Andreas Bjorland (KrF) meiner kommunen må bruka kommunale sentrumstomter til å legga til rette for bufellesskap for seniorar i sentrum. Han viser fram denne tomta på Nærbø som eit døme.
Andreas Bjorland (KrF) meiner kommunen må bruka kommunale sentrumstomter til å legga til rette for bufellesskap for seniorar i sentrum. Han viser fram denne tomta på Nærbø som eit døme. Foto: Håvard Ovesen

– Fleire og fleire planlegg alderdommen sin. Då må me gjera det mogleg for dei å velga alternativ som passar for dei, seier Bjorland til Jærbladet.

Først på Jæren

Det finst ulike modellar for seniorbufellesskap. Tanken til Bjorland er privat eigde leiligheiter tilrettelagt for eldre som sel einebustaden for å flytta inn i ein ny bustad som er meir tilpassa alderdommen.

I tilknytning til leiligheitene er det store fellesareal, som til dømes kan nyttast til selskap og overnattingsgjester.

– Men det viktigaste er kvardagen. Då fungerer fellesarealet som ei fellesstove. Du er ikkje nødt til å sitta i ho, du har di eiga stove i leiligheta, men erfaringa frå desse bufellesskapa, er at dei blir mykje brukt, seier Bjorland.

Bjorland ser føre seg at ein må vera over ein viss alder for å få lov til å kjøpa seg inn, utan at han har landa på eit konkret tal.

– Me må vurdera alt dette grundig før me landar korleis konseptet skal vera. I denne prosessen må innbyggerrådet involverast, seier han.

Han viser til Sokndal, Sandnes og Stavanger, som alle har liknande tilbod.

– Får me til dette her, vil me vera, så vidt eg veit, først på Jæren, seier han.

Bjorland understrekar at han ikkje vil vera kommunal bustadutviklar, men meiner kommunen kan setta av kommunale sentrumstomter spesifikt til seniorbufellesskap.

– Gjennom anbod kan me så invitera inn private interesser som vil utvikla dette, seier Bjorland.

For ein bustadutviklar kan det i utgangspunktet vera meir pengar i å bygga reine bustadblokker, sidan dei ikkje tener like mykje på fellesarealet som dei ville gjort om dei same kvadratmetrane blei solgt som leiligheit. For å gjera det meir attraktivt for utviklarane, meiner Bjorland, bør kommunen difor selga tomtene til ein lågare pris med føresetnad om at tomta blir brukt til formålet.

– Du legg opp til at kommunen skal selga sentrumstomter med lavare vinst enn dei ville fått med vanleg markedspris?

– Ein må sjå på kva som er kommunen si oppgåve. Det er samfunnsutvikling, sentrumsutvikling og å legga til rette for innbyggarane. Det inkluderer dei eldre. Eg meiner at me kan forsvara at me får litt mindre for tomta om me får ei utvikling me ønsker og som me er tent med.

– Bra for sentrum

Bjorland, som leiar Utval for tekniske saker og næring, viser til at kommunen eig sentralt plasserte tomter i dei fleste av tettstadane i Hå, blant anna på Nærbø og Varhaug. Han meiner at seniorfellesskap kan vera bra for sentrumsutviklinga.

– Eldre er ofte flinke til å nytta nærområda sine. Her får dei gangavstand til sentrum. I tillegg er dei mykje ute på dagtid, når det gjerne er færre andre brukarar av sentrumstilboda, seier Bjorland.

Ifølge ordførar Jonas Skrettingland (KrF) var ideen om bufellesskap for seniorar i Hå oppe allereie for 20 år sidan. Den gongen blei han forkasta, fordi ei undersøking viste at interessa var for litan.
Ifølge ordførar Jonas Skrettingland (KrF) var ideen om bufellesskap for seniorar i Hå oppe allereie for 20 år sidan. Den gongen blei han forkasta, fordi ei undersøking viste at interessa var for litan. Foto: Foto: Håvard Ovesen

For at bufellesskapa skal bli attraktive, er det viktig at dei ligg sentrumsnært, meiner han.

– Difor må me tenka på dette nå, før tomtene blir sett av til annan bruk, seier han.

Bjorland slår fast at det er interesse for slike bustadar i Hå.

– Dette er ikkje noko eg har komme opp med på eiga hand. Dette er noko som har vore oppe i innbyggarrådet, og i samband med arbeidet med omsorgsplan og ny kommuneplan, seier han.

Han er innforstått med at buforma likevel ikkje er for alle.

– Folk er forskjellige. Det finnest ikkje ei enkelt løysing. Men dette kan vera eit supplement til andre løysingar, seier Bjorland.

Tilrettelagt

Han understreker at leiligheiter i eit seniorbufellesskap vil vera å rekna som einkvar annan privat bustad. Det følger ikkje kommunale tenestetilbod med på kjøpet.

– Men desse bustadane vil vera tilrettelagt for at ein skal bli gammal i dei, og at det skal vera lett å få hjelp. Det er heilt avgjerande. Når du bygg for denne gruppa, skal det vera for at dei skal kunna bu og ha det greit der lengst mogleg, seier han.

I moderne eldreomsorg legg ein opp til at eldre skal bu heime lengst mogleg. Etter kvart som det blir ringare å komma seg ut, aukar faren for at folk blir sittande einsamme.

– Det er noko me må ta på alvor. Me må kjempa mot einsemda. I eit bufellesskap av denne typen, vil du kunna treffa folk kvar dag om du vil, sjølv om det har blitt vanskelegare for deg å reisa ut på ting, seier Bjorland.

Har vore oppe før

Torsdag tok han opp forslaget i ein interpellasjon til kommunestyret.

Ordførar Jonas Skrettingland (KrF) svarte at ideen er interessant, om enn ikkje heilt ny. Faktisk var han oppe for 20 år sidan, men blei då lagt vekk, fordi ein ikkje trudde det var etterspurnad nok. Torsdag sa ordføraren at ein god del har endra seg i løpet av dei 20 åra.

– Det er ikkje lenger slik at enebolig er draumen for alle fram til eventuelt sjukeheimen er alternativet. Vi snakkar om å bu lenger i eigen bustad. Samtidig ser vi at fellesskap er viktig, og fellesskap utover familie, sa Skrettingland.

Han hadde merka seg at innbyggarrådet i Hå vil ha slike bufellesskap i alle tettstadane i kommunen. Sjølv tok han til orde for å ta det gradvis, og begynna i ein av stasjonsbyane.

– Kommunestyret må få ei sak som gir grunnlag for å bestemma om dette er noko å gå vidare med for Hå kommune i den tida vi går inn i, sa Skrettingland.