Einar Hovda og Lea Fosse får eit bryllaup som skil seg ut frå dei fleste andre.
Einar Hovda og Lea Fosse får eit bryllaup som skil seg ut frå dei fleste andre. Foto: Privat

– Me riggar til storskjermar, henger opp flagg, finn fram tromma og viser kampen, seier Einar Hovda frå Klepp.

Noko anna var aldri eit alternativ, sjølv om verken han sjølv eller bruda Lea Fosse, som er frå Hognestad, ser på seg sjølv som ihuga fotballsupporterar elles.

Dei er derimot entusiastiske når det gjeld verdsmeisterskapen.

– Eg synest det er berre gildt å vise kampen, eigentleg. Det er jo historisk, og då gløymer ein iallfall ikkje bryllaupsdagen, ler Hovda.

– Berre stas

Paret, som skal til alters i Time kyrkje laurdag ettermiddag, hadde i utgangspunktet sett føre seg at bryllaupet skulle ende rundt midnatt, eller kanskje litt seinare.

Men kollisjonen mellom dei to store hendingane har dei fått fletta fint inn i kvarandre.

– Bryllaupet går som normalt, og så har me saman med toastmasterane laga det til sånn at underhalding og talar er ferdig innan 22.30.

Hovda kan melde om positiv reaksjon frå bryllaupsgjestane som har fått vite om framsyninga.

– Me sette jo datoen til bryllaupet ganske tidleg. Då det blei VM og me fann ut at det var ei moglegheit, tenkte me at det aldri skulle skje. Men det er berre stas, meiner eg.

– Tok det litt hardt

Liv Kristin Gauksås og Odd Arne Fosse gir kvarandre sitt ja i Skjernøy kapell laurdag.
Liv Kristin Gauksås og Odd Arne Fosse gir kvarandre sitt ja i Skjernøy kapell laurdag. Foto: Foto: Privat

Odd Arne Fosse frå Lyefjell giftar seg med Liv Kristin Gauksås i Mandal same dag.

Bortsett frå å følgje med på landskampane under VM, er heller ikkje dei særleg fotballinteresserte. Likevel har dei valt å inkludere kampen som ein del av programmet under bryllaupsfesten.

– Eg tok det litt hardt dei første dagane, då var eg veldig misfornøgd. Men eg har akseptert det no, sjølv om det ikkje var heilt det eg var innstilt på, seier bruda, og held fram:

– No synest eg eigentleg det går heilt fint. Det er fint at kampen ikkje er før klokka 23, for me hadde uansett lagt opp til at programmet var ferdig i den tida. Etter det skulle det berre vere dans, no blir det heller etter kampen.

Trur mange hadde vore distraherte uansett

– Har de følt at de ikkje hadde noko val, anna enn å vise kampen?

– Ja, seier dei i kor.

– Viss me hadde hatt dansen gåande samtidig som kampen, er det definitivt mange som hadde vore distrahert og sete på telefonen. Det er ikkje hyggeleg for nokon, seier Fosse.

Paret fortel at dei overraskande nok har fått meldingar frå bryllaupsgjester som dei aldri har høyrt om ser på fotball før.

Dei har kome fram til at det trass alt blir stas å vise kampen.

– Dess meir ein tenker på det, dess betre er det. Ein har ei svær fellesskapsgreie som landar i lag med bryllaupet, og som gjer at folk kjem til å hugse kvelden, seier brudgommen.