Turgåaren tok bildet til venstre tidleg torsdag ettermiddag. Jærbladet tok bildet til høgre nokre timar seinare.
Turgåaren tok bildet til venstre tidleg torsdag ettermiddag. Jærbladet tok bildet til høgre nokre timar seinare. Foto: Lesarfoto / Håvard Ovesen

Torsdag ettermiddag har han delt bilde og video tatt bortanfor Bondekompaniet, på vegen opp mot Ånestad.

– På venstre sida av brua der er det eit røyr som det renn ut av. Heile elva er heilt svart, fortel tipsaren rundt klokka 15.

Synleg farge på vatnet

Jærbladets reporter var på staden éin time seinare, og fotograferte strekket mellom Dysjalandsvegen og Damebyen.

– Du kan sjå at vatnet er brunt, det er mykje algar og grønt, og du kan sjå at det har vore lort på steinane.

Reporteren på staden veit ikkje om algene eller lorten har samanheng med det rapporterte utsleppet.

Han legg til at brunfargen i vatnet er lettare å sjå i røynda enn det som kjem fram på bilda.

Foto: Håvard Ovesen
Foto: Håvard Ovesen Foto: Foto: Håvard Ovesen
Foto: Håvard Ovesen
Foto: Håvard Ovesen Foto: Foto: Håvard Ovesen

Kjent for kommunen

Karin Hansen Nærland arbeider med vassdragsforvaltning i Hå kommune, og var kjent med utsleppet då Jærbladet tok kontakt.

I halv seks-tida hadde ho vore ute og leitt i området, og ho hadde ei formeining over kor gjødsla kjem frå.

Ho bad Jærbladet ringa att etter at ho hadde fått snakka med grunneigaren éin gong til, før ho kunne seia noko meir.

– Heilt tydeleg gjødsel

Røyret som turgåaren observerte tidlegare torsdag, er eigentleg ein lukka bekk, som er rein ovanfor grunneigaren.

Sjølv om usikkerheita ikkje er vekk då klokka har passert sju, har Hansen Nærland ein teori om kva som er skjedd.

Utsleppet vart registrert ved to-tida, og ifølge Hansen Nærland har vatnet har hatt farge fram til nå.

– Det er heilt tydeleg gjødsel som kjem ut. Men det er nok fortynna, ikkje rein gjødsel, fordi det er ganske god gang i bekken.

Registrert i to-tida

Grunneigaren skal ha køyrt ut lort tidlegare på dagen, på ei kjelve som somme stader er vassmeitta.

Teorien er at gjødsla er blitt liggande oppå jorda, utan å trenga ned i bakken. I staden har ho trengt seg ned i den lukka bekken.

Det er usikkert nøyaktig kor det har skjedd. Noko av overflategjødsla er i alle fall blitt liggande i søkk, inntil eit gardfar.

– Det er ikkje bra når sånt skjer. Det er slikt me gjerne skulle ha unngått, samanfattar Hansen Nærland.

– Korleis blir utsleppet følgt opp framover?

– Det må me ta nok ei vurdering på. Me må kanskje gjera nokre undersøkingar av konsekvensane for Brattlandsåna.