Håkon Goa, Birger Hobberstad og Gunnar Tunheim er tre av tretten som sit i hovudkomiteen for landstevnet på Øksnevad.
Håkon Goa, Birger Hobberstad og Gunnar Tunheim er tre av tretten som sit i hovudkomiteen for landstevnet på Øksnevad. Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

På ein landbruksveg ved skulen, durar traktorar jamleg forbi.

Ungdommar arbeider med sitt.

Sjølv om elevane ved jordbruksskulen tar sommarferie i juni, betyr det ikkje at området blir livlaust.

I alle fall ikkje i år.

– Her treffer me mange likesinna og kjekke folk, seier Birger Hobberstad, leiar i hovudkomiteen.
– Her treffer me mange likesinna og kjekke folk, seier Birger Hobberstad, leiar i hovudkomiteen. Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

14. juli kjem dei første av fleire hundretals bilar, bussar og campingvogner rullande inn på tunet.

På kjelvene bak skulen, eit område på rundt 80 mål, anslår komiteen at 1100 slike køyretøy blir bustad for 2000 til 3000 deltakarar gjennom fem dagar.

– Eg trur ikkje me heilt fattar kor stort dette eigentleg er, seier komiteleiar Birger Hobberstad.

Var på Nærland i 2011

Norges Bygdeungdomslag er ein landsdekkande ungdomsorganisasjon som skaper sosiale møteplassar på bygda, og jobbar for at bygda skal vere eit reelt alternativ når unge vel bustad. Medlemma er mellom 16 og 35 år gamle.

Landsstemnet deira blir arrangert kvart år i juli, med deltakarar frå heile landet. Dagane består av konkurransar, konsertar, aktivitetar og sosialisering.

Festivalen skjer i eit nytt fylke kvart år, og har halde fram sidan 1946. Berre under koronapandemien i 2020, då leiren var planlagt på Øksnevad, blei den ikkje gjennomført.

Dermed er det 15 år sidan sist gong bygdeungdomslaget i heile landet tok turen til Rogaland. Den gongen var leirområdet på Nærland, ifølgje Håkon Goa.

Han er den einaste i komiteen på tretten som har opplevd opplegget lokalt. Når han no er med i planlegginga sjølv, er han klar på at jordbruksskulen er den best tilrettelagde plassen i området.

– Øksnevad har stort sett alt ein treng av for eksempel straum og vatn. Plasseringa er også perfekt, meiner eg.

Over 40.000 dugnadstimar

Hovudkomiteen ber eit stort ansvar. Dei skal legge til rette for at dei fleire tusen ungdommar får ei god oppleving på festival, knytt til både underhalding, logistikk, og at alt går riktig føre seg.

– Arrangementet er bygga av ungdommar, og alt er bygga på frivilligheit. Ingen får betalt, og alt går på fritid, seier Goa, som har ansvar for band og booking.

– Kontoret gir ungdommar tillit til å gjennomføre eit stemne med pengar og budsjett, så det er ei tillitserklæring.

Her er det venta 3000 leirdeltakarar i sommar.
Her er det venta 3000 leirdeltakarar i sommar. Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

Det er lagt opp til over 6.350.000 kroner i utgifter. Inntektene dei reknar med å få ligg på rundt 7.480.000 kroner.

Komiteen held framleis på med planlegging, men starta allereie på vårparten i fjor.

– Det er gildt. Litt utfordrande, men me treng jo litt utfordringar i kvardagen, seier Goa.

– Dei seier det blir 42.000 dugnadstimar totalt, sånn estimert, så det er sjukt mange.

Bygdeungdomslaget er nesten ferdig med å bygge 150 rastebenkar til arrangementet i sommar. Ein driftig gjeng bygga over 100 på berre ein dag.

– Noregs største vennegjeng

Påmeldinga er open. Enn så lenge er det Akershus bygdeungdomslag som skil seg ut med flest billettsal.

– Men eg veit at rogalendingar er grævla flinke til å ta ting på sparket, så eg reknar med at me blir det største fylket på leir, ler Hobberstad.

Ungdommane kjem også frå for eksempel Oppland, Hedmark, og heilt opp til Nord-Trøndelag.

– Du får møte mange av dei same folka igjen, og så er det dei som ikkje har vore på landsstemne før. Det er berre gilde folk, og du treng ikkje vere bondekar. Du kan vere frå tjukkaste byen, eg kjenner fleire frå Oslo-området, seier Goa.

– Me er kort fortalt Noregs største vennegjeng, seier Gunnar Tunheim.

Tevlingar og konsert

På stemnet er det lagt opp til tevlingar og aktivitetar på dagtid.

Deltakarar konkurrerer i for eksempel spekematanretning, mønstring av hest, eksteriørbedømming av ku og hest, sving, kokkekamp, borddekorering og blomsterdekorering.

– Mange dedikerer seg skikkeleg, det ser vanvitig proft ut. Det er imponerande kor hardt enkelte går inn for det, seier Goa.

Landsstemnet er framleis under planlegging.
Landsstemnet er framleis under planlegging. Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

Aktivitetar elles kan vere besøk til lokale gardar, bedriftsbesøk til Nortura, open dag på laurdagen, surfekurs, linedanskurs og vassklie.

– Det er noko for alle. Dei som berre vil på konsert vil kanskje også ha noko å gjere på dagen, så det er ei kjempemoglegheit til å få eit avbrekk eller sjå kva Rogaland har å tilby.

På kveldstid arrangerer bygdeungdomslaget konsertar og fest. Blant dei meir kjende artistane, som er avslørt til no, er Staysman og Stavangerkameratene.

I eit informasjonsskriv, kjem det fram at det vil vere 18 års aldersgrense i leirområdet og skjenkjeområdet.

– Planlegg for regn

Når ungdommane skal sove i vogner og telt frå tysdag til søndag, er det naturleg at dei håpar på så få dropar som mogleg. Jæren er likevel ikkje kjend for sitt tørre sommarvêr.

– Me planlegg for regn og håpar på sol, smiler Hobberstad.

Blir det blautt og regn ordnar dei til tørkerom, og legg gjerne klar nokre presenningar.

– Dei fleste tevlingane føregår innandørs. Dei som går på traktor og køyretøy, må jo føregå ute.

– Me får passe på at me har eit par lensepumper ståande viss det skulle regne så mykje at kjelvene blir fulle av vatn, ler dei, før Tunheim legg til:

– Me må vel ha 10–12 av dei då.