I Larheia på Lye har det vakse fram ein heil liten landsby i to etasjar den siste tida.
«Lye Village» skal etter kvart husa inntil 600 arbeidsfolk – dei som skal få Green Mountain sitt datasenter på Undheim, opp og stå.
SV-politikar Øystein Nereng er mot heile datasenteret.
Men det er verken omkamp om dette vedtaket, eller datasenteret sjølv, som er motivet for utspelet han frontar nå, forsikrar han.
– Dette handlar ikkje om politikk. Det handlar om systemet.
Saman med ni kollegaer frå SV, Venstre, Arbeidarpartiet og Senterpartiet sende han onsdag eit framlegg til kommunen sitt kontrollutval.
Mange dispensasjonssøknader
Det har mange spørsmål.
Dei handlar alle om prosessane som har gjort at det nå veks fram eit datasenter på tomta der politikarane i 2021 ga grønt lys til å etablera kraftintensiv næring og næring som kan nytta overskotsvarme frå kraftintensiv næring.
Den gongen sto eit nesten samla kommunestyre bak vedtaket. Berre to folkevalde stemte imot, begge frå SV.
Fem år etter bør kontrollutvalet bestilla ein forvaltningsrevisjon, meiner Nereng, som ikkje sat i kommunestyret den gongen.
– Me har vedtatt ein reguleringsplan som får enorme følger og som har utløyst masse dispensasjonssøknader. Dette handlar ikkje om skuld, men om at me er nøydde til å ta lærdom av dette, så me ikkje risikerer å hamna i noko tilsvarande igjen, seier han.
Følger utanfor anleggsområdet
I framlegget peiker han og dei andre på tiltak som har dukka opp i etterkant: Høgdebasseng og VA-infrastruktur, regionalt straumnett, omfattande massehandtering, miljøoppfølging og mellombelse tiltak for arbeidskraft.
Dei viser også til tiltak og konsekvensar utanfor sjølve reguleringsområdet:
«Eit døme er brakkeriggen i Larheia på Lye, som er knytt til forlegging av arbeidskrafta som trengst til utbygginga på Undheim. Eit anna er utbygginga av kraftinfrastruktur, der NVE si vurdering legg til grunn eit datasenter med eit forventa straumforbruk på inntil 100 MW».
Eit sentralt kontrollspørsmål, skriv Nereng, er om planforma som kommunen valde, ga eit godt nok grunnlag for å vurdera samla og langsiktige verknader av eit prosjekt som «seinare har utløyst omfattande infrastruktur, massehandtering, mellombelse tiltak og andre følgjesaker».
– Har kommunen system for å reagera?
Desse spørsmåla treng òg å bli stilt, meiner representantane bak framlegget:
Kva rutinar har Time kommune for å fanga opp vesentlege endringar i eit prosjekt etter at reguleringsplanen er vedteken?
Har kommunen tilstrekkelege system for å reagera når det kjem opplysningar om at gjennomføringa av eit prosjekt kan avvika vesentleg frå føresetnadene i godkjende planar og søknadar?
Fleirtalet vil ikkje
Nereng seier han ikkje har fått med seg Høgre, Kristeleg Folkeparti eller Framstegspartiet, som har det politiske fleirtalet i kommunen, på initiativet overfor kontrollutvalet.
– Det er trist at dei ikkje vil at me skal få alle korta på bordet, meiner SV-representanten.
- Heilt unaturleg å be om
– Me takka nei, stadfester gruppeleiar Ole Jørgen Alstadsæter i Høgre overfor Jærbladet.
– Me ser ikkje hensikta bak initiativet i det heile. I eit så svært prosjekt dukkar det opp ting, og det har me behandla fortløpande, skikkeleg og på lovleg måte. Eg ser ikkje at det har vore saksbehandlingsfeil. Så for oss er det heilt unaturleg å be om dette, seier han.
Ikkje alle sakene som er komme i kjølvatnet av datasenter-utbygginga, er kommunen sitt bord, minner Alstadsæter om.
– Og når det gjeld saker som er kommunalt ansvar, som masseuttak og Larheia, har statsforvaltaren ikkje hatt innvendingar, seier han.
I ettertid vedgår Høgre-representanten at politikarane burde ha fokusert meir på behandling av overskotsvarmen.
Dette premisset – at det skulle komma næring som kunne bruka restvarmen frå den kraftkrevjande industrien på området – er ikkje oppfylt.
– Me burde kanskje vore meir påpasselege der. Eg kunne ha stilt fleire spørsmål, seier Alstadsæter.
Opp til kontrollutvalet
Om fleirtalspartia hadde villa ha ei gransking av planlegginga og saksbehandlinga rundt datasenter-utbygginga på Undheim, kunne kommunestyret ha bestemt at kontrollutvalet skulle ta initiativ til ein slik revisjon.
– Berre kommunestyret kan pålegga oss slikt, men alle kan komma med innspel som me vil vurdera, seier Lodve Haugland.
Han representerer Senterpartiet og leiar kommunen sitt kontrollutval.
Dei fire andre medlemmene kjem frå Høgre, Frp, Venstre og Industri- og næringspartiet, INP.
Haugland vil ikkje seia til Jærbladet kva han meiner kontrollutvalet bør gjera med framlegget frå opposisjonen.
– Det tar eg i kontrollutvalet, seier han.
Møte i desember
Det betyr at svaret ikkje vil komma før i desember, for kontrollutvalet har avlyst eit møte dei skulle ha hatt 19. oktober.
– Det var så få saker at me fann det greiast å venta til dess, seier Haugland.
Då dei avtalte dette, visste dei ikkje om framlegget frå Nereng og kollegaene. Men det endrar ikkje på vurderinga til Haugland.
– Kontrollutvalet skal sjå på systemnivå. Dette er ikkje noko som hastar så mykje at me må sjå på det med ein gong. Det står ikkje om liv, seier Lodve Haugland, leiar i Time kommune sitt kontrollutval.