Klepp kommune har både kommunestyremøte, formannskapsmøte og utvalsmøte på kveldstid.

Dette gjer dei til ein del av mindretalet, ifølgje ein rapport av Likestillingssenteret i 2022.

Av 145 spurte kommunar, svara 51 prosent at kommunestyremøta skjer utelukkande på kveldstid. Det same svara 16 prosent om formannskapsmøta, og 33 prosent om utvalsmøta.

No har kommunedirektør Torild Lende Fjermestad lagt fram ei sak om møtetidspunkt for kleppolitikarane.

Ho vil med det opne diskusjonen om kva som best legg til rette for god kvalitet i politiske prosessar og vedtak, og kva som gir partia eit breiast mogleg rekrutteringsgrunnlag.

– Det er potensial til å få eit meir likestilt kommunestyre i Klepp, vurderer ho.

Mindre enn ein fjerdedel

Målet med prosjektet av Likestillingssenteret var å få fleire kvinner og småbarnsforeldre til å delta i kommunepolitikken og innta leiarposisjonar.

Dei viser til at kjønnsbalansen varierer, og at kvinner er underrepresenterte i mange kommunar, sjølv om det for første gong etter kommunestyrevalet i 2019 var oppe i 40 prosent kvinner i kommunestyra.

Etter sist lokalval i 2023 kunne ikkje Klepp vise til same resultat.

Då var kommunestyret sett saman av 9 kvinner og 22 menn. I dag, etter at Elisabeth Samnøen Thomassen (Inp) og Yvonne Marie Gulbrandsen (H) har fått fritak frå verva sine, er kvinnene berre 7.

Vilde Bilstad (Sp) er den yngste av dei 7 kommunestyremedlemma i Klepp som er kvinner.
Vilde Bilstad (Sp) er den yngste av dei 7 kommunestyremedlemma i Klepp som er kvinner. Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim (arkiv)

Gjennomsnittsalderen i kommunestyret var litt over 50 år, og over 61 prosent var menn mellom 40 og 70 år.

Rapporten konkluderer med at organiseringa av politiske møte og vilkåra for folkevalde påverkar mangfald og deltaking i politikken.

Mellom anna viser kartlegginga at dei kommunane som har møte på dagtid, har høgare andel folkevalde med barn under 12 år.

Fleire kvinner hos naboane

I nabokommunane Time, Hå og Gjesdal er det berre kommunestyret som har møtestart på ettermiddagen.

Samstundes viser saksutgreiinga til at spesielt Hå og Gjesdal har langt høgare kvinneandel i kommunestyret enn Klepp, med dryge 42 og 44 prosent.

I Time er andelen litt over 33 prosent, men der er aldersfordelinga jamnare.

– Det er vanskeleg å seie noko sikkert om kvifor dei andre kommunane hadde ein høgare andel kvinner i kommunestyret, og om møtetidspunkt er ein av faktorane som har spelt inn. Det kan likevel vere relevant å sjå på argument for å ha politiske møte på dagtid, heiter det i saksutgreiinga.

Auka kostnader for kommunen

Blant argumenta som blir brukt for dagmøte er omsynet til folkevalde med barn og familiemedlemmer med omsorgsbehov, heiter det.

– Dette føreset likevel at møtet blir avvikla innan normal arbeidstid, slik at det er mogleg å hente i barnehage og SFO.

I tillegg skal det i andre kommunar ha blitt diskutert at kvaliteten på diskusjonane og vedtaka kan bli dårlegare når møta går føre seg på ettermiddag og kveld, etter at dei folkevalde har vore på arbeid.

Veronika Dagestad (H) er sjølv mor til to ungar på 9 og 12 år, og ønskjer seg fleire kvinner og unge i kommunestyret.
Veronika Dagestad (H) er sjølv mor til to ungar på 9 og 12 år, og ønskjer seg fleire kvinner og unge i kommunestyret. Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim (arkiv)

Lovverket er tydeleg på at folkevalde har rett på fri i samband med lovverket.

Argumenta som taler for møte på kveldstid er at det kan vere vanskeleg for studentar ved obligatoriske forelesingar eller aktivitetar. For nokon kan det også vere utfordrande å kombinere arbeid med møte på dagtid.

Kostnadane for kommunen vil auke, då det sannsynlegvis blir fleire krav knytt til tapt arbeidsforteneste. Offentleg tilsette har krav på lønn på grunn av møteplikt, fleire eller færre dagar, medan folkevalde som taper inntekt i forbindelse med vervet har krav på erstatning opp til eit visst beløp kvar dag.

I Klepp kan dei også krevje erstatning for dokumenterte kostnader til barnepass.

– Ein diskusjon me må ta

Veronika Dagestad representerer Høgre, som einaste kvinne, og har ungar på 9 og 12 år.

Ho ønskjer seg fleire kvinner og unge ved kommunestyrevalet neste år.

– Eg synest det er bra det kjem opp. Det er ein diskusjon me må ta. Om det er tidlegare møte som skal til er vanskeleg å seie, men det er verdt å prøve ut. Det kan hende me klarer å få med fleire, dersom dei rekker heim til barnehage- og skuleslutt og travle ettermiddagar, seier ho til Jærbladet.

Ho vil stemme for at møta skal skje på dagtid, bortsett frå kommunestyret.

– Det handlar om demokrati, at det skal vere ope for allmenta, seier ho.

Ho meiner statistikken i andre kommunar taler for at ei endring av tidspunkta har noko føre seg, men er spent på om politikarar i andre livssituasjonar klarer å tenke utanfor seg sjølv.

– Men eg ser også problemstillinga med at dei som jobbar i privat næringsliv, spesielt, vil tape inntekt fordi kompensasjonen for tapt arbeid ikkje når opp, legg ho til.

Saka skal til behandling i hovudutvala, før den går til formannskapet og til slutt kommunestyret 14. september.