Dette skiltet står like nedanfor parkeringa ved Tinghaug, og gjer det ulovleg å køyre til platået. Eit tilsvarande skilt står også på andre sida av kulturområdet, på same vegen.
Dette skiltet står like nedanfor parkeringa ved Tinghaug, og gjer det ulovleg å køyre til platået. Eit tilsvarande skilt står også på andre sida av kulturområdet, på same vegen. Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

– Når du kjem der og ser skiltet, føler du at du beveger deg inn i kriminelle område, sa Tom Ove Øksnevad (Frp) under behandlinga av saka i hovudutval for samfunn og kultur.

Administrasjonen har svara ut ei bestilling frå utvalet, der dei skulle sjå nærare på korleis det kunne leggast betre til rette for turisme ved historiske Tinghaug og Postvegen.

Dei skulle då sjå på mellom anna skilt og informasjon, og parkering.

I arbeidet med saka tok administrasjonen kontakt med Statens vegvesen om å setje opp skilt til Tinghaug langs Postvegen, med to alternative plasseringar.

Dette fekk dei blankt nei til, fordi dagens skilting gjer at det ikkje er lov å køyre inn.

Vil arbeide for å gjere det lovleg

I saka viser kommunen til ulike måtar det er skilta til området som historisk, eller med direkte stadnamn.

Dei konkluderer med at utfordringa ikkje er om Tinghaug kan skiltast, men korleis dagens trafikkregulering på Postvegen avgrensar moglegheita for å vise besøkande inn frå alle vegar.

Høgda tilbyr flott utsikt over delar av Jæren.
Høgda tilbyr flott utsikt over delar av Jæren. Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

Dei meiner at ei mogleg løysing kan vere å endre skiltet som markerer gjennomkøyring forbode, slik at det ikkje blir ulovleg å køyre opp til Tinghaug.

Sjølv om administrasjon antar at ein søknad til Statens vegvesen om å endre skiltet, vil vere imot politiet sin uttale, ønskjer dei å setje i gang med dette arbeidet. Det vil prøve å få til ei underskilting som gjer at køyring til parkeringsplassen på Tinghaug blir lov.

«På tross av at det er vanskeleg å gjennomføre kontroll av eit slikt gjennomkjøringsforbod som vist til over, meiner kommunedirektøren at det kan aksepterast på denne kommunale vegen med relativt lite trafikk», skriv dei, og viser til at målinga av årsdøgntrafikk i 2025 talde 87 stykk.

Med dette som utgangspunkt, skriv administrasjonen at dei også vil arbeide for å setje opp vegvisningsskilt til Tinghaug der dette manglar i dag.

Knytte Tinghaug og gravfeltet tettare saman

I forbindelse med små oppgraderingar på Tinghaug-området for to år sidan, blei parkeringsplassen ved Tinghaug utvida noko.

Administrasjonen legg til at det er mogleg å parkere på Nibio på Særheim, som er ein gåtur frå Tinghaug. Samstundes kan ein då få med seg eit anna kulturminne i området.

Tinghaug har sterke historiske røter.
Tinghaug har sterke historiske røter. Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

«Gravfeltet Særheim med Steinhaug ligg på same høgdedrag som Tinghaugplatået, som er eitt av dei mest innhaldsrike og viktige kulturmiljøa i Rogaland. Her ligg kulturminne som Tinghaug, Grønhaug, Krosshaug og Dysjane», skriv dei.

Dei meiner at det er eit stort potensial for å knytte Tinghaugplatået og gravfeltet på Særheim tettare saman, til dømes gjennom ei samanhengande turløype. Også bilmuseet ligg i området.

– Eit område som er mykje for lite oppsøkt

Åslaug Årsland Grude (Sp) meinte at det fint går an å gå eit stykke frå ei parkering på Særheim, men var positiv til ei underskilting som administrasjonen viser til.

Tore Bore (KrF) sa at han meinte vegen kan tole meir enn sist måling viste til.

– Det er eit område som er mykje for lite oppsøkt, både av kleppsbuar og andre. Me heier på å gjere området meir tilgjengeleg, og håpar at det går sjølv om det kan vere litt umogleg, sa han.

Grude la til at vegen tilbake i tid blei stengt for å vareta miljøet for dei som bur i bakken på Tu.

– Det støvar frykteleg på den vegen, og den er ikkje dimensjonert for all trafikken som var tidlegare. For dei som bur der fast er det ikkje bra å opne den heilt igjen, det må me ikkje gjere. Det er ein grunn til at den er stengt, men at ein kan få til eit underskilt med at ein kan køyre bort til parkeringsplassen, det støttar eg heilt, sa ho.

Bore la til at heller ikkje partiet hans er for å opne vegen heilt.

Saka blei tatt einstemmig til orientering.