– Det blir eit løft for idrettslaget og ungane og dei som bruker det, sa styremedlem Pål Folkvord til Jærbladet i desember.
Då skreiv avisa om at idrettslaget før sesongstart skal bytte ut den over 20 år gamle kunstgrasbanen sin med ein ny.
«Banen bør rehabiliteres snarest for å sikre videre aktivitet, ivareta sikkerhet og legge til rette for bedre miljøtilpasning», heitte det i ein tilstandsrapport frå Norges Fotballforbund.
I finansieringsplanen sin har idrettslaget lagt opp til ei støtte på 1,7 millionar kroner frå kommunen.
I saka som skal til politisk behandling tysdag, kjem det fram at kommunedirektør Torild Lende Fjermestad berre vil gi inntil 400.000.
Kan gå glipp av rundt 3 millionar
– Kommunedirektøren har innstilt på å gi eit lågare kommunalt tilskot enn det som normalt blir gitt til kunstgrasanlegg, grunngitt med at det i søknaden er valt ei løysing med gummigranulat framfor meir miljøvenlege alternativ, skriv ho.
Det blir anslått at gummigranulat, kunstgras og anna fallunderlag fører til eit årleg utslepp av mikroplast på om lag 6000 tonn, ifølgje Miljødirektoratet.
I oktober 2031 blir det forbode å kjøpe og selje gummigranulat som fyllmateriale på kunstgrasbanar i Europa, etter ein ny EU-restriksjon. Alternative fyllmaterial er for eksempel bjørkegranulat, sand og kork.
Orstad IL viser til ein finansieringsplan på 5,9 millionar kroner, inkludert eigne midlar, midlar frå sparebankstiftingar, spelemidlar, kommunal støtte og momskompensasjon. Kostnadsoverslag for prosjektet er nær 4,7 millionar.
Hadde dei søkt om miljøvennleg fyll hadde kommunedirektøren innstillt på å støtte med ein tredel av prisen, som tilsvarar oppmot 1,6 millionar.
Dette betyr at idrettslaget går glipp av rundt 1,2 millionar i kommunal støtte.
Ifølgje kommunen si utrekning mistar idrettslaget også 2 millionar kroner i tilskot frå eksterne. Norges fotballforbund har ei støtteordning idrettslaget ikkje får nytta, og spelemiddelordninga gir dobbel tilskotssats til kunstgrasanlegg utan gummigranulat, skriv kommunen.
– Når berekraftige løysingar saman med framtidig regelverk gir samla betre økonomiske og miljømessige resultat, framstår det som både miljømessig og økonomisk lite føremålstenleg å velje tradisjonelt gummigranulat i dette prosjektet, skriv kommunedirektøren.
Ho trekk også fram at framtidig regelverk lettare kan oppfyllast utan tilleggskostnader ved ei meir berekraftig løysing.
– Må ha noko meir lettvint
Då Jærbladet intervjua styremedlem Folkvord i desember, sa han at manglar på ressursar i idrettslaget var ein stor grunn til at valet fall på gummigranulat.
– I ei ideell verd hadde banen vore miljøvennleg, men med sand- eller bjørkebane får du litt dårlegare speleevne og meir vedlikehald. For eksempel må ein sandbane saltast på vinteren, og me har ingen tilsette i idrettslaget, sa han.
Dei treng noko meir lettvint, ifølgje Folkvord.
– Me må ha noko som er meir lettvint og som held seg sjølv.
Han fortalde at styret har innstilt på at dei vil bytte fyll den dagen det kjem eit alternativ som er like godt som gummi.
– Eg trur sjølv at når det kjem eit produkt som revolusjonerer bransjen, vil det kome støtteordningar for klubbane som vil bytte.
Økonomisk verkemiddel
Administrasjonen skal ha informert og drøfta alternative løysingar med idrettslaget. Dei har orientert om fleire dokumenterte løysingar utan gummigranulat som er tatt i bruk, med gode erfaringar lokalt og nasjonalt.
For eksempel har Klepp idrettslag fått ny bane med miljøvennleg fyll.
Kommunen kan ikkje overstyre klubben sitt sjølvstendige val, men skriv at dei bruker differansiering i kommunalt tilskot som eit medvite styringsverkemiddel for å stimulere berekraftige val, ikkje for å svekke idretten sine utviklingsmoglegheiter.
Kommunedirektøren meiner at dette er i tråd med kommunen sitt langsiktige ansvar for miljø, økonomi og samfunnsutvikling.
I 2023 gjorde politikarane eit vedtak som seier at kommunen dekker den eventuelle meirkostnaden det vil medføre å velje eit miljøvennleg alternativ.
Dette ville også ha vore gjeldande for Orstad idrettslag.