Eit Haaland-senter må ha meir innhald enn berre gamle drakter og sko.
Eit Haaland-senter må ha meir innhald enn berre gamle drakter og sko. Foto: Fredrik Varfjell/Paul Henrik Gaalaas-Hansen

Frå 17. juni til natt til 12. juli har Noreg vorte snudd på hovudet.

Pubar har skjenka til langt på natt. Folk som ikkje liker fotball, har blitt fanga av Erling Braut Haalands sprell, både på og utanfor bana.

Frå den fyrste kampen mot Irak til det heroiske nederlaget mot England natt til søndag har temperaturen stige over Jæren og rundt om i heile kongeriket.

Men Haaland har ikkje levert åleine. Det har vore eit samansveisa landslag som har spelt Noreg til ein kvartfinale. For oss, som opplevde Noreg i VM i 1994 og 1998, så har denne turneringa vore ein frisk kontrast til tida då Drillo-fotballen herja landet.

Kvardag etter ferien

No er det heile over. Det er fyrste måndag i det som ein gong var kjend som fellesferien. Dei som vandra skuffa heim tidleg ein søndags morgon, skifter gradvis fjernsynsskjermen ut med hytte, måling og grilling, eller set seg på flyet til andre himmelstrok.

Gatene vert gradvis tømde for folk. Når dei kjem attende, er det snart skulestart og kvardag att.

I fire og ei halv veke har heile Noreg vorte snudd på hovudet. Mykje har blitt skrive og sagt, i ein slags stigande sigersrus (og mogleg annan rus).

Karnevalets vesen

Fraser som samhald, dette trengde me og nye tider har florert over trykksverta, i sosiale media og på fjernsynet. Det kjem truleg til å verte ei artig øving å lesa dei opp att om eitt års tid, då normalen igjen har senka seg over by og bygd.

Idrett, og særleg verdas største idrett fotball, kan gjere slik med folk. Og ingen stader kjem det klarare fram enn under eit VM. Det er kort sagt eit slags globalt karneval, som spelar seg ut mellom nasjonane.

Av di Noreg er djup protestantiske i sin natur, og karneval er noko som katolikkar, eller helst brasilianarar driv med, så manglar ein ofte verktøya til å sette slike hendingar inn i den rette samanhengen.

Andre lovar og reglar

Det var ein russar, med namn Mikhail Bakhtin, som fyrst sette ord på kva som skjer då karnevalsstemninga slår ut i full blom. I boka Rabelas og hans verd, kjem han med fire punkt, som slår inn:

  • Det er eit fritt og familiært samkvem mellom folk, kor samfunnslaga vert brotne. (Tenk kronprinsen som ror på slottsplassen).
  • Det eksentriske vert lov. Rar åtferd, som normalt vert sett ned på, vert akseptert. (Me har sett mykje rart ute dei siste vekene).
  • Det høge og låge smeltar saman i eitt.
  • Det heilage vert omforma til noko som manglar makt. (Truleg var desse grensene meir aktuelle før det norske samfunnet vart gjennomsyra av ein sekulær kvardag).

Kort sagt. Gamle lovar og reglar, forhold mellom folk og kjente mønster har vorte oppheva så lenge landslaget leverte. Overgangen frå VM-karnevalet via fellesferien, gjer nok overgangen mindre alvorsfylt enn fasta, som normalt avløyser karnevalet.

Idrettens to produkt: Draumar og minne

Folk som har ytra seg kritisk til folkefesten, har med andre ord bomma på målet. I praksis har dette vekene utspelt seg etter «handboka» til Bakhtin. Eg trur dimed at ein ikkje skal tolka landslagets bragder djupare enn eit gigantisk karneval.

Eit Haaland-senter må verte meir enn eit museum fyld av sko og draktar.
Eit Haaland-senter må verte meir enn eit museum fyld av sko og draktar. Foto: Foto: Asgeir Ueland

Samfunnet kjem raskt til å vere attende der det var kvelden før VM.

Engelskmannen Peter Keen, som i si tid skreiv sportsplanen for OL i London i 2012, har nok rett då han seier: «Det einaste idretten kan levere er to produkt: Draumar og minner.» For dei som enno hugsar, så slo britane alle medaljerekordar i London-OL.

Erling Braut Haaland fekk oppfylt sine draumar om å spela i VM, og me sit attende med minna om eit VM kor Noreg kom lengre enn i noko meisterskap tidlegare. Og så kan sjølvsagt dei unge drøyma om ein gong å tre ut på store stadion ein stad der ute i framtida.

Eit Erling-senter treng innhald

For Bryne har dette karnevalet vore enormt. Plutseleg var staden sentrum i mediestormens auge. På nokre dagar har ordføraren i Time, Andreas Vollsund, vorte intervjua fleire gonger enn ordføraren i London eller New York. Det er i seg sjølv noko som nærast er ei karnevalistisk hending.

No stilnar handvendingane truleg av for sommaren, og truleg fram til Erling Braut Haaland igjen står føre kampen om eitt nytt trofé.

Før England-kampen lanserte Vollsund ideen om eit eige Haaland-senter på Bryne. Ideen er ikkje ny, men ein slik stad må vere meir enn gamle sko og drakter, og tusenar av selfies frå dei besøkande.

Ein må òg tenka på korleis eit slikt senter skal fungera utanfor turistsesongen, sei i november. Kan ein gjere noko i folkehelseperspektiv? Korleis skal ein få dei unge ut, og vekk frå gamingkonsollen? Korleis skal ein få folk til å vere aktive lengre, som jo var filosofien bak oppsedinga miljøet toppspissen vaks opp i.

Synergien med Bryne stadion

Skal eit Haaland-senter fungere, må ein attende til kvardagen. Eit slikt senter må naturleg nok ligge på staden der grunnlaget til Erling Braut Haaland vart lagt: Bryne stadion. Då må òg stadion få eit løft og kome opp på eit nivå som minner om stadioner frå 2026, eller helst VM i 2030.

Bryne har med andre ord fire år på seg til å koma seg ut av karnevalsatmosfæren og ta Jærens einaste by inn i framtida. Det krev planar og tenking utanfor boksen. Klarar ein å kombinera dette, kan Bryne verte ein attraktiv turiststad òg utanfor VM-syklusen kvart fjerde år.

Det må gje eit grunnlag for dei unge til å hauste dei to tinga idretten kan gje:

Draumar og minne.

For det er nett slik Erling Braut Haaland starta, den gong for mange år sidan, før han snudde Jæren og verda på hovudet i VM.