Asbjørn Berland og sonen Sakarias (8) tok turen frå Bryne for å få  med seg gratiscupen arrangert av Varhaug IL denne helga.
Asbjørn Berland og sonen Sakarias (8) tok turen frå Bryne for å få med seg gratiscupen arrangert av Varhaug IL denne helga. Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

Paraplyane er det nesten umogleg å halde i vater for tilskodarane langs sidelinjene søndag formiddag.

– Det er bra organisert og kampar som går ganske tett, som gjer at ein slepp å vente kjempelenge imellom. Utifrå forholda er det bra, smiler likevel Asbjørn Berland.

Han er forelder og støttespelar til Sakarias Berland (8), som kjemper for Bryne FK søndag.

Asbjørn Berland kom godt førebudd.
Asbjørn Berland kom godt førebudd. Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

Heldigvis har dei ull med i sekken.

– Det er litt surt, men så lenge ein har på seg gode klede og finn tak undervegs går det greitt. Men det er sjølvsagt koselegare å vere her i sol, vedgår han.

God erfaring

Det kan sjå ut som at dei fleste som ikkje må vere ute, har sett seg innandørs i ein av dei to hallane på området.

Far Berland ser det positive i den våte erfaringa:

– Det er jo ei oppleving at det er sånn. Det er ekstra godt å kome inn og bli tørr etterpå når det er litt surt.

Regnet hindra ikkje engasjementet på sidelinja.
Regnet hindra ikkje engasjementet på sidelinja. Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

– Ungane får oppleve at det ikkje er farleg å bli litt våte og fryse, og så kjemper ein på litt meir, legg han til.

– Innsats for å få alle med

Sigrid Lode-Knutsen, dagleg leiar i Varhaug IL, anslår at bygda tar i mot rundt 12.000 til turneringa denne helga.

Lag frå heile fylket er påmeldt.

– Det må vere den største gratisturneringa i regionen. Me har to store hallar med mykje aktivitet i tillegg, og gjennomfører nær 800 kampar desse dagane, seier ho.

Sigrid Lode-Knutsen er dagleg leiar i Varhaug idrettslag, og rosar dei frivillige nok ein gong for god innsats.
Sigrid Lode-Knutsen er dagleg leiar i Varhaug idrettslag, og rosar dei frivillige nok ein gong for god innsats. Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim (arkiv)

Hovudsponsoren er JTR Gruppen, som er opphav til det offisielle namnet JTR cup. Lode-Knutsen seier cupen også er ei stor inntektskjelde for idrettslaget berre i kiosksal.

– Det kjekt å sjå så mange unge lovande i aktivitet på kamp og at det er for alle, sidan det er gratis påmelding, seier ho.

– Det er ein innsats for å få alle i sving, då ekskluderer me ikkje dei som ikkje har råd, seier ho.

136 dommarar og nesten 300 dugnadsvakter

– Korleis er det å ta imot så mange folk for ei lita bygd som Varhaug?

– Det går så godt, for me har orden og system på ting, seier ho.

Med 136 dommarar og nær 300 dugnadsvakter er mange i aksjon for å få arrangementet til å gå rundt. Ifølgje Lode-Knutsen har «heile bygda» vore i sving sidan torsdag – alt ifrå kjøpmenn i daglegvarebutikkane for påfyll i kiosken, til Bygdekvinnelaget som stiller med kaker.

– Det er ope for alle som vil vere med, det er ein sosial og fin ting for bygda og samhaldet er jo enormt, seier ho.

– Det er heilt magisk. Tilbakemeldingane frå trenarar, utøvarar og andre som har vore her har vore utelukkande positive, seier ho.