I 2024, var det legemelde sjukefråværet i Hå på 5,5 prosent. Det kjem fram i folkehelseprofilen for Hå, ei faktasamling utarbeida av Folkehelseinstituttet i lag med Helsedirektoratet.
For dei kommunalt tilsette var det legemelde sjukefråværet same år 6,1 prosent. I fjor gjekk det bitte litt ned, til 6 prosent.
Inkluderer ein det som ikkje er legemeld er talet, naturleg nok, noko høgare: 7,7 prosent i 2024 og 7,4 prosent i 2025. Per 1. kvartal i år, såg det ut til å gå noko opp igjen, samanlikna med 1. kvartal i fjor.
At kommunen sitt sjukefråvær er høgare enn snittet for alle arbeidsplassar i kommunen er ikkje heilt overraskande. Mange kommunale arbeidsplassar er i sektorar som har høgt sjukefråvær, som barnehage og helse- og omsorgstenester.
Inspirasjon frå Risa
Då politikarane i Utval for oppvekst og kultur i førre møte diskuterte desse tala i samband med behandlinga av folkehelseprofilen, lanserte Ann Helen Østrem (KrF) ein idé som vekka begeistring rundt bordet.
– Kan kommunen tilsetta ein sånn person som Risa har, lurte ho.
Entreprenørfirmaet har nemleg ein eigen aktivitetsleiar. Helene Lerbrekk heiter ho, er utdanna ernæringsfysiolog og har ansvaret for å legga til rette for trening og sunn mat. Sidan ho blei tilsett, har sjukefråværet gått ned i den helsebevisste bedrifta.
I tenesteområdet helse og velferd, som er det utvalet styrer over, var det samla sjukefråværet på 7,1 prosent i 2024. I fjor gjekk det opp til 7,4 prosent.
Østrem, som òg er ernæringsfysiolog og tidlegare har jobba og hatt podkast i lag med Lerbrekk, meinte tanken på at nokon kan følga opp kommunetilsette si helse, og på lengre sikt kanskje òg få ned sjukefråværet, var «ganske kul».
– Det er ikkje til å stikka under stol at eg brenn mykje for trening, sa Østrem.
Østrem, som har lang fartstid innan trening og helse fortalde at ho har halde mange gruppetimar for tilsette på rådhuset i Hå. KrF-politikarane meinte at det å trena i lag, skapar samhald.
– Dette kan eg snakka lenge om. Me kan ikkje berre sitta og sjå på at sjukefråværet aukar. Me må faktisk gjera noko med det, sa Østrem og spurde kommunalsjef Atle Straume om det har vore snakk om å tilsetta ein aktivitetsleiar i kommunen.
– Må tenka nytt
Straume svara at noko av dette allereie blir dekka av pilotprosjektet Arbeidsløftet, som er eit samarbeid mellom Meistringseininga i kommunen og NAV.
Dei jobbar med å få sjukmelde tilbake i jobb.
– Dei har veldig gode resultat, sa Straume, som ikkje kjende til om ideen om ein aktivitetsleiar har vore lufta før.
Geir Undheim (Frp) meinte at det uansett var ein fantastisk idé.
– Me må tenka nytt. Me må kunna utfordra administrasjonen og sjå om det er andre måtar å gjera ting på, sa han.
Ingrid Opstad Njærheim (H) var òg positiv. Ho meinte eit slikt tiltak både kan gjera noko med sjukefråværet og vera til god hjelp for dei som står utanfor.
Utvalsleiar Jan Harald Forsmo (uavhengig) minna om at det kan vera ulike årsaker til kortids- og langtidsfråværet.
– Men kanskje skulle ein ha innført ein form for trening. Det må kunna gå an å sjå på sånne ting, sa Forsmo.