– Me overvakar kontinuerleg korleis kvaliteten er på tenestene. Me leverer god kvalitet, og det er derfor me har så høge vikarutgifter. Me går ikkje under minimumsbemanninga, seier Wendy Karin Finnerud, kommunalsjef i Klepp.
– Me overvakar kontinuerleg korleis kvaliteten er på tenestene. Me leverer god kvalitet, og det er derfor me har så høge vikarutgifter. Me går ikkje under minimumsbemanninga, seier Wendy Karin Finnerud, kommunalsjef i Klepp.

– Det er kostnader for både vikarbyrå og at me har vikarar inne i vikariat ved for eksempel langtidssjukdom. Kostnadene går mykje til å få dekka opp langtidssjukefråver og permisjonar, fortel kommunalsjef Wendy Finnerud.

Kommunen gjorde eit djupdykk i utgiftene på området, då sjukefråværet har stige dei seinare åra.

– Det er jamt høgt sjukefråvær i heile helse og velferd, innanfor alle verksemder, og spesielt innanfor dei som har døgntenester.

Avdelinga hadde eit samla fråvær på 9,73 prosent i fjor. Finnerud seier det har auka etter pandemien.

Ho trekk fram sjukeheimar og heimeteneste som eksempel på tenestene med høgst fråvær, og fortel at det gjeld personell som både sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og assistentar.

– Me har ei grunnbemanning, og er nøydd til å leige inn vikarar ved sjukdom for å kunne levere tenester heile døgnet.

Grunnbemanning og overtid

– Kvifor kostar det mykje?

– Det er veldig komplekst. I helse skal du ha ei grunnbemanning som gjer at når ein tilsett er sjuk, er det oppgåver som ikkje blir løyst om ein ikkje har vikar. For dei som jobbar på kontor kan kanskje oppgåvene bli liggjande til dagen etterpå, men sånn er det ikkje i helse.

– Om ein sjukepleiar er sjuk, må me også ha sjukepleiar inn og erstatte. Har me ikkje sjukepleiarar som er ledige til å jobbe, må me leige inn nokon i faste stillingar, noko som vil utløyse overtid fordi dei fleste går i store stillingar. Det blir ekstra dyrt, då me også må sjå kva kompetanse me har behov for, seier ho.

Ho forklarer at dei ikkje har mange vikarar å spele på, då kompetent helsepersonell får dei stillingane dei ønskjer.

– Dei sit ikkje heime når dei har fri og ventar på å bli oppringt for å ta ei ekstravakt. Det skjer ofte at me må forskyve og bruke overtid for dei tilsette me allereie har. Der har me gjerne også brukt vikarbyrå, fordi me må passe på at dei me har i jobb ikkje får auka belastning og blir sjuke, dei også.

– Det er berre i sjeldne tilfelle me pålegg tilsette å jobbe, seier ho.

Ifølgje ein artikkel i fagbladet frå 2023, kosta ein fast tilsett sjukepleiar 3000 kroner dagen. Ein vikar frå bemanningsbyrå kosta 7500 kroner.

– Me leverer god kvalitet

– Det er éin ting at det kostar, men me er mest bekymra at me ikkje klarer å levere dei tenestene me skal. Når me har høgt sjukefråvær er me redde det kan gå utover kvaliteten på tenestene, seier kommunalsjefen.

– Gjer det det?

– Me har eit avvikssystem, seier ho og viser til Stavanger Aftenblads artikkel i april om avvik på sjukeheimar i Sør-Rogaland.

Klepp gav, som alle kommunar utanom Stavanger, avisa innsyn i systemet.

Dei avdekka at tilsette ved sjukeheimar og i heimesjukepleia sa ifrå om 14.500 uønskte hendingar i kommunane i Sør-Rogaland.

Også Klepp er nemnd fleire gonger i saka, med fleire skildra uverdige hendingar.

– Me overvakar kontinuerleg korleis kvaliteten er på tenestene. Me leverer god kvalitet, og det er derfor me har så høge vikarutgifter – me går ikkje under minimumsbemanninga, seier Finnerud.

Wendy Karin Finnerud seier at dei sjeldent pålegg tilsette å jobbe overtid, då dei ikkje vil auke belastninga deira.
Wendy Karin Finnerud seier at dei sjeldent pålegg tilsette å jobbe overtid, då dei ikkje vil auke belastninga deira. Foto: Foto: Tom Gøran Haukalid (arkiv)

– Villige til å gjere ganske mange tiltak

Fordi kommunen har tatt eit djupdykk når det gjeld utgiftene for vikarinnleige i fjor, har ikkje Finnerud ein samla oversikt over tilsvarande utgifter frå tidlegare år lett tilgjengeleg.

Dei har heller ikkje samanlikna kostnadane med andre kommunar.

– No har me berre samanlikna med oss sjølv, for me ser at det er her dei store utgiftene våre ligg. Så det er derfor me no har stort fokus på å få folk tilbake på jobb, og er villige til å gjere ganske mange tiltak når me ser på kostnadene, seier ho.

Jærbladet har tidlegare omtala ei spørjeundersøking som miljøtenesta i Klepp kommune sende ut til sine tilsette. Der lodda dei stemninga for eit prosjekt der folk som ikkje er borte frå jobb får ei ekstra påskjønning.

Saka skapte reaksjonar frå nokre tilsette og mediestorm i etterkant av at avisa omtala undersøkinga.

«Me må finna nye verktøy og tenkja kreativt, for det er openbart at det arbeidet me gjer for oppfølging av sjukefråvær ikkje verkar godt nok», skriv kommunedirektør Torild Lende Fjermestad i årsrapporten.

– Kva ser de for dykk at desse grepa kan vere?

– Me jobbar mykje med nærvær, og har ein plan kor me jobbar fokusert og meir proaktivt på akkurat dette no, seier Finnerud.

I arbeidsmiljøplanen står tiltak som rettar seg mot kompetanseheving, tilrettelegging og ROS-analysar av arbeidsmiljø og sjukefråvær.

Ho understrekar at dei ikkje berre jobbar med fråvær, men også nærvær.

– Me brukar mykje tid og pengar på sjukmelde, men me må ikkje gløyme dei som er på jobb, viss ikkje blir dei også sjuke, seier ho.

– Det blir ikkje enklare i framtida. Det blir stadig fleire å gi tenester til, og me vil bli færre i arbeidsfør alder.

Dyrt med vikarbyrå

Jærbladet har spurt også nabokommunane Time og Hå kva kostnader dei hadde for vikarinnleige i avdelinga helse og velferd i 2024.

Dei har ikkje funne samla kostnader, inkludert med og utan vikarbyrå. Men kommunalsjef Britt Ellinor Scott skriv at Time kommune ikkje nytta seg av vikarbyrå i det heile. Kommunalsjef Jørn Kosmo viser til at Hå brukte over 3,6 millionar kroner på byrå, då inkludert innleige av sjukepleiar og lege til legekontor og legevakt.

Til samanlikning brukte Klepp 4,5 millionar kroner på vikarutgifter til byrå, som blei brukt i dei tilfella kor det var nødvendig å ha nøkkelkompetanse på jobb, til dømes sjukepleiar og vernepleiar.

Finnerud skriv at utgiftene til vikarbyrå i hovudsak hadde skuld i innleige ved ferieavvikling i 2024.

Samstundes nytta Klepp 6,6 millionar til byrå for å drifte det ho kallar for einetiltak i heimen, som ofte er kompetansekrevjande og ressurskrevjande tiltak. Sistnemnde tal kjem utanfor reknestykket, då dette ikkje inneber dekking av vakter som følgje av ulikt fråvær.