Den siste tida har plassen rundt samfunnshuset på Undheim vore full av parkerte bilar på dagtid. Samfunnshuset er blitt eit stopp for bussar som køyrer fram og tilbake til datasenteranlegget knappe tre kilometer oppe i lia langs fylkesveg 505.
Også på handelslaget sin parkeringsområde er rundt 50 plassar sett av til DC Nordic, totalentreprenøren i datasenterbygginga.
I anleggsfasen skal etter kvart rundt 600 personar jobba på området, men det er ikkje lagt opp til at mange av dei skal kunna parkera.
Dispensasjon frå bustadbygging
Time kommune er positive til ein dispensasjonssøknad frå Pål Undheim, på vegner av byggmeister P. Undheim, til å omgjera ei tomt vegg i vegg med handelslaget, til endå 249 mellombelse parkeringsplassar for folk som jobbar på anleggsområdet.
Dispensasjonen trengst fordi tomta er regulert til bustader.
Ein midlertidig parkeringsplass vil ikkje komma vesentleg i vegen for å byggja bustader, meiner kommunens byggesaksavdeling. Arealet vil framleis kunna nyttast til bustadutbygging i samsvar med reguleringsplanen seinare, påpeiker dei.
Tiltaket vil heller ikkje påføra naboane vesentlege ulemper utover det som bustadbygging i området vil gi, ifølge kommunen.
Fordelane med å gi dispensasjon, er klart større enn dei avgrensa ulempene med ein tidsavgrensa dispensasjon, konkluderer saksbehandlar.
Fylket stiller spørsmål
Kommunen har sendt si vurdering til Rogaland fylkeskommune og statsforvaltaren for å høyra om dei har innvendingar.
Fylkesdirektøren har ikkje vesentlege innvendingar til ein tidsavgrensa dispensasjon frå bustadformålet, men meiner behovet ikkje er tilstrekkeleg dokumentert. Han meiner alternativ, som fellestransport og samkøyring, bør vurderast.
«Fylkesdirektøren stiller spørsmål ved størrelsen på det omsøkte parkeringsarealet. Etablering av 249 bilparkeringsplasser innebærer et betydelig omfang, og det framgår ikke hvordan behovet for antall plasser er beregnet.»
Ønsker starthjelp
Pål Undheim fortel at tomta vart regulert til bustader tilbake rundt 2013. Planen vart vedtatt i kommunestyret året etter.
– Me har søkt om og startar straks på dei første 9 bustadene på feltet, men det ville bidratt å få litt starthjelp på resten, seier han.
Han seier at prisane på Undheim er krevjande, men at P. Undheim har eit ønske med å koma i gang med prosjektet.
– Me såg derfor ei moglegheit då me høyrde det begynte å fyllast opp på samfunnshuset og handelslaget. Me var med og sette i gang dialogen mellom handelslag, samfunnshuset og DC Nordic, og me vil sjølvsagt at det ledige parkeringsplassane blir nytta først.
Ifølge Undheim har dei ikkje snakka med DC Nordic om dei kommersielle vilkåra ennå. Dei forklarer at dei først ville finna ut kva som var mogleg å bruka tomta til.
DC Nordic har ikkje svart Jærbladet.
«Knirkefritt» på samfunnshuset
Rundt 70 av dei 80 parkeringsplassane ved samfunnshuset er leigde ut til DC Nordic i ein toårsperiode til datasenteret står ferdig, ifølge styreleiar Helge Lode.
Det har gått fint, opplyste Lode til Jærbladet tidleg i september: Samfunnshuset har ikkje arrangement på dagtid, og DC Nordic har fått beskjed om program fram til jul. Dei har halde seg vekke når samfunnshuset har hatt behov for plassane sjølv, ifølge styreleiaren.
– Dette er blitt løyst knirkefritt, sa Lode.
Pengar inn og nye kundar
Også styreleiaren i Undheim handelslag er fornøgd med avtalen om å leiga ut rundt 50 av dei rundt 80 plassane på området – og med inntektene dette gir. Kva beløpet er, vil Leif Undheim ikkje ut med.
– Det er ikkje akkurat ei gullgruve. Men det gir handelslaget ein sum som gjer det interessant for oss, seier han.
Ein annan oppside er at mange som jobbar på anlegget og som parkerer ved butikken, også har begynt å handla der.
– Dei har vist seg å bli gode kundar hos oss, og det er positivt, seier Leif Undheim.
Avtalen om å få leiga parkeringsplassar på oppmerkte område ved handelslaget, blei inngått for rundt ein månad sidan, ifølge styreleiaren.
– Må vera trafikksikkert
Han blei ikkje spurt om å gi frå seg fleire plassar enn dei 50, seier han.
– Me sa kva me kunne tilby dei utan at det ville gå ut over drifta – kundeparkering og vareleveransar til butikken og landbruksavdelinga. Me har ein køyresone som me må oppretthalda, og kundeparkeringa må vera trafikksikker. Me kan ikkje kompromissa med det, seier Undheim.
Det er bra at kommunen seier ja til å omdisponera ein del av Pål Undheim si tomt like ved sidan av handelslaget i anleggsperioden, synest han.
– Når det er så rigid å få omdisponert jord til parkering som etterpå kan bli til fin jordbruksjord og fantastisk dyrkingsareal for bøndene der oppe, blir det jo til at ein søker løysingar andre plassar, seier Leif Undheim, styreleiar i Undheim handelslag, til Jærbladet.