilt for å legga han ned. Nå ser me at det trengst fleire plassar, sa han.

Sikveland syntest forslaget om å riva Bjorhaug barnehage og bygga nytt og større, var spennande.

– Det synest eg me berre skal gå i gang med, sa han.

Ei tredje tilråding frå kommunedirektøren, å gje tommel opp til private barnehagar som vil utvida, var han ikkje like nøgd med.

– Me i Arbeidarpartiet ser helst at barnehagar skal vera kommunale, sa han.

– Får du barnehageplass på Varhaug og bur på Nærbø, har du eit problem om du ikkje har bil, sa  Marianne H. Osmundsen (Frp)
– Får du barnehageplass på Varhaug og bur på Nærbø, har du eit problem om du ikkje har bil, sa Marianne H. Osmundsen (Frp) Foto: Foto: Håvard Ovesen (arkiv)

Elin Hetland Mong (Hå-lista) viste til formuleringa i planen der det heiter at ambisjonsnivået må senkast, og at det må vera nok så lenge ein kan tilby barnehageplass innafor kommunegrensene.

– Konsekvensane av det vert jo eigentleg at ungane vert sende frå nord i kommune og sørover, sa ho.

Mong lurte på om det kunne vera greitt å ta vekk dette punktet.

Marianne H. Osmundsen (Frp) meinte derimot det var greitt å halda på det, slik at foreldre som treng det, kan velja barnehage òg utanfor heimbygda.

For Osmundsen var det viktigaste likevel at det må vera ledig kapasitet i heile kommunen.

– Får du barnehageplass på Varhaug og bur på Nærbø, har du eit problem om du ikkje har bil. Når kollektivtransporten ikkje er god nok, og det berre går tog ein gong i timen, må me legga til rette. Sånn er realiteten, sa ho.

– Treng Stokkalandsmarka og Brusand

Då kommunedirektøren tidlegare i haust la fram forslaget sitt til budsjett og handlings- og økonomiplan for 2025 til 2028, poengterte ho at ho for ein gongs skuld ikkje hadde tatt ut politikarane sitt ønske om pengar til ny barnehage på Brusand.

Det trass i at barnehagen, etter hennar syn, ikkje er nødvendig; Det er plass nok i barnehagane i nabobygdene til å absorbera alle ungane som i dag går i Askeladden barnehage.

Gjennomgangstonen i formannskapet var likevel at dei ikkje var redde for at det vert overkapasitet, korkje på Brusand eller i Stokkalandsmarka barnehage tre kilometer unna.

Ordførar Bjorland vedgjekk at dei to barnehagane allereie i dag har overkapasitet, men sa at det er signal som tyder på at tomtesalet i Stokkalandsmarka er i ferd med å ta seg opp igjen.

– Eg trur noko kjem til å skje. Då treng me dei plassane som er, sa han.