Beate Aasen Bøe (SV) starta spørsmålet på kryptisk vis, ved å omtala ein av tinga ho liker aller minst med Sandnes og Stavanger.
Ganske fort vart det klart for resten av formannskapet at det handla om utleigesparkesyklar på villstyr.
– Når eg ute og går eller syklar, ligg det ofte slengt elsparkesyklar. Stavanger og Sandnes har begynt å ta grep med å regulera parkeringa og kor det er lov å ha elsparkesyklar. Då eg kom frå toget i går, såg eg at nå er dei komne til Bryne.
Dukka plutseleg opp
Tysdag ettermiddag såg ho elsparkesyklar på rekkje og rad utanfor jernbanestasjonen.
– Har kommunen vore involvert i dette, og har me nokre reguleringar som sikrar at me ikkje gjer dei same feila som er blitt gjort i dei store byane? spurte Aasen Bøe.
– Nytt for meg, sa ordførar Andreas Vollsund (H).
– Eg var heller ikkje klar over det. Eg stiller meg bak at me ikkje ønsker liknande forhold som har oppstått i store byar. Bryne er også ein by, så kanskje er det noko positivt i at dei er komne her, sa kommunedirektør Trygve Apeland.
Kommunedirektøren fekk spørsmålet tysdag ettermiddag og er i ferd med å sjekka kva kommunen skal gjera.
Førespurnad om pilot
Pressesjef Øystein Rikheim Sundelin seier at dei første elsparkesyklane vart sette ut på Bryne på måndag, etter at selskapet hadde kontakta Time kommune.
Han seier at Voi ventar med å setta ut elsparkesyklar i Klepp til etter at dei har hatt møte med kommunen.
Kommunalsjef samfunn i Time, Reid Ivar Bjorland Dahl, avviser at kommunen var i dialog med Voi før selskapet sette ut elsparkesyklane.
– Dei har sendt oss ein e-post med spørsmål om me ville delta i ein pilot, men den har me ikkje gjeve dei tilbakemelding på ennå, svarer Bjorland Dahl på spørsmål frå Jærbladet.
Etter at denne saka vart publisert på jbl.no, presiserer Sundelin at Voi hadde sendt ein førespurnad til kommunen, og forklarer at det tok litt tid å få svar på den.
– Men i dag svarte dei, og sa at dei skal senda oss eit svar. Då tenker eg at me får dialogen på plass.
Bryne til Sandnes
Rett etter møtet, før formannskapet endrar namn til styringsgruppe og arbeider vidare med revisjonen av kommuneplanen, heiv Aasen Bøe seg på sykkelen.
Jærbladet vart med på ein kort sykkeltur, ned til jernbanestasjonen for eit bilde med dei lakserosa elsparkesyklane frå Voi. Turen viste seg å vera fånyttes fordi alle som var der i går, allereie er forsvunne.
Eit kart i Voi-appen røper kor dei er blitt av: Onsdag føremiddag var åtte av dei spreidde rundt på Bryne.
Kartet viser kor Voi tillèt parkering. Sona dekker nesten heile Bryne, med unntak av turområdet rundt Tjødnå og delar av Re/Svertingstad.
Vidare mot nord deler sona seg i smale passasjar langs tre vegar på austsida av Frøylandsvatnet, og strekker seg til soner som dekker Kleppe og Verdalen, Klepp stasjon og Kvernaland.
Elsparkesyklane på Jæren er knytte til Sandnes og Stavanger gjennom ein passasje langs fylkesveg 44, til Ganddal.
– Plutseleg var dei der
På nettsida skriv Voi, under overskrifta Din by, vårt løfte:
«Vi tror på byer der mobilitet er sømløs, bærekraftig og tilgjengelig for alle. Vårt mål er å endre urbane landskap ved å redusere overbelastning, redusere utslipp og forbedre livskvaliteten for alle innbyggere. Gjennom innovative løsninger og sterke partnerskap har vi som mål å gjøre byen din til en modell for moderne mobilitet.»
– Plutseleg var dei der. Me har liksom ikkje tenkt at det var ei moglegheit for at dei skulle koma hit.
Dersom kommunen ikkje greier å regulera elsparkesyklane, trur ho at mange vil enda opp med ei negativ oppfatting av dei.
– Då blir dei eit problem i staden for å vera eit framkomstmiddel.
Personleg føretrekker ho å ta seg fram på sykkel, som ho opplever som tryggare. Men ho seier også at det er ein skilnad på elsparkesyklane som er i privat eige, og på dei som blir leigde ut.
– Det er fleire ulukker med dei, noko som har ein samfunnskostnad. Derfor er det viktig at me som kommune er tidleg ute og skaper trygge rammer, seier Aasen Bøe.
Voi forventar reaksjonar
At kommunane på Jæren vil ønska å regulera elsparkesyklane, slik Sandnes og Stavanger nå gjer, kjem ikkje overraskande på pressesjef Øystein Rikheim Sundelin.
– Me har òg ganske mange sjølvpålagde restriksjonar for å sikra trygg og ansvarleg bruk. Éin ting er at me lagar ei geofencing som styrer kor elsparkesyklane kan brukast og parkerast. Me har også ein del strenge krav til bruken, der brukarane skal gjennom opplæring, og viss dei ikkje tar parkeringsbilde, risikerer dei til slutt å bli kasta ut av systemet.
At det kjem reaksjonar når Voi etablerer seg på ein ny stad, er heller ikkje noko nytt.
– Alltid når me startar opp, er det mange som har innspel på geofencing, utplasseringsstader og slike ting, som me sjølvsagt tar løpande imot.
Kan dekka heile Jæren
Ved sida av Bryne har Ålgård i Gjesdal fått plassert ut elsparkesyklar. Kor stort området blir til slutt, og kor mange elsparkesyklar som kjem, vil bli løpande vurdert.
– Slik me ser det, kan heile Jæren bli eitt stort område, med Nord-Jæren og Stavanger inkludert. Men det kjem an på bruken og etterspurnaden, seier Sundelin.
Ifølge Voi har starten vore lovande, sjølv om inntrykket er basert på få elsparkesyklar.
– Det var opplagt eit umiddelbart ønske om dette, fordi bruken var høg allereie på dag éin. Det vart sett ut åtte–ti stykk på måndag, som vart tatt i bruk med ein gong. Det er vel fordi mange har brukt dei før, i Sandnes og Stavanger.
Talet på elsparkesyklar på Jæren vil bli bestemt av kor mange som brukar tilbodet, seier Sundelin.
– Det kan bli 50-60, eller 100-120. Det kjem heilt an på bruken. Er etterspurnaden der, skal me prøva å dekka han. Men det er klart om det blir mange, må me syta for å ha god kontroll med parkering og utplassering, slik at det ikkje blir til hinder for nokon.