– Me har politisk handlingsrom til å bruka skjønn, slo Unni Fuglestad (V) fast på torsdag i førre veke.

Då fekk brynebuen med seg heile kultur- og næringsutvalet i Rogaland fylkeskommune på å gjera om eit vedtak frå tidlegare i år, og gje Brynes Vel eit tilskot på 400.000 kroner.

Sa nei i vår

«Ikkje gapahuk nok for fylket», skreiv Jærbladet i april.

Brynes Vel møtte ei negativ innstilling på søknaden om spelemidlar til nybygget sitt på sletta i Sandtangen på Bryne.

Styreleiar Olav Hetland var alt anna enn imponert over Seksjon for folkehelse, idrett og mangfold, og varsla at dei ville klaga.

Han var tidleg ute, for det var først 21. mai at politikarane fordelte spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet for 2026.

Då fordelte kultur- og næringsutvalet 220 millionar kroner – utan å gjera endringar i lista fylkesordføraren hadde førebudd.

«Fordelingen skjer i tråd med statlige retningslinjer og gjeldende fordelingsmodell», stod det i saka.

Uendra innstilling

«Begrunnelsen i vedtaket fremstår som uklar, lite presis og utilstrekkelig. Det synes som om det er søkt etter begrunnelser for avslag, snarere enn at anlegget er vurdert konkret opp mot regelverket og dets formål», skreiv Hetland i klagen.

Spørsmålet om kva som står i retningslinjene kom opp igjen 3. september, då det fylkeskommunale utvalet behandla klagen.

Innstillinga var kjent:

«Fylkesdirektøren mener at tiltaket faller utenfor bestemmelsene til tilskuddsordningen ettersom anlegget ikke vurderes som en gapahuk. Deler av anlegget som det søkes om tilskudd til er også skjerming og tak over eksisterende anleggsflate (nærmiljøanlegg), som ikke er søknadsberettiget i ordningen ...»

Ordninga er definert i Kultur- og likestillingsdepartementet sine reglar for tilskot i 2025.

– Klagen stilte ein del relevante spørsmål, sa Unni Fuglestad då Kultur- og næringsutvalet behandla nybygget. Det har spilevegger og tak over treningsapparat og sittebenkar.
– Klagen stilte ein del relevante spørsmål, sa Unni Fuglestad då Kultur- og næringsutvalet behandla nybygget. Det har spilevegger og tak over treningsapparat og sittebenkar. Foto: Foto: Alise Lea Tiller

Gapahukfilosofi

Hetland reagerte på at fylket skreiv at nybygget ikkje er ein «fullverdig gapahuk», sidan det ikkje har tre tette veggar.

Han sende ei rekkje detaljerte byggtekniske – nesten filosofiske – spørsmål. Han argumenterte for at det kan ikkje kan vera slik at «en moderne, funksjonell og sikker utforming skal føre til at anlegget mister sin karakter av gapahuk».

Mens fylkeskommunen tok ferie, og det ennå var lenge til klagen skulle behandlast, kontakta Jærbladet ein ekspert.

Svaret kom på e-post frå villmarka i Canada, der arkitekt Tormod Amundsen nøyt friluftslivet.

Den daglege leiaren Biotope Gapahuk spesialisert seg på å designa og bygga gapahukar.

Han er samd i at fylkeskommunen opererer med ein snever definisjon – ein enkel konstruksjon med tre vegger og éi open side.

«Det er ikke feil, men det er etter min mening en altfor begrenset definisjon. Mange tradisjonelle gapahuker har nettopp denne formen, men det betyr ikke at alle gapahuker må se ut som en enkel «busstoppmodell» med tre vegger og tak. Gapahuken som type har langt større arkitektonisk potensial enn det», skriv han.

Sidan 2009 har Biotope teikna og bygt meir enn to hundre gapahukar og naturrelaterte bygg. Han forstår at forvaltninga treng definisjonar, men åtvarar mot å vera for snever. – Då mistar me mykje av potensialet i denne typen småskala arkitektur for friluftsliv.
Sidan 2009 har Biotope teikna og bygt meir enn to hundre gapahukar og naturrelaterte bygg. Han forstår at forvaltninga treng definisjonar, men åtvarar mot å vera for snever. – Då mistar me mykje av potensialet i denne typen småskala arkitektur for friluftsliv. Foto: Foto: Tormod Amundsen / Biotope

Liknar eit naturrom

Amundsen er likevel samd i konklusjonen til fylkeskommunen, og hevdar nybygget til Brynes Vel liknar meir på eit naturrom enn ein gapahuk.

«Ordet har røtter i et nordisk-germansk språkbilde, der «gapa» henger sammen med det å gape eller stå åpent, mens «huk» er knyttet til eldre germanske ord for krok, vinkel eller hjørne», skriv han.

Amundsen forstår derfor gapahuk som ein liten skjerma stad tett på naturen, der ein kviler eller søv.

«En gapahuk kan gjerne være moderne, vakker, åpen og arkitektonisk interessant, men den bør fortsatt ha denne intime og relativt lave karakteren. Den skal være et sted man søker ly og opphold, ikke et romslig bygg man går rundt i som i et vanlig offentlig bygg.»

Arkitekten fekk tilsendt dette bildet frå Sandtangen. «Bygget til Brynes Vel er etter min mening ikke en gapahuk. Det fremstår mer som et naturrom», vurderte han.
Arkitekten fekk tilsendt dette bildet frå Sandtangen. «Bygget til Brynes Vel er etter min mening ikke en gapahuk. Det fremstår mer som et naturrom», vurderte han. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim (arkiv)

Uvesentleg diskusjon

Fram til torsdagens diskusjon hadde saka tatt utgangspunkt i at nybygget måtte vera ein gapahuk for å kunna få støtte.

Men så stramt er ikkje regelverket, sa Fuglestad då ho forklarte kvifor politikarane, etter hennar syn, kunne ta klagen til følge.

I rettleiaren som fylkedirektøren viser til i avslaget, har departementet lista opp ulike anleggstypar ein kan søka om tilskot til.

Her er det ettertrykkeleg sagt at lista inneheld eksempel, og at ho ikkje er uttømmande.

Vilkåret for å gje støtte er at anleggstypen har «tilnærmet samme funksjon/bruksområde» som anleggstypane i lista.

Derfor ville Fuglestad løfta blikket og sjå forbi diskusjonen om spiler og tett veg, på kva som er formålet med nærmiljøtiltak.

– Når det gjeld utforminga på dette anlegget, har min tanke vore at det må vera lov med arkitektonisk innovasjon. Når ein lagar anlegg som passar fint inn i eit nærområde, så er det bruken, formålet og funksjonen som må vera det viktigaste, sa ho.

Ei stor regnbyge skylte plutseleg over Bryne då Unni Fuglestad møtte Jærbladet i Sandtangen fredag ettermiddag. Då var det fint å stå under tak.
Ei stor regnbyge skylte plutseleg over Bryne då Unni Fuglestad møtte Jærbladet i Sandtangen fredag ettermiddag. Då var det fint å stå under tak. Foto: Foto: Alise Lea Tiller