Tonen i brevet frå Pamela Sudmann, kommunalsjef for oppvekst i Time, er streng.
Ho peiker på «sterk uro» over Kolumbus si handtering av skuleskyssen ved skulestart i haust.
Ho klagar også over at transportselskapet ikkje har kommunisert eller følgd opp slik ho hadde forventa etter at endringane utløyste eit kor av protestar frå foreldre.
Sudmann viser til eit anna brev, sendt i starten av september, der kommunen ba Kolumbus «om eit kostnadsoverslag for ei eventuell tilbakeføring av skyssrutene til den organiseringa» som gjaldt i vår. Denne kalkylen vil kommunen ha for å kunna «vurdere handlingsrommet vidare».
Har venta på svar i ein månad
Dei har ikkje fått noko slikt overslag, skriv Sudmann.
Ho ber om snarast å få vita kva status er for arbeidet med kostnadsoverslaget. Ho vil òg ha svar på om når kommunen kan forventa å få ei fullstendig vurdering av kostnadene ved ei eventuell reversering.
– Finst ikkje eigne tal for Undheim
Også fylkespolitikar Kjartan Alexander Lunde (V) har spurt Kolumbus om kostnadene med skuleskyssen. «Hvorfor er mulighetene for lokale tilpasninger strammet inn, og har omleggingen faktisk redusert kjøringen og kostnadene?» ville han vita.
Svaret fekk Lunde i førre møte i fylket sitt samferdselsutval:
«Det finnes ikke egne tall for kostnadene på Undheim isolert».
Ordninga med skuleskyss må byggja på felles reglar og likebehandling. Stadig aukande kostnader til skuleskyss gjer at dette nå må følgast tettare opp, gjekk det fram av svaret frå Kolumbus.
Fleksibelt blei «rigid»
Undheim er ikkje det enklaste området å driva kollektivtransport i. Mange bur ganske avsides.
Ein del elevar ved Undheim skule og Lye ungdomsskule har skuleskyss på grunn av dette, eller fordi kommunen har merka vegen som farleg.
Denne transportordninga har ifølge ei rekke foreldre fungert fleksibelt og fint – heilt til skulestart i haust.
Då blei ordninga avløyst av det føresette skildrar som «rigid», «slitsam», «absurd», «latterleg», «ineffektiv», eller rett ut «meiningslaus». Dette har skjedd etter at Kolumbus fekk ny underleverandør for skuleskyss i Time. Den nye leverandøren er Vy.
Tidlegare køyrde ein maksitaxi barn heilt heim på tunet når det syntest praktisk eller nødvendig. Foreldre kommuniserte direkte med taxiselskapet frå dag til dag om sjukdom eller planar som gjorde at dei ikkje trong skyssen.
– Bussen køyrer lengre enn taxien gjorde
Før tok sjåføren eit dagleg overblikk: «Kven er med meg i dag?» og køyrde elevane mest mogleg effektivt heim, ifølge ein forelder. Selskapet, Jæren Maxitaxi, hevdar at dei ikkje tok seg ekstra betalt for denne fleksibiliteten.
– Men nå køyrer bussen ruta heilt uavhengig om det er elevar med. Elevane har observert bussen køyra slutten av ruta heilt tom for passasjerar, sa Gunnar Sikveland, far med barn på Undheim skule, til Jærbladet.
Han tippa at distansen bussen køyrer i det nye skuleåret, er blitt større enn den var før.
Ingrid Ropeid med sønene Olav og Eivind, som i staden for å bli henta heime på tunet, frå i haust skulle gå til Undheimsvegen og kryssa til busstoppet i ei 80-sone. Etter at Ropeid klaga, har Kolumbus snudd denne traséen.Foto: Ingeborg Eliassen
Fekk pes frå foreldre
Kolumbus orienterte foreldre om endringane ei veke etter skulestart. For mange innebar omlegginga at ungane skulle ta seg til haldeplassar for skuleruta langs større vegar.
Dette var dårleg nytt for mange. Ikkje minst kommunen fekk merka klagene deira. Før dei begynte å komma, hadde kommunen ikkje kjent til forholda, ifølge Sudmann.
Klagene gjaldt i hovudsak at elevar ikkje lenger blir henta og levert ved heimane sine, men må gå til nye møteplassar langs hovudvegane, skriv ho i brevet til Kolumbus.
– Skulle vore kommunisert før nytt skuleår
Det er «særleg alvorleg» at Kolumbus innførte endringar i skuleskyssen på Undheim utan å informera verken Time kommune, skulane eller føresette, meiner kommunalsjefen. Dette har ført til unødig belastning for elevar, føresette, skular og kommuneadministrasjon.
Kommunen har brukt «omfattande» ressursar på å følgja opp føresette og behandla klagar om trafikkfarleg skuleveg. ifølge kommunalsjefen.
Dei har også hatt dialog med Kolumbus. Der har kommunen fått opplyst at fleire av dei tidlegare hente- og avstigingsstadene ikkje var registrerte eller godkjende i Kolumbus sine system, står det i brevet.
Korfor blei ikkje dette avdekt og kommunisert før oppstart av nytt skuleår? spør Sudmann.
Kolumbus endra morgontrasé
I enkelte tilfelle er det gjort justeringar etter at føresette har klaga, noterer ho.
Dette gjeld mellom anna opplegget langs Undheimsvegen: Kolumbus har snudd traseen for ruta mellom Skareberget og Undheim skule om morgonen, slik at barn som bur på oppsida av Undheimsvegen kan gå på bussen utan å måtta kryssa den farlege vegen i 80- og 70-sone.
«Dette illustrerer at dei opphavelege løysingane ikkje var tilstrekkeleg vurderte opp mot lokale forhold og trafikktryggleik», skriv Pamela Sudmann i brevet til Kolumbus.
Haustferie
Jærbladet har stilt Kolumbus spørsmål om klagene frå Time kommune. Men fagpersonane som jobbar med skuleskyss, har haustferie denne veka, opplyser kommunikasjonssjef Morten Nesvik. Dermed kan selskapet ikkje svara før dei er tilbake.
– Me har fått brevet frå Time kommune og vil gi kommunen eit skriftleg svar, skriv Nesvik i ein e-post.
Om konkrete klager frå enkeltforeldre som Jærbladet også har spurt om på vegner av ungane sine, svarer han dette:
«Vi har ikke anledning til å diskutere enkeltsaker i media. Dersom foresatte er uenige i et vedtak om skoleskyss, finnes det en klageordning, og saken kan behandles av Statsforvalteren.»