– Alle slit med at sjukefråværet er for høgt. Me loddar no stemninga for eit prosjekt der folk som ikkje er borte frå jobb, får ei ekstra påskjønning, seier Ingrid Williamson, verksemdsleiar for miljøtenesta i Klepp kommune.
Miljøtenesta, som har cirka 300 tilsette, gir praktisk og personleg hjelp til personar som treng støtte for å klara daglege gjeremål.
Ingrid Williamson har sendt ut ei spørjeundersøking, som har skapt reaksjonar blant nokon av dei tilsette, etter det Jærbladet erfarer.
Målet med prosjektet «Kom på jobb» er å sjå om det er mogleg å få sjukefråværet ned ved hjelp av personlege påskjønningar.
Vil på jobb trass mild sjukdom
Blant det nokre av dei kommunetilsette reagerer på, er moglegheiter for å jobba inn dagar ein har vore sjuk, og lovlegheita kring det.
– Til no har me fått inn 48 svar. 88 prosent av desse ønskjer å prøva prosjektet. Ved mild sjukdom har 88 prosent svart at dei er villige til å «karra seg på jobb», dersom dei får ei ekstra påskjønning. Påskjønninga kan vera felles lunsj, blomar, eit diplom eller gåvekort, bekreftar Williamson.
Langt færre er interesserte i å arbeida inn eventuelle sjukedagar.
– 79 prosent som har deltatt i undersøkinga, seier nei til det. Ti prosent kan vera interessert i ei ordning der dei arbeider inn dagar dei har vore borte, seier Williamson.
Verksemdsleiaren seier at ho ønskjer å høyra dei tilsette sine tankar om å påskjønna stabilt oppmøte på jobb, og at det er bakgrunnen for undersøkinga.
– Tidlegare er det forsøkt fleire metodar for å redusera sjukefråværet, men med varierande resultat, seier ho.
– Skal ikkje opplevast som press
Dei tilsette får spørsmål om kva påskjønninga som hadde motivert dei mest. Her blir det vist til døme med personleg gåvekort på til dømes 1000 kroner for 100 prosent stilling, 800 kroner for 80 prosent stilling, og så vidare.
Dei tilsette blir også bedne om å koma med forslag til korleis kommunen kan påskjønna dei som ikkje har sjukefråvær, utan at det blir opplevd som eit press.
11 av dei 48 som har svart, ønskjer lønnskompensasjon for å vera stabilt på jobb. Det er også nokre som ønskjer ekstra feriedagar, teambuildig eller reiser i regi av arbeidsgjevar.
Ein av dei 48 tilsette som hadde svart på undersøkinga innan måndag formiddag, gav tilbakemelding om at han opplevde undersøkinga som eit press.
Ingrid Williamson seier at det aldri har vore meininga at tilsette skal kjenna på press.
– Men det er viktig å snakka høgt om sjukefråværet. Dette er heilt ufarleg, og det handlar berre om ei lita spørjeundersøking. Det me vil, er at dei tilsette skal koma med sine forslag, påpeiker Williamson.
Ho legg også til at miljøtenesta i Klepp har ekstra fokus på nærvær – og på det å vera til stades dette året.
– Me ønskjer å ha dei tilsette med på gode tiltak og nærværsarbeid, seier Williamson.
– Svara kan endra seg
– Kva oppnår ein med ei ordning der ein får stryka sjukedagar, dersom ein arbeider ekstra for dagane ein har vore borte?
– I vår bransje må andre ta arbeidsoppgåvene til folk som er borte. Brukarane våre er personar med psykisk utviklingshemming og funksjonsnedsetjing. Det er ikkje alltid like enkelt å leiga inn vikarar, som kanskje ikkje kjenner til brukarane våre, svarer Ingrid Williamson.
Verksemdsleiaren veit enno ikkje om prosjektet med ekstra påskjønning for dei som ikkje har fråvær, vil bli gjennomført.
– Undersøkinga ligg enno ute, og svara kan enno endra seg, seier Williamson.
Ho seier at ho informerte Fagforbundet i Klepp om undersøkinga før ho blei sendt ut. Personalavdelinga i kommunen har ikkje vore involvert.
Linda Øvrebø, hovudtillitsvald for Fagforbundet i Klepp, ønskjer ikkje å kommentera spørjeundersøkinga overfor Jærbladet.
– Eg kjenner ikkje heilt til kva saka går i, seier ho.