I eit lesarbrev til Jærbladet skriv Tore Nærland at statuen laga til Arne Garborg-jubileet i 2001, er for lite synleg.
Torget vart rusta opp i samband med kongeparet sitt besøk. Kong Harald avduka statuen, som er laga av Fritz Røed
Statuen står ved Mølledammen, med andletet vendt mot torget. Nærland synest plassering er lite god.
– Garborg-statuen står i dag altfor lite synleg på Bryne Torg. Den burde stått midt på torget.
I lesarbrevet skriv Nærland at Bike for Peace, fredsorganisasjon han driv, nyleg vart hindra av plasseringa.
Då Bike for Peace skulle arrangera fredsritt laurdag, 10. juli, kunne dei ikkje starta direkte frå statuen, som tenkt.
– Det er smalt å koma til statuen, og det er trapper man må opp og ned, kommenterer han.
Oppfordring til kommunen
Bike for Peace har vore aktive sidan 1977. Då starta Tore Nærland og Helgeide sin første internasjonale sykkeltur.
Sidan 1978 er det blitt organisert freds- og venskapsturar i meir enn 115 land, ifølgje organisasjonens nettstad.
I 2017 var Tore Nærland på slottet i Oslo, der han vart tildelt Kongens fortjenstmedalje.
Nærland forklarer at Arne Garborg er ei viktig inspirasjonskjelde for Bike for Peace, og trekk særleg fram sitatet «Ein må stride for fred».
Han har ei klar oppfordring til kommunen.
– Eg håpar Time kommune kan plassera Arne Garborg mykje betre på torget på Bryne, slik at folket ser han betre, skriv han.