– Eg drøymer om at det skal vera ein restaurant her, noko som tilfører gata noko, men dessverre er marknaden ganske dårleg. Det er særs lite pengar i restaurantbransjen.

Kjetil André Haver har akkurat vist fram hjørnelokalet i Jær:bu, som vender mot Storgata, ein liten solfylt plass og Mølledammen.

Det er her utbyggaren ser føre seg ein kafé eller restaurant. Han ønsker å selja, men opnar også for å leiga ut.

Men sjølv om rålokalet står klart, er det ingen som står klare til å verkeleggjera draumen.

– Me har prøvd oss på mange, både innan kafé og restaurant. Eg hadde lenge håp om éin aktør, men dei seier marginane er såpass låge at dei fokuserer på Oslo-marknaden først. Dessverre har Bryne litt rykte for seg ikkje å vera så flinke til å bruka dei tilboda me har.

Spente bebuarar

Saman med utbyggaren møtte Jærbladet nyleg to av dei som har flytta inn i Jær:bu, Jarle Braut og Astrid Nåvik Braut.

– Me er litt spente kva som kjem i første etasje, sa dei.

Då måtte Haver fortelja bebuarane det same han sa til Jærbladet:

– Me snakka akkurat om det: Draumen er den same som de har, med ein kafé eller eit bakeri, men det er dessverre ikkje så mange av dei. Eg trur eg har høyrt med dei fleste aktørane.

På tomannshand seier han:

– Framleis håper eg å finna noko utoverretta og tilfører noko, slik reguleringa legg opp til. Men dei som viser interesse, er nok meir kontoriserte. Det er òg publikumsretta, for det går folk inn og ut, men det er ikkje rein butikk eller restaurant.

Mykje ledig

Underetasjen langs Mølledammen og Lauritz Bellesens gate er selt. Her har Uno Takst kjøpt to mindre næringsseksjonar.

I første etasje kjem det yogastudio og visningsstudio for Faber Bygg. Dei har kjøpt ein seksjon kvar, på 138 og 45 kvadratmeter.

Det betyr at størstedelen av næringsetasjen framleis står ledig.

Hjørnelokalet som Haver har draumar for, er seksjonert i to delar, som kan utviklast samla eller kvar for seg.

I motsett ende, nærmare torget, ligg eit næringslokale på 180 kvadratmeter.

Til saman har dei resterande tre seksjonane ein salspris på 11,2 millionar, pluss kompensasjon for meirverdiavgift utbyggaren har betalt under bygginga og som gjev rett til frådrag.

Under Bykonferansen i fjor fortalde Haver om vanskane med å fylla første etasje med næring. Han sa at leilegheitssalet står for overskotet i prosjektet, mens næringsseksjonane blir selde for prisen det kosta å bygga dei.

Kjetil André Haver flytta frå Stavanger til Bryne i 2017 og fekk fart på arbeidet med å laga gågate av Storgata. Det har det vore snakk om sidan 1960-talet.
Kjetil André Haver flytta frå Stavanger til Bryne i 2017 og fekk fart på arbeidet med å laga gågate av Storgata. Det har det vore snakk om sidan 1960-talet. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Spent på framhaldet

På grunn av Jær:bu måtte røyrnettet i øvre del av Storgata fornyast. Gravinga framskunda opparbeiding av gatedekket.

Kommunalteknikk såg at det ville bli mykje dyrare dersom ikkje kommunen nytta moglegheita nå til å førebu gågate, i staden for å reatablera gata med fortau og bilveg.

Tidlegare i år vart den øvste delen av Storgata ferdig, og er nå skilta som gågate. Haver synest resultatet er blitt bra, og er spent på kva som skal skje framover.

– Det eg skulle ønskt, er at det blir laga noko som skaper liv og ikkje berre tomme, breie gater. Men at det faktisk kjem eit innhald, utover butikkane. Det er noko eg forstår at Kenneth Lia og Bryne Næringsforening jobbar med, seier han.

Jær:bu sett frå lufta.
Jær:bu sett frå lufta. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim