– Me kjem til å melda dette til politiet, seier kommunalsjef Jan Gunnar Mattingsdal.

For nokre dagar sidan, Hå kommune trur natt til måndag, kutta nokon ned fleire tre langs parkeringsplassen ved Varhaug kyrkje.

Trea er planta av Hå kommune og står på deira eigedom. Men det er ikkje kommunen som har fjerna dei. Dermed ser Hå kommune på saka som eit skadeverk.

– Det er vanvitig synd at nokon vel å gjera slikt, slår kommunalsjef Mattingsdal fast.

Han fortel at trea er planta for å gje le og for å pynta opp i området.

Hå kommune veit ikkje kven som har kutta trea og kvifor dei har gjort det. Dei veit heller ikkje heilt sikkert når det blei gjort.

Dei nedkappa trea ved Varhaug kyrkje ligg i ein haug på parkeringsplassen.
Dei nedkappa trea ved Varhaug kyrkje ligg i ein haug på parkeringsplassen. Foto: Foto: Simon Hobberstad