I samband med at kommunen skal vedta ein ny områdeplan for Kviamarka i Hå, fekk kommunen for to veker sidan innspel frå Kåre Wiig, dagleg leiar i Miljøgartneriet AS, ei av verksemdene som held til i næringsområdet.
Wiig bad om at formålet for to eigedommar som ligg rett over vegen frå gartneriet vert omregulert frå industri til «anna næring», slik at dei kan brukast til datasenter.
Den eine eigedomen eig han sjølv. Den andre eig han i kompaniskap med Hallstein Aase. Til saman er dei to eigedommane på om lag 15 dekar.
I innspelet legg Wiig vekt på at overskotsvarmen frå datasenteret kan brukast av både nåverande og framtidige verksemder i næringsområdet, deriblant Miljøgartneriet.
– Me har fått førespurnad frå Green Horizon om at dersom dei klarar å rekna heim eit datasenter der, er dei veldig interesserte i å kjøpa eller leiga dei tomtene, seier Wiig til Jærbladet.
Spillvarme
Miljøgartneriet får allereie i dag spillvarme frå Tine sitt anlegg i Kviamarka.
– Den avtalen vil me aldri bryta med, så dette må vera i samarbeid med dei. Men det er ikkje alltid dei klarar å tilfredsstilla behovet me har for varme. Då er energien vår veldig dyr. Og på sikt vil det vera veldig mange der borte som treng meir varme, seier Wiig.
Green Horizon er eit Sandnes-basert firma som spesialiserer seg på etablering av mindre, energieffektive datasenter. Firmaet vart stifta i 2021.
– Me ser at det er interesse for konseptet vårt, der me tilbyr overskotsvarme til aktørane i nærleiken av datasentera våre, seier styreleiar Richard Rettedal.
Han eig 25 prosent av Green Horizon. Arild Egeland frå Sandnes eig 60 prosent, resten er eigd av dei tilsette.
Firmaet har allereie fått godkjent rammesøknad til eit datasenter som skal byggast til tilknyting til Wiig gartneri på Orre. Der får gartneriet all overskotsvarmen.
Datasenteret dei vil bygga i Kviamarka, er tenkt å vera ein del større og vil generera meir varme enn Miljøgartneriet aleine har bruk for.
– Grunnen til det, er at me ser at det, i tillegg til Miljøgartneriet, er andre aktørar som potensielt kan nytta overskotsvarmen vår, seier Rettedal.
Kunstig intelligens
Han går ikkje i detaljar, men seier at dette kan dreia seg om aktørar som allereie er etablert i Kviamarka, eller som kan tenka seg å etablera seg der, nettopp på grunn av tilgangen til billig varme frå datasenteret. Firmaet skal allereie vera i dialog med aktørar som vurderer å flytta til Kviamarka om dei kan få varme frå datasenteret.
Datasenteret har fått det norrøne namnet «Tor» (det på Wiig heiter «Odin»), og er oppgitt å vera i kategori tre, same kategori som dei fleste kommersielle datasenter.
Green Horizon har, til første byggetrinn, søkt Jæren Everk om ein reservert kapasitet i straumnettet på 18 megawatt. Til samanlikning vil kapasiteten til datasenteret på Wiig vera på fire megawatt.
Detaljane er ikkje klare, men tanken er at første byggetrinn i Kviamarka vil vera eit to etasjar høgt datasenter på fire-fem mål, litt avhengig av kven datasenterkundane er, og kva behov dei har.
Fullt utbygd vil datasenteret i Kviamarka trenga ein kapasitet på 36 megawatt.
Denne veka stadfesta Google at dei går vidare med planane om å bygga eit datasenter utanfor Skien. På Kalberg i Time har Micorsoft vore nemnt som ein potensiell datasenterkunde. Rettedal seier at Green Horizon går for litt mindre fisk enn datagigantane.
– Me satsar på den internasjonale -marknaden. Grunnen til det, er at det er ein marknad som ønsker datasenter i tråd med dei tomtene me disponerer, seier han.
Ifølge Rettedal er det ein ekstra fordel med denne marknaden: Han er ekstra energikrevjande. Serverane vert veldig varme av KI-prosessorane, noko som er eit godt grunnlag for å kunna levera det Rettedal refererer til som «overskotsvarme av høg kvalitet».
– Som ein fyringssentral
– Kviamarka er spesielt sett av til næringsmiddelindustri. Datasenter for kunstig intelligens går vel ikkje akkurat under den kategorien?
– Me håpar å vera eit bidrag til næringsmiddelindustrien i Kviamarka, og at varmen me produserer vert ein innsatsfaktor som gjer at Kåre Wiig får lågare energikostnader til og lågare CO₂-avtrykk frå tomatane sine, samtidig som andre aktørar kan etablera seg der, slik at matproduksjonen aukar. Men me er avhengige av at politikarane ser verdien av at me er der og ser koplinga mellom det me gjer og næringsmiddelindustrien som allereie er i Kviamarka og som det kan komma meir av.
Når Green Horizon jobbar med datasenter, tek dei, ifølge Rettedal, utgangspunkt i overskotsvarmen dei vil generera. Gjenbruk av straumen er det viktigaste.
– Me vil etablera oss der det er behov for overskotsvarme og vil samarbeida med aktørar som er der frå før av eller kan etablera seg saman med oss og bygga nye, grøne, sirkulære verdikjeder, seier han.
Kåre Wiig hos Miljøgartneriet kallar det eit «vinn-vinn-prosjekt».
– Me må vera veldig positive om verksemder kan varma opp med varme som kjem frå datasenter. Kan me få femti graders varme, til dømes frå Tine, eller eit datasenter eller same kven, må me vera veldig glade for det, seier han.
Han reknar med at det ikkje vert eit problem å sikra omreguleringa som skal til for at Green Horizon skal kunna bygga datasenter.
– Det vert akkurat som ein fyringssentral for Miljøgartneriet. I dag har me ikkje det. Så det burde ikkje vera noko problem, men det må du spørja kommunen om.
Til politikarane
Plansjef Ole von Erpecom Vikse ønsker ikkje å uttala seg nærare om saka før politikarane har fått sett seg inn i ho.
Kommuneadministrasjonen kjem til å legga fram Wiig sitt innspel når politikarane i Utval for Samfunn møtest torsdag 22. februar.
– På bakgrunn av innspelet me har fått, ønsker administrasjonen ei prinsippavklaring av om datasenter skal leggast inn som arealformål når planforslaget skal sendast ut på høyring, seier Vikse.