Nyleg skreiv Jærbladet at det 40 år gamle Vennelaget for Hå gamle prestegard går ei usikker tid i møte. Vennelaget samlar inn pengar til arbeidet på prestegarden. Dei hjelper òg til med dugnadsarbeid.
Ingen melde seg
I forkant av årsmøtet i førre veke, skreiv Jærbladet at fleire i styret var på veg ut, og at vennelaget sleit med å finna nye kandidatar. Overfor Jærbladet opna avtroppande styreleiar Eva Hegre for at dei kanskje ikkje hadde marknadsført seg sjølv nok:
– Det er ikkje tvil om at det er mange som er kunst- og kulturinteresserte på Jæren. Det er berre det at me ikkje finn dei. Me har ikkje fått godt nok fram at her er det noko gildt å vera med på, sa Hegre til Jærbladet.
Ingen nye kandidatar melde seg på årsmøtet heller. Det går ikkje an å driva utan folk i leiinga, så det blei avtalt at vennelaget skulle ha eit ekstraordinært årsmøte 15. april.
På det tidspunktet såg det ut som om det mest sannsynlege utkommet av dette, ville vera at laget fekk status som sovande og stilte inn aktiviteten sin.
Plukka opp telefonen
Men nyleg ringde telefonen til avtroppande styreleiar Eva Hegre. Det var Anne Marie Gjølme, som hadde lese om styreutfordringane i avisa.
– Eg syntest det var overraskande at ingen hadde meldt seg i det som er eit aktivt lag med 200 medlemmar og eit godt fungerande styre, fortel Gjølme til Jærbladet.
Ho har sjølv vore medlem av Vennelaget i ei årrekke, men hadde ikkje høve til å vera med på årsmøtet.
Då ho ringde til Hegre, var det fordi ho hadde høyrt at det ikkje var nokon som melde seg der heller. Gjølme ville ta ansvar, og sa ho godt kunne vera kasserar.
– Då sa Hegre at dei trengde ein leiar, fortel Gjølme.
Samtalen enda med at Gjølme takka ja til å stilla som kandidat til styret når vennelaget har ekstraordinært årsmøte 15. april.
– Hjartet mitt brenn for Hå gamle prestegard og eg trivst med å leia ting. Er det bruk for meg, vil det vera meiningsfylt å gå inn i den rolla, seier ho.
Håpar fleire vil følga etter
Avtroppande styreleiar Eva Hegre seier til Jærbladet at ho er overtydd om at Gjølme vil gjera ein minst like god jobb som leiar som ho ville gjort som kasserar.
– Nå er me berre på jakt etter éin person til, seier Hegre til Jærbladet.
Gjølme seier ho håpar det at ho nå har meldt seg, gjer at andre vil følga etter.
– Det er mange som er glade i Hå gamle prestegard, seier ho.
Å bruka tida si i vennelaget er meiningsfullt for dei som gjer det, og Hå gamle prestegard treng dei bidraga vennelaget gjev, meiner Gjølme.
– Vennelaget og prestegarden har hatt eit fint samarbeid i mange år, blant anna om eit par faste arrangement. Så er det opp til styret og vennelaget å eventuelt finna nye ting å samarbeida om, seier ho.
Uavhengig
Til dagleg jobbar Anne Marie Gjølme i kulturavdelinga i Hå kommune, som òg eig Hå gamle prestegard. Gjølme trur ikkje at interessekonfliktar kan bli eit problem. Det er korkje organisatoriske eller økonomiske bindingar mellom jobben hennar og Vennelaget.
– Vennelaget er uavhengig, og mottar ikkje pengar frå kommunen, seier Gjølme.
OBS: Etter at Jærbladet først publiserte saka, opplyser Eva Hegre at dei óg har klart å få tak i ein person som vil vera kasserar.
– Me får eit komplett og bra styre, skriv Hegre på Facebook.