Håkon Kvia (Frp)
Håkon Kvia (Frp) sa at det unge paret som vil kjøpa Skutholen gard har alt politikarane kan ønska seg. Likevel stemte han mot å gje dei konsesjon til ei investering på 25,5 millionar kroner. Foto: Håvard Ovesen

Jærbladet har tidlegare skrive om Geir og Olaug Ødegård. Dei har drive Skutholen gard nokre kilometer utanfor Varhaug. I fjor haust la dei han ut for sal. Det tok ikkje lange tida før dei fekk kjøparar. Eit par i 20-åra, Andre Holt Hodne og Dina Kristine Heigre, fekk tilslag på eit bod på 25,5 millionar kroner for garden, inkludert ei mjølkekvote på 350.000 liter.

Kjøp av lausøyre og dyr kjem utanom. Kjøparane har avtala ein pris på 3,5 millionar kroner med seljarane.

Heile eigedommen er på 484 dekar. Av dette er 370 dekar fulldyrka jord og 71 dekar innmarksbeite. Garden har 43 mjølkekyr og 104 kalvar, kviger og oksar. På garden er det bustadhus med kjellarleilegheit og dobbel garasje, maskinhus, lausdriftsfjøs med mjølkerobot og eit uinnreda grisehus på to etasjar frå 1985.

Men, som Jærbladet skreiv måndag, meiner kommuneadministrasjonen at prisen er for høg og at han ikkje står i forhold til avkastninga garden vil gje.

Det er eit strengt regelverk knytte til kjøp og sal av landbrukseigedomar, og kjøparane er avhengige av konsesjon frå kommunen for å få lov til å ta over.

Ein klausul i kjøpekontrakten gjer at salet av Skutholen vert oppheva om kjøparane ikkje får den nødvendige konsesjonen.

Både seljarane og kjøparane sat og høyrde på då politikarane i Utval for samfunn torsdag diskuterte om dei skulle gje konsesjon eller ikkje.

– Vanskeleg

Innstillinga frå kommuneadministrasjonen var klar: Prisen var for høg til å gje konsesjon. Det ville i så fall vore i strid med konsesjonsloven.

Merethe Elin Kvia (Hå-lista), som fleire etter henne, kalla saka vanskeleg.

– Når nokon er einige om at prisen er 25 millionar kroner, og så skal me bestemma at det er for dyrt – det er vanskeleg, sa ho.

Kvia sa at ho rett og slett ikkje heilt skjønte argumentet for at politikarane skal seia nei når både seljar og eigar er einige om prisen.

– Når det er folk som vil kjøpa, er det veldig bra. Om me går inn og bestemmer at folk ikkje får selja for den prisen dei vil ha, risikerer med at folk sluttar å investera i gardane sine, fordi dei fryktar at dei ikkje får det igjen når dei skal pensjonera seg, sa ho.

Denne garden i Hå vart seld på den opne marknaden for 25,5 millionar kroner. Men når politikarane ikkje vil gje konsesjon, fell salet gjennom.
Denne garden i Hå vart seld på den opne marknaden for 25,5 millionar kroner. Men når politikarane ikkje vil gje konsesjon, fell salet gjennom. Foto: Foto: Skjermdump frå Google Maps

Kvia fekk støtte frå Gunn Hege Skretting Sirevåg (H), som sjølv vaks opp på gard. Ho la vekt på at politikarane i ein av Noregs største landbrukskommunar må evna å sjå saka frå begge sider.

Sirvevåg var òg opptatt av at dei som legg ned arbeid og investeringar i gardsdrift må vita at dei sit igjen med noko i andre enden.

– Skal me ha bønder om 20 år må me legga til rette, både for bonden og for dei som skal selja garden dei har jobba fram. Det er ikkje lenger sjølvsagt at ungane held fram med foreldra sin gard. Då må det vera mogleg for dei som har drive garden å sitta igjen med noko etter eit langt liv som bonde. At livsverket kan seljast vidare til topp motiverte bønder som verkeleg ønsker, må vera heilt unikt for Hå kommune, sa Sirevåg.

Ho la til at det likevel må vera samråd mellom pris og god økonomi og ein fornuftig forretningsplan.

– Å seia nei styrkar næringa

Utvalsleiar Magnus Ånestad (KrF) sa at saka var prinsipielt viktig.

– Dette handlar om folk som vil inn i landbruket, sa han.

Regelverket stiller fleire krav for at kommunen skal gje konsesjon til kjøp av landbrukseigedom. Planen til det unge kjøparparet oppfylte ifølge utvalsleiaren alle, med unntak av prisen.

– Prisen må ikkje vera høgare enn det som reflekterer driftsgrunnlaget av eigedommen og verdien av garden som bustad. Det er garden sjølv som skal kunna forrenta denne investeringa. Legg ein ei normal avkastning til grunn, er det vanskeleg å komma opp i den prisen dei har avtalt, sa Ånestad.

Han meinte at kommunedirektøren hadde strekt seg langt når han føreslo at ein salssum på 20 millionar kroner ville vera akseptabelt.

Merethe Elin Kvia (Hå-lista) kunne ikkje heilt skjønna at politikarane skal gå inn og seia at prisen er for høg når både seljar og kjøpar uansett er einige.
Merethe Elin Kvia (Hå-lista) kunne ikkje heilt skjønna at politikarane skal gå inn og seia at prisen er for høg når både seljar og kjøpar uansett er einige. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Ånestad meinte at å seia nei til konsesjon i lengda vil styrka den aktive landbruksnæringa.

– Me er med på å halda prisen på landbrukseigedomar på eit nivå der dei kan betala investeringa ned med drifta. At det er drifta som skal betala for landbrukseigedomar er grunnlaget for priskontroll i det norske landbruket, sa han.

Han fekk støtte av Knut Åge Gjersdal.

– Eg er einig i at dei som går ut av næringa skal ha noko igjen for det dei har gjort, men det er trass alt dei som er på veg inn i næringa me må tenka mest på. Det er dei som kjem inn på eit nokolunde rimeleg grunnlag som har sjanse til å få det til og ha det greitt, ikkje dei som så vidt klarer å overleva dei første åra, sa Gjersdal.

Sp-politikaren sa at det finst ingen andre næringar som ville gått inn i ei liknande investering.

– Men så er det jo sånn at landbruket er ei politisk styrt næring. Spørsmålet me behandlar i dag, er styrt av lovverket. Det må me følga. Eg vil skryta, både av dei som sel ein gard som er i god drift, og eg har og god tru på dei som vil inn, men slik eg ser det, må me følga loven, sa Gjersdal.

Olaus Trygve Bjuland (KrF) poengterte at heile poenget med konsesjonsordninga er å halda kontroll på prisane i landbruket, slik at inngangsbilletten for dei som vil inn i næringa ikkje vert for høg. Samtidig hadde han forståing for dei som skal selja.

– Krava som vert stilt til bøndene vert større og større og investeringskostnadane stig, men inntektene til bøndene stig ikkje i takt med dette. Det er nok det eg synest er det vanskelegaste. Det er ikkje berre å dytta prisen så langt ned at han ikkje lenger står i stil med kostnadane. Men her ender eg på at strikken vart tøyd litt langt. Kommunedirektøren har allereie strekt seg med 20 millionar kroner, sa Bjuland.

Han var open for å vera med på forslag som kunne komma partane i møte, men ingen kom.

Gunn Hege Skretting Sirevåg (H) var opptatt av at bønder må vera trygge på at dei får igjen investeringane dei har gjort, om dei ein dag vil selja garden.
Gunn Hege Skretting Sirevåg (H) var opptatt av at bønder må vera trygge på at dei får igjen investeringane dei har gjort, om dei ein dag vil selja garden. Foto: Foto: Håvard Ovesen

– Må forhalda oss til loven

Håkon Kvia kalla kjøparane «sjølve indrefileten» av øgronomane dei ønsker inn i næringa i Hå.

– Eg kjenner det inn i hjarterota. Dette er dei rette folka som vil inn og gjera eit godt arbeid. Det var sånn me skulle ønska det var heile tida. Men på same tida har me konsesjonsloven. Den seier noko om korleis me skal behandla sånne saker. Det er den me støtter oss til, sa han.

Kvia gjentok Ånestad og Bjuland sitt poeng om at kommunedirektøren nok hadde strekt seg allereie med å antyda at 20 millionar kroner kunne vera ein akseptabel pris.

– Eg kjem til å støtta innstillinga til kommunedirektøren, sa han.

Gunn Hege Skretting Sirevåg sa at sjølvsagt skal dei ta vare på lovverket.

– Men me må sjå på det med andre auge, og sjå poenget med heile greiene: Det er landbruket og drifta av garden. Me må ta vare både på seljar og dei som kjem inn. Når nokon har jobba med ein gard i 20 år og gjort det til eit livsverk, må det vera mogleg for dei å gje det vidare til nokon som brenn for det, samtidig som dei får noko igjen, sa ho.

Mangus Ånestad slo fast at dei såg saka ulikt.

– Er prisnivået for å komma inn i næringa mange prosent lågare, er det mykje lettare å starta. I lovverket står det at me skal gjera ei heilskapleg vurdering, basert på verdiane på eigedomen. Det er det me skal behandla etter, sa han.

Etter ein lang diskusjon enda det med at eit samrøystes utval stemte for innstillinga til kommunedirektøren: Paret fekk ikkje konsesjon til å kjøpa garden for 25,5 millionar kroner, men får ja om prisen vert sett ned til 20 millionar kroner.

Jærbladet har vore i kontakt med både seljarar og kjøparar. Ingen av dei vil førebels uttala seg om saka. Dei har uansett tre veker på seg til å klaga på vedtaket. I så fall vert det opp til Statsforvaltaren å avgjera.