34-åringen er industrimontør i Moi AS på Orre. Inntil nokså nyleg hadde han leilegheit der, men nå vekslar han mellom å bu hjå foreldra på Kleppe og i «Huset med tre fargar».
Det er det naboane i Tinghaugvegen på Bryne har pleidd å kalla huset, som dei siste åra har vore brunbeisa, offwhite og grøngult på éi og same tid.
I ein kort periode har det fått éin farge til, mens den nye naboen deira fiksar fasaden. Jim André har berre fått gode tilbakemeldingar.
– Endeleg er det noko som skjer, seier dei.
Fire etasjars jobb
Frå utsida har veninna Christina sett at huset treng ein del kjærleik. Likevel blir ho overraska då ho kjem inn gangen, og får sjå kva slags arbeid kameraten har tatt på seg.
– Wow! Okei ...
Det er lenge til ho kan vera med og måla tak og veggar her inne.
Sidan Jim André tok over i november, har det meste handla om å riva. Og han er langt frå ferdig.
På 1960-talet vart taket løfta, slik at huset tel heile fire etasjar. Etter ein storm i nyare tid vart taket, nokre av vindauga og delar av kledningen skifta, men det er like fullt ei totalrenovering Jim André står framfor.
Han har fagbrev som tømrar, men kan ikkje gjera alt sjølv. Røyrleggaren har vore inne og gjort ein jobb, og neste gong blir det elektrikaren sin tur til skifta ut det elektriske anlegget.
Familien var seljarar
Grunnboka viser at Jim André gav tre millionar kroner for huset, som mora og fire sysken arva av faren i 2021.
I Tinghaugvegen 3B deler han oppkøyrsel med onkelen Sigval Bryne, som bur i 3A.
– Eg fekk det til redusert fordi det er eit renoveringsobjekt, og fordi dei ønskte å ha det i familien. Det vart bygt i 1905 og har vore i familien sidan. Men då det ikkje var andre som ville ta på seg dette oppussingsprosjektet, utanom meg, følte eg for å slå til.
Dei grunnleggande tinga er bra: Ein laftekasse i tømmer av ein kvalitet som overgår den som finst i nyare hus.
Og ikkje minst er plasseringa sentral. Reisevegen til jobb er blitt lengre, men det er det verd, seier Jim André.
– Det er ikkje mange som kan seia at dei har kjøpt hus midt i sentrum. Her er det kort veg til absolutt alt.
Rå mancave
Christina får vera med ned og sjå kjellaren, der oppussingsplanane er komne lengst.
– Det skal bli sabla bra, lovar Jim André.
Her skal han friska opp den gamle støypeomnen som vart brukt til å koka klede, og setta inn ein lang arbeidsbenk, der han skal brygga øl.
– Når mancaven min er ferdig, blir dette den mest populære plassen på Bryne å starta festen! Her skal eg ha sofahjørne med stort anlegg og storskjerm, med Formel 1 og fotball på.
Men mancaven har langt frå førsteprioritet. Med fire etasjar er Jim André nøydd til å prøva å ta éin ting om gongen.
– Eg var veldig ivrig etter å få kjellaren klar, men veit du kva: Det er jo ikkje det viktigaste. Derfor måtte eg berre bråstoppa.
Eitt år til med oppussing
For å finansiera oppussinga skal han skal bu i dei to nedste etasjane, og så leiga ut dei to øvste, i alle fall dei første åra.
Eigentleg prioriterer han å gjera huset innflyttingsklart, men han vil også utnytta sommaren. Dei neste vekene skal han måla fasaden, skifta delar av kledningen og byta ut fem vindauge.
Når hausten og vinteren kjem, flyttar han innandørs igjen. Men før han skal gjera noko meir, skal han ha ei veke på hytta. Det blir så mykje jobbing framover at han er nøydd å kopla av.
– Eg vil nok bruka heile neste år før eg er komen hundre prosent i orden – i og med at eg står i dette oppussingsprosjektet åleine, og at eg går rett frå jobb til å jobba her.