Så mykje folk som nå, kan knapt ha vore i sving i heia over Undheim før: På det enorme anleggsområdet jobbar rundt 250 arbeidsfolk med betong, stål, jernbinding og annan struktur for det som mellom anna skal bli datahallar, kjøleanlegg, kontorbygg og dieselmagasin for naudaggregat.

Inne i kontorbrakker jobbar rundt 100 andre.

Og langt fleire skal dei bli, ute som inne, i månadene framover.

Mens råbygga som skal husa datasenteret til ein hemmeleg kunde reiser seg langs fv. 505, legg eigarselskapet Green Mountain fram ein rapport om forventa økonomiske ringverknader av det store byggeprosjektet, på kort og lengre sikt.

Den er laga av analysefirmaet Menon Economics på oppdrag av Green Mountain.

– Me vil avkrefta nokre mytar, seier Mette Berger Gulbrandsen, kommuniksjonssjef i Green Mountain.
– Me vil avkrefta nokre mytar, seier Mette Berger Gulbrandsen, kommuniksjonssjef i Green Mountain. Foto: Foto: Ingeborg Eliassen

– Me gjer dette ved alle datasenter me har. Det er ein rapport om kva me trur ringverknadene vil bli. Etter eit par års drift lagar me ein ny for å sjå om prognosane stemte, seier Mette Berger Gulbrandsen, kommunikasjonssjef i Green Mountain.

Dette gjorde dei ved datasenteret på Hamar, der TikTok er kunde, fortel ho.

– Der blei det litt dyrare enn tenkt, men prognosen om arbeidsplassar blei som ein hadde sett føre seg.

Hensikta er å «avkrefta nokre mytar» om datasenter, ifølge Berger Gulbrandsen.

For eksempel at det er «ingen som jobbar der».

– Det er for å skaffa eit faktagrunnlag, seier ho.

Tusenvis av årsverk i byggefasen, langt færre i driftsfasen.
Tusenvis av årsverk i byggefasen, langt færre i driftsfasen. Foto: Foto: Ingeborg Eliassen

Menon Economics har bygd sin analyse på data frå Green Mountain, pluss erfaringstal frå sin eigen interne database over datasenterprosjekt i Norden som kan samanliknast med Undheim-prosjektet.

Prosjektet er framleis i ein tidleg fase, og ein del tal manglar. Dei understrekar dermed at prognosane er eit estimat, altså ikkje noko ein kan setja to strekar under, og at dei bør «tolkes med varsomhet».

Hovudfunna deira:

  • I byggefasen vil prosjektet understøtta om lag 4.700 årsverk i Norge. Rundt 1.300 av desse vil merkast i Rogaland.
  • Rundt 2.500 av årsverka vil oppstå direkte hos leverandørar, og 2.200 av dei vil komma lenger ute i leverandørkjeda.
  • Når anlegget kjem i drift i 2028, vil datasenteret understøtta om lag 135 årsverk i Norge – 100 ved sjølve datasenteret, resten i leverandørkjeda, rundt 15 i Rogaland, 20 i resten av landet.
  • Dei direkte tilsette vil vera rundt 40 årsverk hos Green Mountain, 50 hos kunden (inkludert 15 i sikringstenester) og 10 hos faste tenesteleverandørar, som reinhald og kantine.
  • Totale investeringskostnader i datasenteret er om lag 1 milliard euro, med dagens kurs 10,9 milliardar kroner.
  • Rundt 8,2 milliardar kroner vil gå til norske leverandørar i utbyggingsfasen.
  • Utbygginga vil bidra med rundt 5,9 milliardar kroner i verdiskaping – ringverknader – til norsk BNP (brutto nasjonalprodukt). Dette er fordelt på mange næringar.
  • Når anlegget kjem i full drift, vil datasenteret truleg bidra med rundt 1,3 milliardar kroner i årleg verdiskaping, rundt 95 prosent av det direkte ved datasenteret.
  • I full drift vil datasenteret kjøpa varer for om lag 80 millionar kroner i året. Straumen er ikkje tatt med i reknestykket.
  • Arbeidsstyrken i driftsfasen vil ha spesialisert kompetanse og høgare utdanningsprofil enn gjennomsnittet i Time kommune.
  • Dei tilsette vil legga mykje forbruk til regionen, og det vil plussa på verdiskapinga med om lag 18 årsverk og 18 millionar kroner i Rogaland.
  • Skatteinntektene frå drifta vil bli delt mellom kommune, fylke og stat. Den samla aktiviteten vil understøtta om lag 155 millionar kroner i året til det offentlege.
Dei permanente strukturane reiser seg i heia over Undheim. Inne i dei mellombelse kontorbrakkene er det òg travelt.
Dei permanente strukturane reiser seg i heia over Undheim. Inne i dei mellombelse kontorbrakkene er det òg travelt. Foto: Foto: Ingeborg Eliassen

Ringverknadene i byggefasen er mellombelse, skriv Menon Economics.

Men i andre datasenterprosjekt har dei sett at bedrifter som er med i denne fasen, kan få varig verdi ut av det, i form av kompetanse, større nettverk og ein betre posisjon å konkurrera om nye oppdrag frå.

Men dei som har jobba fram rapporten, tar eit anna atterhald:

Ein analyse av ringverknader er ein såkalla bruttoanalyse. Den seier ingenting om kor store ringverknader det hadde hatt om arbeidsfolka eller kapitalen hadde blitt brukt til noko anna. Viss det er mangel på arbeidskraft, betyr det at ein del av sysselsettings-effekten i analysen blir henta frå andre næringar. Dermed fører den ikkje til ei auke i samla norsk sysselsetting, ifølge Menon Economics.