For to år sidan skreiv Jærbladet at det var i ferd med å verta trongt om plassen i Nærbø kyrkje, særleg for barne- og ungdomsarbeidet.
Soknet varsla behov for utvidingar, men var på det tidspunktet berre på idéstadiet.
Dåpsrom, lager og plass til barn og unge
I januar i år vart det meir konkret: Soknerådet vedtok ei utviding på 150 kvadratmeter i kjellaren og 150 kvadratmeter i første etasje.
Til saman skal kyrkjelyden altså få 300 kvadratmeter ekstra å boltra seg på.
I første etasje er det snakk om å utvida kyrkjestova. I tillegg vil ein ha på plass eit samtalerom, og eit dåpsrom der dåpsfamiliane kan få plass til å skifta på ungane.
Toalettfasilitetane skal utvidast, det same skal kjøkkenet, og det vert meir lagerplass.
– Det har me for lite av i dag, seier kyrkjeverge Svein Olav Nesse til Jærbladet.
I kjellaren vert det meir plass til personalfasilitetar og ulike ungdomsrom og aktivitetar, inkludert eit lydtett øvingsrom for musikarar.
– Me får plass til det me ser er behovet. Når me får ei større kyrkjestove, vert ho meir anvendeleg til ulike aktivitetar, seier Nesse.
Utvidinga vil gje betre høve til å ha aktivitetar på eit plan og å køyra fleire arrangement eller aktivitetar parallelt.
12 til 15 millionar kroner
Soknet har sett ned ein plankomité som nå er i ferd med å engasjera arkitekt.
Ein eigen økonomikomité skal jobba med finansieringa.
Dei estimerte kostnadane ligg på same nivå som dei gjorde då Jærbladet først skreiv om saka for to år sidan: Ein plass mellom 12 og 15 millionar kroner.
– Men det er ikkje landa heilt ennå, seier Nesse.
Det finst ulike støtteordningar det går an å søka på, men Nesse seier det ikkje er aktuelt før prosjekteringa er klar og det ligg føre konkrete teikningar.
Fleire av støtteordningane har uansett til felles at det kan ta lang tid før dei betalar ut etter eventuelle tilsegn.
Nesse seier kyrkjelyden er innforstått med at dei må bidra med ein del pengar sjølve.
Han vil ikkje føregripa økonomikomiteen sitt arbeid, men seier at dei jobbar med ulike ting.
Kyrkjelyden startar butikk
Allereie torsdag denne veka opnar ein pop up-butikk i kjøpesenteret Alti Nærbø, etter initiativ frå medlemmar i kyrkjelyden.
Butikken er ein gjenbruksbutikk som skal ha ope kvar torsdag, fredag og laurdag i dei kommande fire vekene.
Butikken skal òg fungera som utstillingslokale i forkant av ein kunstauksjon 30. oktober.
Pengane som kjem inn frå butikken og auksjonen skal gå til utvidinga av Nærbø kyrkje.
Ein av dei som skal vera med og driva butikken er Jonas Egeland Reime. Han slår fast at den kommande utvidinga vil kosta mykje pengar.
– Det er viktig for oss som kyrkjelyd at me viser at me òg skal vera med på dette. Det er lettare å invitera til spleiselag om me er med og bidreg sjølve, seier Reime.
Kyrkjeverge Nesse håpar utvidinga skal vera i mål i løpet av dei neste tre-fire åra, men seier det nok vil vera litt avhengig av korleis det går med innsamlinga.
– Desto fortare det kjem inn pengar, desto fortare kan me gå i gang. Det er det det står på nå, seier han.