Snart kan ungdomsskuletrinnet på Orstad vere historie, om kommunedirektøren får det som ho vil.
Snart kan ungdomsskuletrinnet på Orstad vere historie, om kommunedirektøren får det som ho vil.

Dette vurderer kommunedirektør Torild Lende Fjermestad i ei av sakene som skal til behandling i årets første politiske møterunde i Klepp.

Ho viser til at tilstandskartlegginga av Orstad skule gjer det klart at den har eit vesentleg større rehabiliteringsbehov, og større behov for areal, enn tidlegare antatt.

– Kommunedirektøren tilrår å flytte ungdomstrinnet permanent ut av Orstad skule i samband med rehabiliteringa, og at elevane går på ein av dei nærliggande ungdomsskulane i Klepp.

Det blir opplyst at det skal vere kapasitet på ungdomsskulane på Kleppe og Bore.

Ikkje ukjent at skulen treng utbetring

Orstad skule består av to forskjellige bygg, Orstad skule og Orstad grendehus og gymsal. Her held første til tiande klasse til, og Orstad læringssenter.

Totalt har skulen 320 elevar og 67 tilsette.

Det har lenge vore kjent at skulen treng snarlege tiltak for å utbetre fasilitetane. På vårparten i 2024 vedtok politikarane at påbygg og rehabilitering/ombygging var ei mogleg løysing.

I handlings- og økonomiplanen for 2026-2029 er det sett av 162,5 millionar kroner til rehabilitering og tilbygg på den.

– Denne politiske saka blir no lagt fram for å sikre vidare framdrift i prosjektet, og for å leggje til rette for betre og meir funksjonelle areal for både elevar og tilsette ved skulen, skriv kommunedirektøren.

Ei arbeidsgruppe har sett på rehabiliterings- og arealbehovet på skulen, og det er gjennomført ei full tilstandskartlegging av bygningsmassen.

– Omfattande behov

– Funn i rapporten viser eit omfattande behov for rehabilitering, særleg av sjølve skulebygget. Dette gjeld i stor grad all innreiing, veggar, golv og himlingar, i tillegg til alle vindauge og dører på heile skulen, skriv kommunedirektøren.

Planløysinga på biletet viser korleis resultatet etter ombygginga kan bli, dersom politikarane går for kommunedirektørens forslag.
Planløysinga på biletet viser korleis resultatet etter ombygginga kan bli, dersom politikarane går for kommunedirektørens forslag. Foto: Foto: Klepp kommune

Blant anna skildrar ho planløysinga som svært uoversiktleg, og klasseromsstorleikane som varierande og ikkje store nok for alle klassar å bruke. Uteområdet er heller ikkje tilfredsstillande.

– Vidare peikar rapporten på eit stort behov for utskifting av store delar av det tekniske anlegget, sanitærtekniske installasjonar og ei oppgradering av energiløysinga.

Også grendehuset og gymsalen har stort behov for oppgradering. Garderobefasilitetane, utskifting av vindauge, utskifting av delar av kledninga og rehabilitering av sjølve gymsalen blir nemnt.

Oppimot 250 millionar for å behalde ungdomstrinnet

I lys av funna, skisserer kommunedirektør Fjermestad først to forskjellige alternativ. Begge desse inneber at ungdomsskulen blir verande på skulen.

  • Ei større rehabilitering av grendehuset og gymsalen, i tillegg til rehabilitering av dagens skulebygg og oppgradering av uteområdet.
  • Utviding av skulen med eit større tilbygg enn først estimert, i tillegg til rehabilitering av eksisterande skulebygg og oppgradering av uteområdet. Fleire ulemper med dette alternativet blir nemnd, blant dei at tilbygget vil legge beslag på ein større del av utearealet.

Første alternativ vil kunne koste omtrent 250 millionar kronar. Det andre alternativet er estimert å ende på 236 millionar kroner. Dette er ein auke på minst 74 millionar kroner i forhold til ramma som er sett av.

Skissa viser forslag til korleis uteområdet kan bli utforma.
Skissa viser forslag til korleis uteområdet kan bli utforma. Foto: Foto: Klepp kommune

Kommunedirektøren presenterer derfor eit tredje alternativ, som inneber at ungdomstrinnet blir flytta:

Ei totalrehabilitering av heile skulebygget i tråd med funna i tilstandsrapporten, og ombygging av areala på skulen for å tilpasse arealbehovet. Løysinga inneber at ein kan bygge eit mindre tilbygg til skulebygget, i staden for å bruke grendehuset.

Orstadhuset kan nyttast til kroppsøving av første til fjerde trinn, slik som femte til tiande gjer i dag. I alternativet ligg det også inne ei oppgradering av uteområdet.

Dette er anslått å koste rundt 187 millionar kroner, som er ein auke på rundt 25 millionar kroner.

Tar ikkje lett på det

Kommunedirektøren vurderer at det siste alternativet, ei vidareføring av barneskulen og opplæringssenteret på Orstad skule, er det beste for å redusere arealbehovet og kostnadene.

Samtidig viser ho til at det vil løyse utfordringar skulen har, knytt til rekruttering av spisskompetanse i enkelte fag. Til dømes blir elevar med spansk som valfag bussa til Klepp ungdomsskule i dag.

– Ein vurderer at flytting av ungdomsskuleelevane frå Orstad skule betre vil vareta fagleg kompetanse og sosial inkludering for elevane.

Kommunedirektøren presiserer at ho ikkje tar lett på avgjerda, og understrekar at det må leggast til rette for brei involvering frå SU, tillitsvalde, foreldre, elevar og tilsette i skulane som er involverte.

Saka skal til behandling i hovudutval for barn og unge, formannskapet og kommunestyret.

Jærbladet har vore i kontakt med rektor Randi Harveland, som ikkje ønskjer å uttale seg om saka. Ho viser til kommunedirektøren.