(Nationen) Frå nyttår skulle krava til for strammast inn, men få månader før blei av dei nye gjødselreglane utsette eitt år.
Grunnen er at reglane for , eit alternativ særleg for bønder med høge avlingar, ikkje har blitt klar i tide.
Uro for sjølvforsyninga
Utsettinga fell i god jord på Jæren der det er både tett med husdyr og store avlingar med tilhøyrande stort behov for gjødsel.
Frank Tunheim, som driv med både mjølk, ammekyr, griser, sauer og korn, er avventande til kva reglar som kjem. Han er positiv til utsetting.
– Det blei utsetting som vi håpte på. Nå håper eg næringa klarer samle seg, får fram dokumentasjon og gir staten kompetansen som trengst slik at dei ikkje tar frå oss for mykje spreieareal, seier Tunheim, som òg er leiar i Klepp Bondelag.
Tunheim håper reglane for balansegjødsling blir til å leve med utan at innstramminga på gjødsel blir så stor i praksis. Han er førebudd på at det blir større krav til dokumentasjon, men håper det ikkje går for langt.
– Vi må nok dokumentere meir enn før, men vi må få tid til å produsere mat og ikkje berre sitje ved datamaskinen og dokumentere, seier han.
Ei stor innstramming vil ramme sjølvforsyninga, ifølgje Tunheim.
– Viss vi må redusere på dyretalet for å oppfylle nye krav, så set vi oss sjølv tilbake både når det gjeld sjølvforsyning og beredskap, seier han.
– Trur du mange kan måtte slakte ned buskapen?
– Ja, det er det fare for, seier han.
– Hinsides prisvekst
Tunheim seier han ikkje har rekna på moglege utslag for eigen del.
– Nei, eg har ikkje rekna på det. Eg har slått meg til ro med at det ville bli utsetjing. Dessutan har eg litt å gå på, seier han.
Nedbygging av jord skapar òg trøbbel for Tunheim, som driv gard på Tjøtta like utanfor Bryne.
– Eg har alt mista 80 mål leigejord til utbygging og nye 100 mål står for tur, seier han og viser til at utbygginga av bustader kombinert med krav om mindre gjødsel per dekar kan føre til at han må redusere produksjonen.
Eit alternativ er ifølgje Tunheim å kvitte seg med purkene.
– Det kan vere vi må droppe purkene og smågrisen. Vi sit litt på gjerdet og tenker på kva vi skal gjere. Det kan vere vi bygger om til slaktegris, seier han og viser til at det kan gi mindre behov for spreieareal.
Tunheim åtvarar mot at dei nye gjødselkrava kan føre til høgare kostnader for bønder og høgare matprisar.
Han seier dei alt merkar at prisane på leigejord og kvotar går opp.
– Prisane har auka heilt hinsides og det er kamp om å få tak i jord og kvotar. Det hadde vore fint om vi hadde fått betalt for dei pålegga og krava dei kjem med. Vi må ofte springe fortare og fortare i staden for å få kompensasjon for nye krav, seier Tunheim.
– Støvsugd for jord
Lenger sør på Jæren ser Frank Haugland, leiar i Søre Hå Bondelag, alt konsekvensar av innstramminga i gjødselreglane.
– Fleire har alt begynt å redusere dyretalet. Innstramminga har alt begynt og det er temmeleg støvsugd for leigejord, seier Haugland, som sjølv leiger ut litt av jorda til andre bønder som treng spreieareal.
Han viser til at nye normtal for -innhald i gjødsla alt har starta å gjelde. Utslaga varierer mellom dyreslaga. Blant anna må mange bønder ha fleire dekar jord per mjølkeku enn før.
Haugland trur mange bønder vil gå for balansegjødsling og dermed er avventande til regelverket er klart.
– Mange held fram som før til reglane for balansegjødsling kjem. Det er nok mange som sit på gjerdet og gamblar på det, seier han og gir støtte til utsettinga.
– Det var det einaste fornuftige å gjere. Eg ville blitt overgitt viss det ikkje hadde blitt utsett, seier Haugland, som trur kommunane ville ha fått store problem med å følgje opp dei nye krava.
– Dei fleste kommunane er vel overrende med arbeid allereie, seier han.
Utsettinga gir meir tid til å finne ut av korleis gjødselbalansen kan målast, ifølgje Haugland.
– Burde vore som før
Mjølkebonden ser ikkje er behov for innstramming i gjødselreglane.
– Vi tilfører ikkje meir fosfor enn vi tar ut gjennom avlingane. Eigentleg burde reglane vore slik dei var før. Dei fleste her meiner nok at heile greia er unødvendig, seier Haugland, som meiner for mykje gjødsling for over 30 år sidan er grunnen til at fosfor-innhaldet i jorda er for høgt fleire stader.
Samtidig er han glad for at Norge ikkje har gått like langt som andre.
– Miljødirektoratet ville gå mykje lenger. Når vi ser kva som skjer i Danmark og Nederland, så kunne det gått mykje verre, seier han.
Haugland håper reglane for balansegjødsling ikkje blir for rigide.
– Det ender nok opp med meir arbeid for rådgjevarane. Eg er spent på kor mykje dokumentasjonsarbeid dei vil pålegge. Eigentleg håper eg dei kan legge heile greia i skuffa, men vi får gjere det beste ut av det, seier han.
– Tvingar oss feil veg
Selmer Wathne, som har bygd nytt mjølkefjøs i Sandnes, er heller ikkje begeistra for utsiktene til innstramming i reglane for gjødselspreiing.
– Avlingane vil etter alle solemerke bli ramma om vi ikkje får gjødsle som før. Eg ser heller ingen veg utanom at produksjonen vil gå ned, viss vi ikkje skal køyre veldig mykje gjødsel ut av fylket. Det vil bli dyrt for næringa, seier Wathne, som trur det tar for lang tid å etablere store biogassanlegg.
– Eg trur vi berre må ta inn over oss at biogassanlegga ikkje vil vere klar når reglane slår inn, seier han og viser til lang byggetid.
Han kallar situasjonen alvorleg og viser til måla om auka sjølvforsyning.
– Viss vi skal klare levere på måla om auka sjølvforsyning, så nyttar det ikkje å tvinge oss i motset retning, seier han.
– Meiner du heile regelverket bør revurderast?
– Ja, det gamle regelverket var godt fagleg fundert og tilpassa avlingane her. Det er andre kjelder til forureining enn husdyrgjødsel, seier han.
Wathne er glad for eitt års utsetting.
– Det var det einaste rette å skyve på innføringa når reglane ikkje er landa, men det må ikkje bli ei kvilepute, seier han og viser til at bønder treng føreseielege rammevilkår.
Wathne trur balansegjødsling kan bli eit aktuelt alternativ for mange i hans nærområde og kan hjelpe ein del om reglane blir til å leve med.
– Det vil vere avgjerande at det blir eit reelt alternativ og at det ikkje blir for komplisert, seier Wathne.