Ove Horpestad, noverande listetopp og varaordførar, bekreftar overfor Jærbladet at han ikkje stiller til val og gir seg som politikar.
– Eg har vore med lenge, og no skal me sleppe til ein ny. Dette er ei gladsak, seier han.
Horpestad har sete i kommunestyret sidan 2011. No vil han bruke meir tid saman med familien og i butikkdrifta på gartneriet heime på Horpestad.
Han ønskjer å halde fram med å bidra i partiet i kulissene.
– Eg håpar å fortsette i styret, men årsmøtet bestemmer det, seier han.
– Vil kunne samle partiet
I ei pressemelding heiter det at nominasjonskomiteen gjekk inn for Fridtjov Helland på grunn av hans breie politiske erfaring, gode kjennskap til kommunen og organisasjonen, høge tillit internt i partiet og dokumenterte evne til samarbeid og politisk leiarskap.
– Komiteen meiner at kandidaten vil kunne samle partiet og framstå som eit sterkt alternativ for veljarane i Klepp.
I dag er han gruppeleiar i partiet.
To nye namn
Klepp Arbeidarparti har også starta prosessen før neste års kommuneval.
Nominasjonskomiteen har innstilt Lasse Hjelmervik på førsteplass. Like under står Sunniva Lunde Randeberg.
– Resten av lista vil bli sendt ut seinast september. Der vil alle medlem få moglegheit til å kome med endringsforslag, før medlemsmøtet i Klepp Ap skal vedta den endelege lista i november, skriv dei på si Facebook-side.
I dag er det Ragnhild Rørstad, Frank Idland og Thomas Sørnes som sit som representantar for partiet i kommunestyret.