Fredag 28. august døydde kongen, 89 år gammal.

Fire dagar før, på Sele, har ein trulaus sommar lagt inn ein visitt.

Sola får Figgjoelva til å glitra der ho gjer ein siste, vesle sving før ho renn ut i eit endelaust hav under ein høg, blå himmel. Laksen hoppar, både på oppsida og på nedsida av hengebrua som gler mange turgåarar.

Det var omtrent på denne tida, ei helg rundt 20. august, han pleidde å komma.

– Det beste fisket er til vanleg nå, forklarer Stig Haugland. Han er oppsynsmann på eigedomen til Christian Bjelland, næringslivsleiar, kunstsamlar – og fiskekamerat av kongen.

Nå viser Haugland Jærbladet den vesle, raude bygningen dei kallar fiskehytta, eit steinkast nedanfor Bjellands kvite landemerke av ein landstad.

Frå fiskehytta ved utløpet av Figgjoelva ser verda slik ut. Det var ei utsikt kong Harald kom tilbake for, år etter år.
Frå fiskehytta ved utløpet av Figgjoelva ser verda slik ut. Det var ei utsikt kong Harald kom tilbake for, år etter år. Foto: Foto: Ingeborg Eliassen

Denne dagen står berre eit par tomme kaffikoppar på benken langs husveggen. Kongen har vore innlagt på Rikshospitalet i over ei veke med alvorleg og uavklart helsetilstand.

Men her har Harald sete mange gongar, over mange år, og tatt inn elv, hav og himmel.

– Han kom ikkje berre for å fiska. Han kom òg for å nyta utsikta mot havet. Det var heilskapen ved å vera her på Sele som gjorde at han likte seg så godt. Det var terapi, trur Haugland.

Sjølv har han fiska her sidan han var gutunge, fortel han, for foreldra hadde hytte i nærleiken.

– Heile livet mitt har dreidd seg om laksefiske, seier Haugland. Dei siste sju åra har han hatt jobben som oppsynsmann i Bjellands AS Søndre og nordre Sele laksefiskeri.

På denne benken sat kongen ofte når han ikkje sto ved elva og fiska etter laks.
På denne benken sat kongen ofte når han ikkje sto ved elva og fiska etter laks. Foto: Foto: Ingeborg Eliassen

Det er lenge nok til at han har treft kongen fleire gongar.

For Harald var ganske årviss gjest på Sele i 20 år, frå 2001 til 2021. Han kom med sin faste fiskekamerat, Jan Erik Blom, pluss nokre vakter. Vaktene kamperte i annekset i fiskehytta, kongen og Blom i hovudhuset.

Forgjengaren til Haugland var Steinar Egeland. Han hadde pensjonistjobb som oppsynsmann hos Bjelland i laksesesongane frå 2011 til 2022 eller kanskje 2023, fortel han.

Inne i fiskehytta heng dette bildet av kongen og Tom Eikehaug, som var den første oppsynsmannen som følgde kongen på Sele. Eikehaug var for øvrig «den beste laksefiskaren som nokon gong har vore på Sele», ifølge dagens oppsynsmann, Stig Haugland.
Inne i fiskehytta heng dette bildet av kongen og Tom Eikehaug, som var den første oppsynsmannen som følgde kongen på Sele. Eikehaug var for øvrig «den beste laksefiskaren som nokon gong har vore på Sele», ifølge dagens oppsynsmann, Stig Haugland. Foto: Foto: Ingeborg Eliassen

– Kongen var godt kjend der før eg begynte. Men eg var fiskeguide for han. Når eg var der kvar dag, visste eg nøyaktig kor det var fisk og kor han sto. Viss kongen fekk noko, var eg alltid med og hjelpte. Me praktiserte som regel «fang og slepp», fortel Egeland.

Også hans inntrykk er at Harald ikkje først og fremst var opptatt av å få fisk.

– Det han likte, var å fiska, å komma til Sele og vera fri alt maset. Det er ein unik plass; ikkje mange andre stader i landet går ei lakseelv rett ut i havet. Du har Hå og Ogna, men på Sele er det så ope, seier Egeland.

Stien går rett forbi fiskehytta, som har eit lågt gjerde rundt seg. Når kongen var på besøk, passa vakter på at nysgjerrige heldt seg litt på avstand.
Stien går rett forbi fiskehytta, som har eit lågt gjerde rundt seg. Når kongen var på besøk, passa vakter på at nysgjerrige heldt seg litt på avstand. Foto: Foto: Ingeborg Eliassen

Dei største ruggane er sjeldan fangst ved utløpet av Figgjoelva i august, ifølge den tidlegare oppsynsmannen. Fisk blei det absolutt på kongen, men aldri dei spesielt store, verken på han eller på Blom, hugsar han.

I 2001 landa kongen sju laksar på Sele, året etter ingen, meldte Stavanger Aftenblad i 2002.

Ein varm ettermiddag fire år etter tok det derimot berre eit kvarter før den første svidda sat på kroken i Figgjoelva, skreiv same avis i 2006. Og ein liten halvtime seinare sveiva kongen inn den andre fisken. Begge var på rundt to kilo.

Sele, august 2026: Laksen hoppar, men bit ikkje lett. Hit kom kongen i mange år, sjølv om det ikkje var her han drog dei største fiskane.
Sele, august 2026: Laksen hoppar, men bit ikkje lett. Hit kom kongen i mange år, sjølv om det ikkje var her han drog dei største fiskane. Foto: Foto: Ingeborg Eliassen

Sele var langt ifrå den einaste plassen dei to sportsfiskarane dro med stengene sine. Aviser land og strand rundt har opp gjennom åra meldt om kongens til dels gode fiskelukke andre stader:

Adresseavisen 2002: Kongen og følget hans fanga sesongens største laks i elva Bjøra i Namdalen.

Altaposten 2023: I Altaelva dro kong Harald opp ein laks på over 10 kilo.

Den personlege rekorden hans i den elva var ein rugg på 15,5 kilo, ifølge Fiskeriavisa Kyst og Fjord i 2025.

Men lakserekorden til kongen totalt sett er frå Lærdalselva – ein laks på 18,5 kilo, rapporterte denne avisa.

I august 2012 kom kong Harald som vanleg på sin årlege helgetur til Christian Bjelland på Sele for å fiska.
I august 2012 kom kong Harald som vanleg på sin årlege helgetur til Christian Bjelland på Sele for å fiska. Foto: Foto: Brit Romsbotn

Stig Haugland er målar av yrke. Mange år før han blei oppsynsmann, tok han på seg eit målaroppdrag hos Bjelland, fortel han.

– Du må gjera ein skikkeleg jobb, sa Bjelland, for her skal kongen komma. Eg malte soverommet gult.

Siste gong han var her, var kongen dårleg til beins og sat nok meir på benken der oppsynsmann Stig Haugland sit her, enn han sto og fiska.
Siste gong han var her, var kongen dårleg til beins og sat nok meir på benken der oppsynsmann Stig Haugland sit her, enn han sto og fiska. Foto: Foto: Ingeborg Eliassen

Sidan har Haugland vore til stades fleire augusthelger mens den like fiskeinteresserte regenten har stått langs elva med fluestanga.

– Men snakka med han direkte, har eg berre gjort ein gong, seier oppsynsmannen.

Ein gong han sjølv sto og fiska på motsett side av elva, rett nedanfor fiskehytta, fekk Haugland ein laks på fem-seks kilo på kroken, fortel han.

– Då høyrde eg nokon ropa «veldig bra!». Eg såg opp, og der, ved hytta, sto kongen og ga meg tommel opp. Eg visste han var der, men ikkje at han såg på.

Rundt 20. august skulle fisket ha vore på det beste. Men i år er det lite vatn i elva. Laksen hoppar, men er lite bitevillig.

Og kongen har ikkje vore her.

Den siste gongen Harald kom til sin faste plass ved jærhavet, hadde han vondt for å gå i terrenget, fortel Steinar Egeland.

– Då hadde han med seg stol som han sat på når han fiska. Og han sat nok meir på benken ved fiskehytta enn ved elva. Det opne landskapet og lyset over havet, spesielt i kveldinga, er fantastisk, seier den tidlegare oppsynsmannen.

I fiskehytta er det lågt under taket. Men her hadde kongen og fiskekameratane gode stunder over mange år, med lokale oppsynsmenn som hjelparar. I dag er det Stig Haugland som har den jobben.
I fiskehytta er det lågt under taket. Men her hadde kongen og fiskekameratane gode stunder over mange år, med lokale oppsynsmenn som hjelparar. I dag er det Stig Haugland som har den jobben. Foto: Foto: Ingeborg Eliassen

Kongen er ein flott person, meiner Stig Haugland.

– Det veit me jo alle. Han er ein skikkeleg kar som har vore god for Norge.

Det har han Steinar Egeland med seg i. Gjennom åra samtalte dei mykje om jakt og fiske, fortel han.

– Kongen er ein svært hyggeleg mann å vera saman med. Han er ikkje annleis enn du og meg.