Den kristne grunnskulen på Bryne ønskjer no plass til 200 elevar, opp frå 120 som dei har godkjenning til i dag.
– Me har opplevd ein auke, spesielt no dei siste fem åra. Det gjeld både eksisterande kull, altså dei som går på skulen no, og kulla som kjem, seier rektor Andreas Årikstad til Jærbladet.
Søknaden blei sendt i slutten av januar. Ei eventuell utviding vil først kunne bli aktuell hausten 2026, fortel rektoren.
Snart fullt
«Me vil i framtida ikkje klare å svare på behovet frå føresette som ønskjer ei kristen opplæring for barna sine. Me ønskjer å kunne imøtekome dette behovet betre,» skriv dei i søknadsbrevet til Utdanningsdirektoratet.
Per 1. oktober har skulen 107 elevar frå 1. til 10. trinn, ifølgje oversikta skulen har sendt til Udir. På same dato stod fire elevar på venteliste.
Rektoren fortel Jærbladet at dei har venteliste på nesten alle trinn, som kvart har plass til tolv elevar. Blant framtidige trinn er 2023-kullet størst, med sine 21 søkarar.
– Me ligg an til å kome i taket på maks 120 elevar ganske snart, og då får me dei på venteliste i staden, seier Årikstad.
Han fortel at dei ikkje kan ta inn fleire elevar no, sjølv om dei tilsynelatande har 13 plassar til overs. Dette fordi det ligg an til å bli fullt når dei tar inn nye elevar i haust.
I oversikta vedlagt i søknadsbrevet, vil skulen ha 113 elevar neste skuleår, i tillegg til 18 på venteliste.
Hausten 2026 ligg det an til eit elevtal på 120, med 21 søkarar på venteliste. Om skulen får utviding, vil skulen altså ha 141 elevar.
Omtrent slik ligg det også an skuleåret etter.
– Det blir ein del ombygging
Jærtun held no til på Rosseland.
– Viss de får utvide, vil det bli plass i bygget her?
– Ja, i all hovudsak så vil det det. Me kjøpte jo dette bygget av Aarbakke, som hadde industrihall her tidlegare. Me har meir å gå på, innanfor veggene her, seier han.
– Det blir ein del ombygging, det gjer det, men ikkje noko nyoppført bygg.
Fristen for å søke om endring ved eksisterande privatskular er 1. februar.
Udir skriv på si nettside at skulen sin vertskommune/fylkeskommune vil bli gitt anledning til å uttale seg i saka dersom skulen søker om utviding av elevtal eller nye utdanningsprogram.
Dei fleste kommunar/fylkeskommunar vil ha gitt uttale i saka innan tre månader, skriv dei.
Gjennom våren vil dei ulike delane i søknaden frå skulen bli vurdert i direktoratet.