– Det er frustrerande at me må parkere langs vegen, seier June Telstø Maudal.

Ho er tilsett i barnehagen, men også mor til to ungar der.

Problemet gjer seg særleg gjeldande i leverings- og hentetida. Då blir parkeringa fort fullt opp, ifølgje Maudal.

Foreldre må parkere langs vegen nedanfor parkeringsplassen til barnehagen, ifølgje dei tilsette som Jærbladet snakkar med.
Foreldre må parkere langs vegen nedanfor parkeringsplassen til barnehagen, ifølgje dei tilsette som Jærbladet snakkar med. Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

– Når eg går åleine med to små barn, går det ut over sikkerheita. Klokka 08 på morgonen kjem det ganske mange bilar langs vegen her, seier ho.

Skal ha stått stille i vekevis

Renate Fenne, dagleg leiar i Kleppestemmen FUS, deler bekymringa til kollegaen sin.

Barnehagen, som rommar 50 ungar, ligg ved ei ferdselsåre som fører til eit bustadfelt. Blant bilane som køyrer forbi er ein del større lastebilar, ifølgje Fenne.

Renate Fenne starta som dagleg leiar i Kleppestemmen FUS i mars 2025. Allereie då skal det ha vore eit problem at bilar parkerte i hentetida og gjerne ikkje flytta dei før 09-tida morgonen etter. Frå i vår av skal nokon ha begynt å stå parkert også under heile opningstida.
Renate Fenne starta som dagleg leiar i Kleppestemmen FUS i mars 2025. Allereie då skal det ha vore eit problem at bilar parkerte i hentetida og gjerne ikkje flytta dei før 09-tida morgonen etter. Frå i vår av skal nokon ha begynt å stå parkert også under heile opningstida. Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

Det er langs denne vegen foreldra ser seg nøydde til å parkere når det er fullt.

– Det er skummelt, seier Fenne.

Det er skilta om at parkeringa er reservert barnehagen mellom klokka 07 og 17. Likevel opplever dei tilsette at framande privatbilar og arbeidsbilar har begynt å stå parkerte i heile opningstida.

Ved inngangen til parkeringsplassen er det tydeleg skilta.
Ved inngangen til parkeringsplassen er det tydeleg skilta. Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

Nokon av bilane skal ha stått i fleire veker utan å ha vore flytta på. Andre blir gjerne parkerte i 15-tida – midt i barnehagens henterush.

Særleg sidan i vår skal problemet ha tatt seg opp, sjølv om det allereie var til stades då Fenne starta som leiar i mars 2025.

– Det har vore utfordrande ganske lenge, seier ho.

– Under leveringa i 08-tida er det heilt fullt. «Alle» leverer som regel samtidig, og då er det litt kaos.

Kommunen: – Kjem til å ta kontakt med bileigarane

I håp om å få bukt med parkeringsutfordringa, har barnehageleiaren sendt eit brev til Klepp kommune.

Tilsette skal ha forsøkt å legge lappar med tydeleg beskjed på frontruta til bilane som står parkerte i opningstida til barnehagen. Dette har ikkje ført fram.
Tilsette skal ha forsøkt å legge lappar med tydeleg beskjed på frontruta til bilane som står parkerte i opningstida til barnehagen. Dette har ikkje ført fram. Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

Ho håpar at kommunen for eksempel kan sende ei parkeringsvakt som kan sette opp varsel om borttauing eller bot.

Kjersti Marita Ohr, som er kommunalteknisk sjef i Klepp kommune, bekreftar overfor Jærbladet at kommunen eig parkeringsplassen.

– Me kjem til å ta kontakt med bileigarane som parkerer på dagtid, og informere om at dei ikkje kan stå der på dagtid, seier ho.